Magasinett

Utskrift

Språksikker debutant

Skrive av Mette Karlsvik .

Bokomslag

Revhaug er språksikker, vittig, skarp og virkar å ha kontroll over dei litterære virkemidla sine. Debutboka hennar er på mange måtar fullstendig, meiner Magasinett sin meldar om IRL.

Bokomslag2

Bok: IRL Forfattar: Rannveig Revhaug Forlag: Flamme Forlag, 2010

Ei Ung Kvinne blir eit Tetris-spel. Livet hennar får operom som ho fyller med brikkar i sterke fargar.

EI UNG KVINNE

Hei du

Du med boka

Kva gjer du for å fylle tida di?

BOKMELDAREN

Eg les "IRL" av Rannveig Revhaug

EI UNG KVINNE

"IRL"?

BOKMELDAREN

In Real Life

Det er dataspråk for "Ikkje på data, men i verda".

Ein skriv, sånn, Eg møtte han "IRL".

EI UNG KVINNE

Ah, Ai Ar Ell,

Det er Flammeboka! Den er sikkert intellektuell, spesiell?

DEN TRAUSTE BOKMELDAREN

"IRL" er eit kunstverk, kor alt er på stell

Manus har få tomrom

Er ei heil form

Men..

EI UNG KVINNE

Men..

... det er noe som manglar?

Ein x-faktor?

DEN TRAUSTE BOKMELDAREN

?

EI UNG KVINNE

X-faktor som i X-factor, TV-serien:

Serien begynte i Storbritania

No har mange andre land fått sin utgåve av "X-factor". Ungarn er det siste, som begynner visningar i haust.

Serien er eit slags talentforum, som tar utgangspunkt i at "X-faktor" er ein vanskeleg identifiserbart personlegdomstrekk, det som gjer noen særskilt, men som er vanskeleg å skildre

Det deriverer frå det matematiske "X", som er ein variabel av i utgangspunktet ukjent storleik

X-factor kan også referere til songen av Lauryn Hill, eit amerikansk brytelag og ei plate av Iron Maiden

Den trauste bokmeldaren sett fingeren for munnen, hysjar, og gir Jenta ein nøkkel. Jenta stikk nøkkelen sin inn i eit ope rom, og vrir rundt.

1. Intro

Dét som du nettopp las, er ikkje sitat frå "IRL", men bokmeldaren sitt forsøk på å herme boka. Det liknar bare overfladisk. Difor skal eg, som er bokmeldaren, prøve å skildra boka med vanleg, løpande tekst:

Forfattar Rannveig Revhaug er fødd til bydelen 0550 OSLO i 1980. Dette kullet frå 0550 OSLO tente omkring 200 000 kroner i gjennomsnitt i 2008. Revhaug tente 75 kroner då, er utdanna tekstforfattar frå Westerdahls Reklameskole og er frontfigur i Eurodance-bandet Knips. Knips har videoar på utube. Den eine videoen nærmar seg 200 000 visninger.

Oppsettet i "IRL" liknar filmmanus. Dramaoppsettet skapar distanse og forsøksvis objektivitet. Eg les det som ein punktroman, som brukar dramaforma som virkemiddel.

No skal eg sjå på plottet i boka, og prøve å skildre det som hever dette frå manus, til ei god bok av ein språksikker debutant.

2. Plot

"Den Unge Damen" speler dataspel. Ho går på kafé, på butikken og til jobb, som også er ein butikk. Ho får ein hund, og sluttar i jobben, reiser til Russland, og kjem heim att. Ho tar taxi til pub og casino, og har sex med tilfeldige menn.

Ho refererar til Donkey Kong, Pac-Man, Monkey Island og andre dataspel, TV-seriar og andre mediale plattformar som Revhaug hentar referansar frå. Desse er med på å bygge universet rundt "Den Unge Damen":

3. Stemmene

"Den Unge Damen" har samtaler med andre damer, menn, tolkar, trøystespisande kvinner, rektorar, framande folk på internett og ein vanleg person. Mellom andre. Replikkane minner meg noen gonger om Sarah Kane, eller Maria Tryti Vennerød:

Henge, denge! Krenge, fenge! Senge, lenge! Gi meg alle dine penge! Skylder meg en cola, tatt! Tatt!

No og då synes eg å høyre Erlend Loe sin stemme. Hal Sirovic, i omsetting av Erlend Loe, er no og då å finne i stemma til "Den sårbare, gamle mannen". Denne mannen og "Forbrukarombodet" fyller kvar sine opplysningsrollar. Den første er ein far. Den andre ein folkeopplysar: "Er endelig svar avgitt?" Laurdagskveldar, NRK, Kvitt eller Dobbelt. Dei er trygge, ryddige og tydelege stemmer i computer-kaoset.

4. Kva som gjer boka til god litteratur

Noen sider er dikt, og andre handlingsreferat. I dikta kjem vi nesten inn på fortellaren. Men så blir stilen igjen dramatisk og distansert. Denne vekslinga bidrar til å viske ut grensene mellom real life og data. Her er noen fleire ting som er med på å gjere grensene diffuse:

4.1. "Den Unge Mannen" gjer kjøreturen til jobben til bilspel. "Den Unge Damen" tar med seg dataspelet pipeline ut "IRL". Ho trur ho høyrer det renne i røyr, og må tisse.

4.2. Revhaug får inn mange kuriøse fakta. Blir det for meir informasjon enn ein kan handtere, med tankane, kan det virke framandgjerande. I "IRL" får informasjonene andlet, i form av dei karakterane som gir informasjonen. Eit døme (min skråstilling):

FORBRUKEROMBUD:

(Sukker oppgitt) En misvisning, også kalt magnetisk deklinasjon, er vinkelen mellom kompassnålens retning og den geografiske nord-sør-retningen.

