Magasinett

Utskrift

Bok: Svarte vinger

.

”Noen ganger er det like vanskelig å spille som å leve.”

Lise Knudsen er ein erfaren barne- og ungdomsforfattar, mellom anna kjent for bøkene om Maria – snart skolejente. Svarte vinger er ei utgiving regna på eit eldre ungdomspublikum, og handlar om nitten år gamle Dea som snart er ferdig med siste engelskeksamen, og da med tre år på vidaregåande skule. Likevel er det ikkje eksamen som opptar Dea dag og natt. For ho er det berre plass for musikken. Dea spelar piano og ho drøymer om å bli konsertpianist og leve av musikken.

Gjennom boka Svarte vinger fylgjer vi Dea dag for dag gjennom siste veka før ho skal spele på ein stor tv-send konsert saman med andre unge musikarhåp. Dea ser konsertprestasjonen som avgjerande for om ho skal ta kampen med å satse på musikken og draumen, eller om ho skal vere fornuftig og satse på ei anna utdanning som vil gje ei sikrare økonomisk framtid. For ho veit at kampen om å oppfylle draumen vil bli ein tøff kamp på mange plan. Ho har allereie problem med å få aksept frå familien for å bruke så mykje tid på øving når det finst viktigare ting å gjere. Særleg får ho høyre det frå mora, sjølv om ho jobbar på Glasværket kor den store konserten skal vere; ”Må du øve nå Dea? (...) Du kan det så fint allerede!”

Dea veit at valet om å bli musikar vil bli hardt å svelgje for familien. Dei ser helst at ho utdannar seg til å bli lege. Alt anna ei ung kvinne normalt er oppteken av må også til dels vike for musikken for Dea. Ho har mista mykje av kontakten med bestevenninna Ragnhild, og Ragnhild er for det meste saman med kjærasten sin. Dea sitt kjærleiksliv er noko mindre innhaldsrik, førre forelskinga gav seg fort og kjærasten forsvann, for musikken blei for viktig. Musikken kan fylje Dea med ei slik kraft at ho gløymer alt anna, og det kjenst som ho berre eksisterer gjennom den. Men ikkje eingong musikken kan skyve unna kjenslene ho kjenner vekse for Henrik – guten som spelar fiolin og som ho ofte opptrer saman med, eller dragninga mot den nye tilsatte med dei djupe auga på mora sin arbeidsplass.

Presset frå alle kantar, og ikkje minst frå seg sjølv, gjer Dea svimmel. Ho lengtar etter å berre kunne sleppe alt og falle, og tankane vandrar ofte. Men tida for konserten nærmar seg med stormskritt, og ho må halde ut nervøsiteten, tvilen på seg sjølv og uroa for framtida. Då hjelp det å ha støtte i pianolæraren Aino, som ein gong var ein stor konsertpianist, og som har trua på at Dea kan bli det same. Når den store dagen kjem er det på tide å utelate alt anna enn musikken, og vise heile verda at Aino har rett.

Lise Knudsen viser med historia Svarte vinger at ho har stor kunnskap om musikk som kunstuttrykk og musikarar som kunstnarar. Ho beskriv på ein levande måte korleis musikken lev i Dea, og får fram kor sterkt ønskje om også å leve av musikken er for den unge jenta. Spenningane mellom dei ulike partane i Dea sitt liv kjem godt fram, særskilt kjenslene ho har til foreldra. Ho er frustrert fordi dei ikkje respekterar talentet og draumen ho har, men samstundes vil ho ikkje gjere eller velje noko mot vilja deira, og ho ønskjer sterkt at dei skal vere stolte av ho. Ei slik spenning kan nok mange tenåringar fint kjenne seg igjen i. Forfattaren får også fram korleis Dea er ein gryande kunstnar, på godt og vondt, og korleis kunsten i tillegg til alt anna tidvis tek for mykje plass i ho. Resultatet er at Dea sine tankar synast å tvinge seg ut i frie og stresslause tankerekkjer. I skildringane av desse tillet forfattaren seg utbredt bruk av samanlikningar og metaforar. Dette fungerar til dels, som til dømes når Dea samanliknar ulike minnar med smykke; nokon er for små og andre er for tunge til og bæras. Men litt for ofte er det vanskeleg å henge med på det ein les, og ein kan få ei kjensle av at beskrivingane nærmar seg det svulstige, noko som kan hende er ekstra uheldig i beskrivingane av ein elles så truverdig kunstnarkarakter, når ein veit korleis mange dømmer kunstnarar som meir dramatiske enn kva ”normalt” er.

Historia er godt bygga opp, og det manglar ikkje på spenning knytt til Dea sine opplevingar. Forfattaren har også vore flink til å la element gå igjen gjennom historia for å styrkje effekten av dei. Men enkelte av dei får ein som lesar litt for vage inntrykk av, dei blir bygga opp som potensielle høgdepunkt, men kjem aldri til sin rett. Dette gjeld mellom anna den mystiske nye kollegaen til Dea si mor. Ein kan få ei kjensle av at det skjer meir i historia enn det ein blir fortalt, og at utan desse bitane blir ikkje historia heilt komplett. Denne kjensla kjem kan hende sterkast mot slutten, som var noko brå i forhold til oppbygginga av historia. Det er rett og slett ein del spørsmål ein sit igjen med, og som ein ikkje får svar på. Dette kunne ha vore eit verkemiddel i seg sjølv, men for målgruppa Knudsen rettar seg mot kan ein sjå for seg at den brå slutten kan bli meir irriterande enn tankevekkjande. Men målgruppa bør Knudsen holde seg til; det er på inga måte for mange gode bøker som blir skrive for målgruppa unge vaksne primært i dag. Som oftast må ein over i vaksenavdelinga med det same puberteten byrjar å sleppe taket, og der er det ikkje alltid lett å finne noko som treff dei unge vaksne i den livssituasjonen dei er i.

Lise Knudsen har gjeve liv til ein ung musikar og gjev oss lesarar del i spenningane og utfordringane til ei ung kvinne som skal til å ta store framtidsval, og gjev oss eit innblikk i kor vanskeleg det kan opplevast. At historia kan synast noko ukomplett er eit uttrykk for at ein får ein omhug for Dea, og vil vite korleis det går med ho. Det er ei lesaroppleving forfattaren bør seie seg nøgd med å ha oppnådd.

 
 
19. oktober 2007