Magasinett

Utskrift

Rått og usminka

Skrive av Judith Sørhus Litlehamar .

Mann

Terje Torkildsen klarer å skape ei realistisk, rå og usminka verd i Dystopia II, men handlinga i denne andre boka i serien stoppar likevel litt opp, meiner vår meldar.

BokomslagDette er andre boka om dei seks ungdommane frå Stavanger som vart ramma av ei kjempebølgje på ein skuletur i England. Året er 2014 og gjengen som no er blitt til fem er komne fram til Cornwall der dei må overleve på det dei fangar i naturen. Boka er både dyster og optimistisk på same tida. Det store spørsmålet er: Klarer dei å kome seg vekk i tide?

Nett som første boka i serien er dette ei spanande og drivande historie som fangar lesaren. Torkildsen klarer å skape ein realitstisk, rå og usminka verden. Me trur på historia som blir levert av gode replikkar og realistiske skildringar. Og språket er nett som i første boka; både direkte, rått og somme gonger nesten på kanten. Dette er eit språk som grip deg, skremer deg og held deg på vakt gjennom lesinga. Og eit språk som truleg passar best for dei som er blitt tenåringar.

Likevel stoppar forteljinga noko meir opp i denne boka samanlikna med den førre. Kampen for å kome seg levande frå Cornwall er godt skildra, men kan til tider bli litt langdryg. Scott, som er den dei andre stoler mest på, prøver å få ein seglbåt på vatnet, medan dei andre let seg lokke av ein rik nabo som lokkar med gull og grøne skogar.

Til slutt skal det vise seg at det ikkje var noko lurt, og at det er særs få ein eigentleg kan stole på. Sjølv om spenninga er til å ta og føle på gjennom heile historia, blir handlinga kanskje litt enkel og forutsigbar somme plasser.

Likevel: Torkildsen klarer kunsten å skape ei god handling i eit kort tidsrom. Han skriv modig, reint og usminka. Det gir oss ei historie me trur på, og ei historie me gjerne vil fylgje vidare i firebokserien.

Me vil gjerne vite om ungdommane kjem seg heim? Korleis det vil gå med kjærasteparet Victor og Kristine, og korleis det går når båten held på å synke i Antwerpen i Belgia?