Magasinett

Utskrift

Poetisk og dansande vakkert

Skrive av Elin Moen Karlsen .

Torvald Sund

Då eg las ”Dans stille før stormen” blei eg som Julie eitt med ørna, sjarken og fiskaren Runar. Fanga i eit oppkava hav og frådande bølgjer. I livets brutale dans for overleving.

BokomslagEg er ikkje spesielt interessert i dans. Eg er glad i ord og bøker. Det gjorde at å lese Dans stille før stormen blei ei varmande oppleving.

Torvald Sund har eit språk som flyt av garde som den mildaste vind, medan det andre gongar bles mot deg i brutal orkan. Du kan ikkje la vere å bli medriven.

Heile boka er som eit einaste langt, stort dikt. Misforstå meg ikkje, det er ikkje nokre krampaktige enderim eller klisjetunge skildringar, det er bare vakre ord som driv deg vidare framover.

Ikkje bare er det vakkert – det er spennande også. Vil Runar drukne før Julie finn hjelp? Vil ho sjølv overleve?

Innimellom all dramatikken får du brokkar av historia til desse to unge sjelene. Vevd inn som trådar i eit mjukt teppe. Nokre andre eldre sjelar si livshistorie får du også vite litt om.

Sjølv om språket er poetisk, er det også enkelt. Det er ikkje mange og lange framandord, det er bare gode, norske, enkle ord. Ikkje er boka særleg lang heller.

Ho passar perfekt på ein regnfull og blæsande dag som i dag. Då er det nesten som om du kjenner saltsmaken frå det frådande havet på dine eigne lepper når du høyrer vinden stryke rundt hushjørnet utanfor sofakroken og teppet ditt.

Eg sluttar av med eit illustrerande sitat frå boka:

”Ho kom flygande over det stormande havet, rett mot sjarken hans. I denne augneblinken stod tida stille, alt var så vakkert og uverkelig, Johan Kvaløy stod her og levde, enda tida var daud, alt opphørte fordi han såg eit menneske som var ei svane, og det hadde han aldri sett før.”

Torvald Sund har skrive fleire ungdomsromanar sidan debuten i 1979. Den første var ”Haustsommar i reinfjellet” (1979), så kom ”Du klarer det, Næjla” (1982) og ”Grensejegerar” (1987, 1989). I tillegg har han skrive ei rekkje bøker og teaterstykke for barn, unge og vaksne.