Magasinett

Utskrift

Brev blei til kjærleik

Skrive av Mette Karlsvik .

Brev

Jeg stod opp i morges og tenkte på et rom møblert med bøker fra gulv til tak. Bli ikke forbauset når jeg skriver slik til deg og du ikke kjenner meg - det går over, man kan vel møtes i et brev så vel som på gaten./ Jeg er gift med Finn Strømsted. Vi har to barn, Aili på 17 og Rune på 11 (s. 7). Slik byrjar det første brevet til Olav H. Hauge, i ei samling brev som skal leie fram til at Bodil Strømsted forlatar Finn Strømsted og flyttar inn i eit hus møblert med bøker frå golv til tak. Det er Hauges hus i Ulvik Bodil skal ende opp i.

Eg (bokmeldaren) har ei venninne som bur i utlandet. La oss kalle henne V. V og eg skriv ikkje brev. Men vi møtast. Då går vi alltid rett dit kor det brenn. Til flammer og andre romansar. Førre gongen eg møtte V, hadde ho nyleg møtt ei jente ho likte. V hadde ein slik tru på dette forholdet, at eg var veldig spent då eg endeleg møtte V igjen.

Eg: Korleis gjekk det med ho jenta du møtte?

V: Ho er fin, eg var betatt.

Eg: Var?

V: Ho skreiv så keisamt.

Eg: Men stakkars, det kan ho vel ikkje hjelpe for?

V: Jau. Ein kan prøve å vere interessant. Ein kan hente opp ting som ein veit at den andre er interessert i.

BokomslagBoka Brev er ei skattekiste i så måte. Ho er samlinga av korrenspondanse mellom to gjorde seg svært interessante, morsomme, alvorlege og ærlege mot kvarandre. Breva i boka er skrive av den store diktaren Olav H. Hauge og biletvevaren Bodil Cappelen. Han budde i Ulvik, Hardanger, ho utanfor Arendal. Dei to kjente ikkje kvarandre før Cappelen bestemte seg for å sende eit brev til ein forfattar som likte å lese. Hauge svara raskt. Cappelen skreiv nye brev, som Hauge svara på. Brevvekslinga endte med at Cappelen flytta inn hos Hauge i Ulvik i 1975:

Con amore-prosjekt er prosjekt som er laga ut av kjærleik. Boka Brev byrja ikkje som eit kunstprosjekt. Det byrja vel meir som kjærleik. Kjærleik til kunsten til Olav H. Hauge fekk Bodil til å sende brev til han. Ho var då ein relativt ukjent biletvevar. Han som ho skreiv til var eit litterært førebilde. Ho gjorde sjølvsagt sitt aller beste med brevet. (Sjå bare sitatet frå s. 7). Kor mykje Hauge la i breva, til å byrje med, det er ikkje lett å seie. Dei som kjenner han som diktar veit at han har ei naturleg legning mot dei meir økonomiske teksttypane. Men han skriv til ho! Gong på gong, og aldri etter at han har fått fleire enn to brev i strekk. Som han sjølv skriv: Dette var då nokre ord. (102).

Men at dei fyllar breva til kvarandre med interessant og relevant stoff for interesserte i norsk kunstliv, det er heilt sikkert:

Boka er eit kunst- og kulturmessig tidsdokument over den tida breva er skrivne i. Bodil skriv om haustutstillingane i Kunstnernes Hus frå 1970 og utover. Hauge skriv om sine reiser for å lese dikt, om festpela i Bergen: Sjølvsagt laut eg sjå Weidemann. Eg har no sett ymist av han fyrr. Berre fargesprakande blomemotiv denne gongen. Skral botanikk, vilde Dürer ha sagt. Titlar som Skyggen av en hestehov skulde tyda på fin symbolisme. Ikkje progressiv kunst, sa radikalarane, hugnad for borgarlege damor, sa dei.

Jau då, diktaren og forfattaren Olav H. Hauge hentar fram det han kan om biletkunst og kunsthandtverk. Han skriv jo til ei som jobbar mest med visuell kunst. Bodil, som, rett skal vere rett, er forfattar ho også, og som putlar med omsetjing, skriv om dei bøkene som har kome ut den og den hausten, om Dag Solstads og Jan Erik Volds siste, og om alle festane i dei ulike kunstnar - og forfattarhusa. Gjennom desse breva får ein eit innblikk i kva forfattarar var opptekne av på den tida:

Freud, Jung og psykoanalysen verkar gjennom desse breva tidstypisk. Freuds Drømmetydning kom også ut på norsk i to band i 1969. Hauge skriv til Cappelen: Den nye svevngranskingi har kome til mykje nytt, ogso um draumar og korleis dei artar seg og kva rolle dei spelar for liv og helse. Men denne kunnskapen har vel ikkje så mykje å segja for tydingi av draumane.

MannHauge viser ei interesse om forholdet mellom naturvitskap/medisin, og metafysikk og det meir mystiske. "Kva er ein tanke, kva er ein draum, kva er ei kjensle?". Både Hauge og Cappelen trekk stadige veksler på buddhisme og annan austleg filosofi eller religion. Hauge var ein haikudiktar. I tillegg til mykje anna.

