Magasinett

Utskrift

Intens dialog

Skrive av Judith Sørhus Litlehamar .

Cecilia Hansson og Inger Bråtveit

Det står respekt av å kaste seg ut i noko nytt. Eit prosjekt. Ein dialog om kjærleik, seksuallivet og kjenslene våre. Det står respekt av Inger Bråtveit og Cecilia Hansson si dialog-poetiske undersøking; Loveprosjekt.

Sjølve boka skrik ikkje ut. Den er uskuldsrein og kvit på omslaget. Nesten anonym, berre ei enkel line tekst avslører kven som har skrive diktsamlinga og kva den heiter.

Dei små strofene på kvar side har også noko enkelt over seg, nesten som om dei er plasserte litt tilfeldig rundt om kring på sidene. Men det er dei ikkje.

Dette er derimot ein velregissert dialog mellom to kraftfulle og tydelege poetiske stemmer. Vekslande mellom nynorsk og svensk, på ein imponerande naturleg måte. Stemmene vekslar raskt og på ein slik måte av lesaren ikkje stussar over at teksten byr både på jag og eg om einannan. Men det gir liv og ei nerve at språket er så variert og frodig.

Tittelen gir også mange assosiasjonar. Det er nesten som noko ein tenåring kan ha skrive, med eit rosa hjarte rundt. Det engelske ordet love er både oppbrukt og ein klisje. Og ikkje minst difor blir det her ein sterk kontrast til det ekte og det nakne i teksten.

Dialogen er tett, nær og pulserande. Den er full av liv og ekte kjensler, somme gonger er den til og med både rå og intens. Og Bråtveit og Hansson klarer å balansere teksten mellom klisjeane slik at den unngår å bli likegyldig. Dialogen og teksten lovar å ta kjærleiken på alvor, og det klarer den.

I byrjinga av boka blir det også lansert nokre påstandar om kjærleiken som står som eit manifest:

För att älska krävs ett öppet hjärta.

Kärleiken består av muskler, tårar, svett och sand.

Det största: att ge upp sig själv.