Magasinett

Utskrift

Kampsongar

Skrive av Live K. Torvund .

Joy Harjo

Du kan ikkje øydeleggja ein song sjølv om du kan få eit folk til å gløyma, skriv poeten og musikaren Joy Harjo. Kanskje kan dikta hennar hjelpa oss å hugsa?

BokomslagNokre gongar kan ein kjenna seg åleine i verda, i verdsrommet. Som var ein sjølv ein planet som svevde i ein bane med tomrom på alle kantar. Ein kan kjenna seg lausrive frå alt anna, kan hende sterk i seg sjølv, kan hende svak. Heilt åleine, kankskje også heilt einsam. Det finst ein styrke i det å vera lausriven, då er ein også uavhengig. Men denne kjensla er ikkje den einaste måten å oppleva seg sjølv i verda. Andre gongar kan ein også kjenna seg nært samanbunde med alt anna som finst: menneska, trea, skyene, sjøane, graset og kloden.

I Joy Harjo sine dikt opplever eg at båe desse kjenslene får lov å eksistera side om side slik dei også kan gjera i liva våre. Samstundes som Joy Harjo skriv i rørsla mellom desse to grunnleggjande kjenslene skriv ho også i og frå ei særskild historie. Joy Harjo er Muscogee-indianar, og den lagnaden som urfolka i Nord-Amerika opplevde er difor også hennar eigen lagnad. Hennar dikt ber fram ei sorg over det levesettet, den kulturen, dei folka som har blitt øydelagde då det kom innvandrarar frå Europa og brutalt okkuperte og overtok landet. Kanskje har også denne kjensla av å kjenna seg samanbunde med verda blitt utilgjengeleg for mange då den gamle kulturen nærast blei utrydda.

Joy Harjo opprettar kontakt med det som har blitt øydelagd og forsøker å finna vegar å gå vidare på der ein tek med seg noko av det som har forsvunne og samstundes skapar noko heilt anna som aldri før har vore til. Som det heiter i tittelen til eit av dikta: For me hugsar kva som hende og må fortelja det igjen slik at me kan leva. Ho fortel for å gi språk til sorga, men også for å fortsetja kampen. Kampen for ein måte å fortsetja på, kampen mot den fortsatte undertrykinga av det amerikanske urfolket. Kampen for å finna ein måte å leva som ein del av verda. Med hennar eigne ord:

Eg er minne som lever

                        ikkje berre eit namn

men ein innvikla del

av eit nett av rørsle

eg meiner: jord, himmel, stjerner sviv

rundt hjarta

 

                        sentrifugalt.