EI UNG KVINNE:

Jaha. Hva har det med meg å gjøre?

FORBRUKEROMBUD:

Som tidligere nevnt: absolutt ingenting. Jordens magnetiske nordpol ligger på ca. 82-83° nord, faktisk ved Ellef Rignes øy i Canada. Den flytter seg for tiden mot nordvest ca. 40 km i året; mens sydpolen ligger på ca. 66° sør, på Adélie-kysten av Antarktis sør for Australia. Den flytter seg 13 km pr. år mot sørvest. Slik berøres du likevel direkte, uten at vi trenger å gå nærmere inn på det.

5. Kvifor eg synes at "IRL" har poetiske kvalitetar.

Ein annan litteraturkritikar, Umberto Eco, meiner at objektive informasjonar er poesi. Jo meir informasjon, og jo mindre ordna informasjonen er, jo meir poetisk blir teksten. Det opne er poetisk. Revhaug legg tilsynelatande få styringer på lesaren. Fortellaren er "skjult". Ein forfattar kan aldri skjule seg heilt. Ein avslører alltid noe om seg sjølv. Her kjem eit døme: (Linjeskift og plassering av ord og teikn er ikkje identiske med den i boka):

Tetris mot traumer

Og

slik

rydder

den unge damen

bedre plass

til selve livet,

hun føler

straks at hun får en

slags

omstart

Tetris er ein liten og spesifikk ting som får store konnotasjonar. Det store og det vesle blandar seg også i denne teksten:

OFTE STILTE SPØRSMÅL:

(...) Har du søkt på jobber? Fått noen av dem? Kommet inn på skole? Hvem spiller du på lag med, hva skal du til høsten, hvilken mennesketype er du? Har du sovet godt? Er du interessant? (...) Vil du ha kvittering? Hva er din mentale alder? Er du lei av flekker på klærne, som ikke går av i vask? (...)

Eg les dette som ei vending mot lesaren, som kontaktsøking og drømmar om kjærleik og fellesskap. Lengt, framandgjering og aleineangst. Dét har eg lese om før, i "Vi har så korte armar" av Olaug Nilssen, "alle_forteller_meg_hvor_bra_jeg_ (...)" av Audun Mortensen, osv. Men det er takter av noe anna her, noe meir vågalt og annleis. På side ni, seier "Den Unge Damen": "Jeg vil bli mor". "Den Unge Kvinnen" vil fylle tomrommet i seg sjølv, bokstaveleg tala. Slike fråsegn er noen av alle brikkane som til saman dannar det heile, tette bildet av "IRL". Bildet er ein haug. Den har ein topp, kor alt bygger seg opp:

6. Om å bygge seg opp, og opp:

"IRL" er ikkje eit portrett av ei fragmentert verd. Som sjølvaste Ibsen, samlar Revhaug trådane sine i dei siste scenene. "Den Unge Mannen" blir saman med "Den unge damen". Ho lar alle karakterar og medverkande komme saman i ei grand finale. Før "Rulleteksten" møter ho om att folk som blir nemnte i begynninga av teksten. Det viser seg at dei også har møtt kvarandre. I "finalen" til slutt møter ho også deg. Eventuelt så møter du deg sjølv - i ho.

Eg synes at "IRL" er vellykka på sine eigne premiss. Dramaformen er direkte, og tar meg ofte rett dit kor det brenn. Teksten er skrive i eit sobert språk. Men den blir lada av lesaren sine kjensler. Dramaoppsett er reinska for "støy" (Roland Barthes). Den manglar tomme eller irrelevante tekstar. Alt blir viktig. Kvart ord står ut, står fram og virkar betydeleg. På noen måtar er det også slik i "IRL":

Revhaug er språksikker, vittig, skarp og virkar å ha kontroll over dei litterære virkemidla sine. Som sagt er boka hennar på mange måtar fullstendig. Men i neste bok, håpar eg at ho vel seg ei anna historie, eit anne konsept, eller ein annan og meir amibisiøs idé. Ho skal gjere boka heil og fullstendig då også. Men fordi ambisjonsnivået er høgare, skal det bli ei enno betre bok. Det klarar ho. Det er grenser for kor lenge eg orkar å følgje ein protagonist som har som prosjekt å avsløre at "Tipp og Tobakk"-kiosken er ein butikk. For å seie det med oslobandet Harrys Gym: This kind of love doesn't take you anywhere else but here.

Om "IRL" var ein låt i iTunes-biblioteket mitt, så kunne eg ha gitt den opp til fem stjernar. Eg vil ikkje gi stjernar, og skal ikkje felle noen dom over denne boka. Men om noen spør meg om eg anbefalar den, så vil eg seie ja. Eg vil gjerne ha boka i bokhylla mi, og ta den fram no og då og lese små og store gullkorn, som når "Den Unge Damen" blir dressert til å dressere en hund:

Vær så god

DEN SÅRBARE, GAMLE MANNEN:

Her. Du må gi den riktig mat. Den må gå tur hver dag. Av og til må den tre av på naturens vegne, og da må du ta den med ut i parken. Du må plukke opp etter den så andre ikke tråkker i det. Du må passe på så den ikke biter barn. Du må dressere den til ikke å bjeffe. Du må alltid ha et bånd når du er ute. Du må gi den et kort navn. Navnet må helst begynne på en konsonant, og slutte på en vokal. Tina, Toya og Tinka er fornuftige hundenavn. Og du kan absolutt ikke la den gjøre som den vil i leiligheten.

(...)