Magasinett

Utskrift

Å søka meining i einsam død

Skrive av Leif Tore Sædberg .

Kristopher Schau

Ideen til Kristopher Schau er original, men fungerer i praksis ikkje heilt slik ein skulle ønska.

 

BokomslagKristopher Schau har gått frå å vera crazy-komikar til ein som på til tider nokså finurleg vis klarer å ta pulsen på mykje av samfunnet vårt.

Radioprogrammet "Et Norge i krig," kunstprosjektet "Forfall" og fjernsynsserien "De syv dødssyndene" var alle vanskelege å setja i bås, og som under blandinga av humor og alvor klarte å kommentera viktige sider ved vår tid og levesett.

Men lett var det ikkje alltid å få auge på kva han vil fram til, og denne undringa ein kan oppleva når ein ser eller høyrer han, er noko av styrken hans. Ein blir tvungen til å tenkja, reflektera, bruka hovudet.

"På vegne av venner" føyer seg difor tilsynelatande naturleg inn i rekka av Schau sine tidlegare prosjekt. Denne gongen har han som formål å delta i og skildra gravferder der den døde ikkje har pårørande som deltar i denne siste stunda deira.

Skulle han nok ein gong klara å få fram denne heilt spesielle stemninga, der ein føler han er inne på noko vesentleg, men at ein ikkje får noko gratis?

Tvetydig bodskap

På sett og vis gjer Kristopher Schau det også i her i sitt siste prosjekt. Noko vil han ha fram. Men kva?

Det er som ved dei tidlegare høva ikkje så lett å få auge på, men denne gongen er det ikkje den pirrande undringa, men ei forstyrrande kjensle over at her er det noko som ikkje fungerer.

Utgangspunktet verkar å vera todelt: For det første deler Schau ei kjensle av det moderne livet og tilveret som noko tomt, dødt, til dels meiningslaust, han må bruka fleire teknikkar for å "holde ut tilværelsen."

Ein artikkel om kommunale gravferder, arrangert av det offentlege fordi den avdøydde ikkje har pårørande som kan ta seg av han, ser ut til å vekkja ei kjensle av gjenkjenning hjå forfattaren:

Dei som døyr i einsemd blir på sett og vis eit bilete på mykje av samfunnet i vår moderne tid, der mange lever og døyr i einsemd: "Var det virkelig sånn? At for noen fortsatte ensomheten selv etter døden? Jeg godtok det ikke."

Det personlege og samfunnsmessige smeltar saman: Schau ønskjer å gi noko til den som er aleine sjølv i døden, samstundes som han vil fylla tomrommet i eige liv ved å oppsøkja desse sterke og kjensleladde situasjonane: "Jeg bryr meg. Jeg gjør det."

Ærlege intensjonar

Eg må ærleg seia at assosiasjonane, diverre får ein vel seia, gjekk til filmen "Fight Club," der hovudpersonen oppsøkjer ymse krisegrupper for personar med livstrugande sjukdommar for å ta del i gråten og smerta, for på eit nokså sjølvsentrert vis å fylla sitt eige tomme liv med sterke kjensler.

Slike skuldingar er likevel urettvise overfor Schaus bok. Forfattaren er heile tida bevisst på at dette ikkje dreier seg om han sjølv, og gir seg sjølv strenge reprimandar dersom tankane går over på sine eigne kjensler.

Han er nervøs, nærast panisk ved den første gravferda, over at det han gjer er noko respektlaust, og skammar seg inderleg dersom han trur at han har forstyrra sørgjeprosessen, at han er "en lang, dustete mediefigur" som ikkje har noko der å gjera. Schaus intensjonar verkar derfor å vera ærlege og edle nok.

Kva er det då som ikkje fungerer? Alt i alt blir boka, essayet, prega av ei vinkling og fokus som etter mi meining ikkje er presist nok.

Teksten blir ei lang nedteikning av dei ulike vitjingane i gravferdene, utan at den gir lesaren noko anna enn at ein får vita kva som skjer og korleis Schau reagerer på dei.

Påtrengande kjensler

Han synest situasjonane og tilfella er triste, og det er strengt tatt ikkje så oppsiktsvekkjande, for å vera litt lett kynisk. Kjenslene hans er ærlege nok, men slik dei blir skildra blir dei på sett og vis overflødige og til dels påtrengande.

Ein får lyst til å minna om det gamle journalistiske rådet "Show, don’t tell." Her kan ein trekkja fram Bernt Jakob Oksnes’ suverene reportasje "Den usynlige" frå Dagbladet Magasinet (som kan lesast her: http://www.dagbladet.no/2010/01/26/magasinet/ensomhet/familie/dod/10105099/).

Den omhandlar mykje av det same emnet, men evnar å få fram lagnaden til den døde på ein særs gripande måte, utan (og truleg på grunn av) at forfattaren seier noko som helst om kva han føler.

Kanskje er det rett og slett formatet som er feil, kanskje skulle dette heller blitt eit tv-program eller –serie, sjangrar Schau meistrar på ein til dels suveren måte.

Anne-Kat. Hærland har opplevd vanskane i større grad: Den frekke, munnrappe stilen hennar blei masete og til dels plump i skriftleg form.

Så gale er det ikkje i Kristopher Schaus tilfelle. Ein mann av hans kaliber kan fort også bli ein dugande skribent, og denne meldar ser gjerne at det kjem fleire bøker frå han i framtida.