Magasinett

Utskrift

Ei grufull oppleving

Skrive av Leif Tore Sædberg .

Snarveien

"Snarveien" er fæl å sjå på, men ikkje fordi den er spesielt skummel.

FilmomslagNorsk film har opplevd ei stor auke i både mengd og kvalitet dei siste 10-15 åra. I dei fleste sjangrane har det kome produksjonar som er verd å ta fram, sjåast igjen og minnast i lang tid etter premieren. Grøssarane er ikkje noko unntak i denne samanhengen. Ein må ikkje lenger gå attende til 1958 og De dødes tjern for å finna døme på vellykka norske grøss.

Likevel har nok filmane innanfor skrekk og gru i Noreg vore dei som har sprika mest i kvalitet. Ein har fått oppleva fine ting som Naboer og Villmark, men også, etter mi meining, keisame og føreseielege verk som Fritt vilt og Rovdyr. Snarveien føyer seg dessverre inn blant dei to sistnemnde.

Sjølvsagt kan ein visa til det evige, og til ein viss grad nokså gode, argumentet om at smak og behag styrer mykje av kva ein synst er bra eller dårleg. Likevel finst det poeng i forhold til kvalitet som ikkje er til å koma forbi uansett smak. Til dømes at mange skrekkfilmar, "Snarveien" inkludert, nyttar seg av så mange utbrukte klisjear og verkemiddel at ein ikkje grøsser, men geispar.

Sjølve historia i denne norske gysaren er eit døme på det: Ungdom frå byen reiser ut på landsbygda der dei treff sære bygdefolk med eit vondt og gale glimt i auget, og skumle (i alle fall for rollefigurane) ting tar til å skje. Amerikanarane laga slikt på 70-talet og utover før dei til slutt gjekk leie. Her heime er me tydelegvis ikkje ferdige ennå. Regissør Severin Eskeland har uttalt at han er ein stor fan av denne filmtradisjonen, og det merker ein. Men han klarer ikkje tilføra noko nytt, det blir ikkje meir enn ein kopi av gamle dagar.

Manusskrivarane har lagt inn eit moderne, aktuelt element gjennom at vondskapen som føregår blir lagt ut på nettet. For personane i filmen er dette det minste problemet i forhold til kva dei opplever, men for sjåaren gir det ein viss effekt ved at skurkane si verksemd blir endå meir guffen og pervers. Slik sett er dette grepet vellykka. Det skal dei ha.

Utgangspunktet for handlinga er at eit ungt, norsk par skal kryssa grensa mot Sverige for å handla og smugla billeg brennevin til bryllaupet til bestevenen. Shoppinga går vel og bra, men på tilbakevegen tar problema til. For å unngå tollarane tar dei ei gammal smuglarrute gjennom Finnskogen. Plutseleg punkterer bildekket, og det viser seg at nokon har lagt ut ei heimelaga spikarmatte. Akkurat då er mobilen tom for batteri …

Eg vil tru lesaren nå har ei formeining om kva som nokolunde kjem til å skje vidare, og meir skal ikkje røpast her.

Personane som paret i filmen møter er ikkje av det mest truverdige slaget. Dei blir jamt over skildra som ein gjeng bygdetullingar som har utvikla dumskapen sin i ein vondsinna retning. Både dei og heltane våre har i tillegg det irriterande særtrekket at dei blir slått ned, ligg uvita nokre minutt, blir slått ned igjen, vaknar opp igjen og så vidare. Det blir noko slitsamt i lengda.

Sjølve handlinga byr ikkje på dei store overraskingane. Enkelt vendepunkt finst rett nok, men ikkje meir enn ein må kunna forlanga. Filmen er bare ein dryg time lang, men det kjennest ikkje ut som om den burde vore eit minutt lengre. Avslutninga er også lik dei gamle, amerikanske b-filmane: Den ebbar ut utan at ein har fått noko form for forklaring eller motivasjon for hendingane.

Me har sett dette før. Mange gonger. Og mykje betre.

I rollene i "Snarveien" finn me Sondre Krogtoft Larsen, Marte G. Christensen, Mikkel Gaup, Jeppe Beck Laursen, Jens Hultén, Johan Hedenber og Knut Walle.