Magasinett

Utskrift

Sjå tenåringen!

Skrive av Elin Moen Karlsen .

gut

"Autonom" av Martin Nygaard er ei bok for dei som sjølv er i tenåra, dei som ein gong har vore i tenåra og dei som ønskjer å forstå korleis det er å vere i tenåra.

BokomslagEg visste at eg nok kunne forvente meg nokre intense skildringar om ein tenårings kåtskap då eg begynte å lese "Autonom" av Martin Nygaard, men eg blei likevel litt overraska av råskapen i det heile.

Utover i boka kjennast det framleis litt sveitt og for tett, men det er som om eg får meg ei lita aha-oppleving etter kvart.

Visst hugsar eg kor frustrerande og opprivande dei første tenåra var, sjølv om det ikkje kjennast likt for alle, og sjølv om eg trur det er litt forskjell på kjønna også i denne alderen, men stakkars Laurits, han har det hakket verre enn eg hadde det på hans alder.

Eg var lenge usikker på om eg skulle føle meg støytt av all denne råskapen og kåtskapen, men etter ei stund forsvann liksom dette litt i bakgrunnen. For bak alt dette står usikre Laurits, midt mellom barn og vaksen, med eit intenst ønske om å bli vaksen, men utan styrken til å takle den brutale vaksenverda.

Sjølv er eg oppvaksen i ei trygg verd, både heime i familien, spart for mykje sorg og ulukke, og på ein liten stad, langt vekke frå dei verste freistingane i storbyen. Derfor blir det så tydeleg for meg kor vanskeleg det er for Laurits. At han også har ei eiga evne til å havne i trøbbel, kan vi heller ikkje gå forbi, stakkars gut.

Det han eigentleg ønskjer er å bli sett og elska av foreldra, synest eg det skin gjennom. Det ikkje bare skin gjennom, det skrik frå sidene. Med tre yngre sysken er ikkje dette så lett.

Han går i den klassiske fella. Han gjer ting som i samfunnet si oppfatning er å gå langt over streken, både når det gjeld kva som blir sett på som kriminelt og som akseptert oppførsel.

Han skamklypper håret og går i kappe, brenn opp marsvinet sitt, han går barbeint og kler seg som ein hippie, han flettar håret. Dette er bare noko av det han gjer i rein og skjær desperasjon i jakta på merksemd.

Midt i all denne desperasjonen, får han ei ny veslesyster. Ei veslesyster som skrik frå ho kjem til verda og heile resten av det vesle livet ho får leve. Dette riv heile familien i fillebitar. Når då vesle Micra døyr, går det heile i oppløysing for ingen veit korleis dei skal takle sorga og skuldkjensla.

Det er likevel litt lukke innimellom alt det tragiske på dei 320 sidene. Laurits mistar endeleg møydommen, som han har jobba så hardt for å bli kvitt, kameraten Jonny det same, i tillegg til at han kjem seg opp frå rullestolen, og…, nei, nå må eg ikkje røpe meir.

"Autonom" er ei historie verd å lese for deg som sjølv er i dei frustrerte tenåra, til deg som ein gong har vore i tenåra og også til deg som ønskjer å forstå tenåringane.

Så får du heller tåle litt brutal råskap og ærleg kåtskap. Eller var det omvendt? Ærleg råskap og …? La det stå til, og ikkje la deg skremme bort for tidleg, for det er ein bodskap der ein eller annan stad; sjå tenåringen!

Heilt til slutt må eg seie til dykk som ikkje har høyrt om Laurits før. Martin Nygaard har skrive to bøker før om denne pubertale antihelten, så kanskje det kan vere lurt å begynne med den første for å få med seg heilskapen.