Magasinett

Utskrift

Ikkje til å leggje frå seg

Skrive av Elin Moen Karlsen .

Jente

Cassia har alltid stolt på systemet. På Samfunnet. At funksjonærane veit kva som er best for ho. Men så dukkar det opp eit andlet på ein skjerm.  Cassia begynner å tenkje sjølv og lengte etter noko ho ikkje kan få.

BokomslagCassia bur i Samfunnet, eit samfunn som er gjennomregulert og totalt styrt av fuksjonærane. Funksjonærane bestemmer kven menneska i Samfunnet skal elske, kor dei skal arbeide, kvar dei skal bu, kva dei skal ete og når dei skal dø.

Boka begynner å fortelje om matchbanketten til Cassia. Ho skal få vite kven Samfunnet har plukka ut til å vere hennar ektemann. Det viser seg å vere bestevennen hennar, Xander. Cassia er glad og nøgd med valet. Til å begynne med. Så skjer det ting som gjer at tenåringsjenta endrar syn på både Samfunnet og deira val for livet hennar.

Det er noko skremmande med dette Samfunnet. Heile livet til innbyggjarane blir bestemt av funksjonærane. Dei bestemmer ikkje sjølv kva dei skal eige, verken av klede, hus eller andre ting. Dei et nøye tilrettelagte måltid, som inneheld akkurat det dei treng av næring. Dei har portforbod og kan ikkje reise kor dei vil.

Men til forskjell frå dyra, så har mennesket eit tanke- og kjensleliv. Dette kan ingen andre bestemme over. Tanken er fri, som dei syng i songen. Cassia sin tanke begynner å frigjere seg i denne romanen. Og det blir både ho og familien hennar straffa for.

Eg er eigentleg ikkje så glad i science fiction, men denne science fiction-romanen klarte eg ikkje leggje frå meg. Cassias valg er så mykje meir. Det synlege (fysiske omgjevnader) og det usynlege (tankar og kjensler) blir skildra på ein mesterleg måte.

Eg skal i alle fall lese dei to neste bøkene i denne trilogien. Skal nok sikkert sjå filmen som Disney har kjøpt rettane til også.