Boka er sjølvsagt også eit prosjekt om nynorsk. Ho er eit møte mellom nynorsk og bokmål. Dette tema blir nemnt med nokre ord av Cappelen sjølv. Ho skriv om prøverørsbarnet samnorsk. Det handlar om ulike måtar å bruke dei ulike måla: Hauges meir lyriske, stemningsfulle, lune men også tidvis nøkterne stemme. Han virkar å vege kvart ord på gullvekt. Cappelens brev er tilsynelatande meir spontane stemme.

Hauge praktiserer framleis det lyriske i brev, medan Cappelen i større grad teoriserer rundt det, medan ho skriv om alt ho les, ser, høyrer, av ulike former for kunst frå denne tida. Det sentrallyriske versus beatpoesien. Up and coming-teoretikarar og -praktikarar, Atle Kittang, Einar Økland, Rolf Sagen, Robert Bly, Rolf Jacobsen, Jan Erik Vold, Vesaas, Hauge sjølv. Og her er vi igjen. Brev handlar mykje om kunsten på byrjinga av 70-talet.

Men mest handlar det om sjangeren brev. Forfattarane sirklar seg inn på kva eit brev er. Dei brukar elimineringsmetoden. Her er alle dei tinga som eit brev ikkje er:

Dette er ikke et brev. Men bare en hilsen. (s. 165)

Dette er bare en "sommerorientering", for det er ikke noen brevskrivedag, tror jeg. (s. 98)

Takk for brevet. Skal ikke skrive noe skikkelig svar nå. (s. 55)

Det handlar sjølvsagt også om kva eit brev er:

Langt brev! Du er brevskrivar, det er visst ikkje mange att av den gamle trugne skulen. (s. 77)

Takk for forvitneleg brev! (s. 95)

Hva er det for slags brev jeg må skrive til deg nå. For jeg er full av uro og ulyst, jeg kommer til å være så personlig, og det liker jeg ikke. (s. 165)

Innafor denne sjangeren, brevet, verkar Cappelen å vere den mest trygge. Det verkar å vere ein ny sjanger for Hauge. "Du er ein brevskrivar", skriv Hauge til Cappelen. "Takk for gildt brev", skriv han til henne, og liknande kompliment. Han er audemjuk for si eiga brevskrivarevne, og orsakar seg regelrett: (sitat). Cappelen, derimot, pludrar og skriv på. Nokre gongar vel ukritisk, tenkjer eg medan eg les.

PS. For søren! det er jo program med deg på tv ikveld (s. 10) Akk, jeg er blitt så kjær i en mann. Jeg trodde man ville bli ramt mildere med årene, tvert imot - det blir verre./ Det er ikke så enkelt når man er gift. (...) Akk akk - Jeg burde glede meg til han kommer, men jeg vet ikke hva jeg gjør. Men det er sjølvsagt urettvist å melde dette som litteratur med alle dei krav som blir stilt til stor diktnad.

Som brev er dette gode brev. Men kan ein rettferdiggjere å trykke denne til tider vel snakkesalege prosaen i bokform? Samlaget rettferdiggjer det sjølvsagt med å kalle det "brev". Og ikkje bare det. Breva dannar eit narrativ, dei bygger opp under ei spenning, det er ei kjærleikshistorie av den store, fine typen ein her les om. Det er pur kjærleik, det som ein kan lese i desse breva: Cappelen, som eit storaugd barn i sin openheit mot den store diktaren. Den store diktaren også open, uvanleg prøvande, søjkande, ein kjenner han gjerne som ein med mykje meir økonomi i ordvalet.

DameEit etisk perspektiv bør nemnast: Er det greitt at ein kjærast gir ut slike brev posthumt? Er det greit av Cappelen å "utlevere" Hauge utan at han får sitt å seie i saka? Som det er i dag, er det greitt juridisk sett. Ektemaken eller sambuaren etter ein kunstnar sitt med rettane på verka etter den avdøydde. Når Samlaget vil bruke dikt av Hauge i antologiar, er det Cappelen dei, for ordens skuld, skriv til og får lov frå.

Eg har ikkje eit svar på desse spørsmåla. Og kanskje endrar svara seg med tida. Desse breva er skrive så og seie i 68'ar-åra. Cappelen bryt opp frå mann og barn med noko som for meg verkar lett. Men eg er jo i generasjonen etter 68'arane. Mange i min generasjon er i opposisjon til 68'arane. For Cappelen verkar dette med fridom å vere ein fanesak. De fortalte at Jan Erik Vold og Sidsel P. har giftet seg for 14 dager siden. At de gidder det - . Eg vil tru at denne frigjeringsrørsla er talande for denne perioden. Det er ei tid kor gamle verdiar og haldningar blir utfordra.

Tilbake til venninna mi, V, og kjærleikslivet hennar. V er framleis singel. Ingen er gode nok for henne. Det er min påstand, ikkje hennar. V er kresen. Ho les bøker, og helst dei aller beste, dei eldre klassikarane. Det er nok null sjans for å få svar på eit brev frå J. D. Sallingher eller Tor Ulven. Men mange norske samtidsforfattarar vil nok svare på eit brev. Om ein les nokon som ein får sansen for; skriv eit brev. Eg er sikker på at det er fleire av forfattarane som er einsame og som skriv for å nå ut til ein einaste person. Kanskje er du den eine lesaren som forfattaren håpa å nå gjennom til?