Magasinett

Utskrift

Ujamt om dataspel, vald og moral

Skrive av Leif Tore Sædberg .

Gerard Butler

Gamer er ein original idé, men gjennomføringa manglar ein del for at den skal bli hugsa lenge.

FilmomslagI ei nær framtid har dataspela tatt eit langt steg i utviklinga, og du som er spelar (”gamer”) styrer ikkje lenger ein virtuell hovudperson i ei dataanimert verd, men eit menneske av kjøt og blod i verkelege omgjevnader. Enkelte betaler for å spela, andre for å bli styrte, dei sistnemnde ofte fordi dei er fattige eller kan bli frigitt frå fengsel dersom dei gjer det bra nok. Gjennom ei slags elektronisk brikke som blir sett inn i hjernen til deltakarane blir det mogleg å kontrollera dei fullstendig. Dette er utgangspunktet for action- og science fiction-filmen Gamer.

Hovudpersonen Kable sit i fengsel for drap, men gjennom å delta i skytespelet Slayers har han moglegheit for å sleppa fri. Spelet er nokså likt skyte- og simulatorspela på dagens Playstation eller Xbox, men med ein viktig skilnad: Figurane i spelet er verkelege menneske som drep eller blir drepne gjennom valdsame kampar med automatgevær. Spelarane som styrer Kable og dei andre må betala store pengesummar for å vera med, og kampane blir sett av millionar av begeistra fjernsynssjåarar verda over.

Kable må overleva 30 slike kampar for å bli sleppt fri, og han er bare tre frå å klara det. Kona hans, Angie, har overtatt ansvaret for dottera gjennom å bestikka barnevernet, og hovudmotivasjonen hans for å klara seg i spelet er å få henne tilbake. Samstundes har Kable opplysningar om det særs kyniske selskapet som står bak Slayers, Telnet, som kan være svært uheldige for dei.

Første del av filmen gir eit bilete av ei framtidsverd som ikkje er mykje å trakta etter. Inne i Slayers er valdsbruken og brutaliteten ekstrem, og utanfor sit sjåarane og siklar over orgiane i drap og blod. Filmen kan her lett sjåast som ein form for kommentar til det store forbruket av vald som me som sjåarar eller spelarar også i nåtida får med oss. Eit lite poeng i den samanhengen er at filmen trass sine mange detaljerte skildringar av drap og død berre har fått 15-årsgrense. Det er med andre ord grei skuring at norske konfirmantar ser folk blir skotne i filler eller brent til døde. Ja ja, det var moralpreika.

Kontrasten mellom massakrane inne i spelet og jubelen framføre storskjermane utanfor skapar naturleg nok ein form for beisk kritikk mot dagens mediesamfunn. Til tider er filmen prega av svart humor, medan den andre gonger berre er svart, altså svært pessimistisk på vegner av menneska og mangelen på moral dei viser.

Denne forma for samfunnskritikk gjennom mellom anna ein grim humor er ei av dei sterke sidene ved filmen. Ei anna er korleis scenane er filma. Dataspelsekvensane er prega av svært rask klipping og kameraføring, noko som gir ein liknande utsjånad som mange av dagens dataspel.

Hovudinnvendinga mot filmen er sjølve handlinga, som blir svært føreseieleg. Tidleg i filmen veit ein korleis dette kjem til å enda, og det kjem heller ingen overraskingar på slutten. Gamer er på bare 80 minutt, men ein føler likevel at den ikkje burde ha vore eitt minutt lenger. Filmen har eit godt utgangspunkt, men kunne vore mykje meir enn den faktisk har blitt.

Desse skodespelarane er med i Gamer: Gerard Butler, Amber Valletta, Michael C. Hall, Kyra Sedgwick.