Magasinett

Utskrift

Rå språkmusikk

Skrive av Anita Svendheim .

Dan Turell

Dan Turèll skriv rått, kaldt og ekte, meiner vår meldar etter å ha lese "Drit i døden, her er Dan Turèll".

Eigentleg tenkjer eg aldri

Eg veit det er mange som gjer det
Sjølv nokre av mine beste vener ”tenkjer”

Eg ynskjer dei hell og lukke med det

Eg kjenner også nokon som spelar tennis

- Frå Drit i døden, her er Dan Turèll; side 96

BokomslagPoesi som ikkje er stappa full av metaforar og overdriven mystikk? Poesi fri for ekstravagante symbol og overdådig viktigheit? Poesi utan ekstreme framandord og ambisjonsrik prat? Drit i døden, her er Dan Turèll er ei bok utanom det vanlege.

Dan Turèll er ein av Danmark sine mest kjende forfattarar med over 70 utgjevingar bak seg, deriblant alt frå musikk og poesi til essay og kriminalromanar. Drit i døden, her er Dan Turèll inneheld eit breitt utval av hans allsidige forfattarskap. Tekstane er prega av hans musikalske interesse med rytmar og musikk som kjem fram mellom orda når ein les. Dette, i tilegg til hans uskulerte, originale og enkle ordval, har gjort Turèll godt likt hjå litteraturinteresserte ungdommar i Danmark. Likevel har forfattaren framleis tilgode å slå like godt gjennom i Noreg.

Blant cowboyar, hallusinerte setningsslangar og gule lys tar Turèll opp såre tema som einsemd og tomheit. København, som var kvar han haldt til, spelar ei viktig rolle i tekstane hans. Med eit romantisert blikk skildrar han dei små historiene som gøymer seg i storbyen.

Drit i døden, her er Dan Turèll er på ingen måte koseleg lesing med jazz, narkotika, storbyen og zen som gjennomgåande tema. Likevel er det ei flott lesaroppleving på grunn av hans direkte måte å skildre på. Turèll pyntar ikkje på sanninga eller skapar pompøse illusjonar om sitt liv for lesarane som mange andre diktarar. Tekstane er rå, kalde og ekte. Når ein les boka får ein difor ei spesiell tiltru til forfattaren.

Dette er ei bok ein kan lese mange gonger, og alltid få nye inntrykk og tankar. Den egner seg for ungdom og vaksne som ikkje er redde for å høyre historier tatt rett frå fortauskanten. Dersom ein som ungdom allereie er tatt av lesargleda og er klar for nye inntrykk er denne boka perfekt for deg.