Magasinett

Utskrift

Draum og heksekunster

Skrive av Anita Svendheim .

Mann

Brida har alt ho kan ynskje seg i denne livet; ein fantastisk kjæraste, ein god jobb og heile livet sitt framføre seg. Likevel går ho heile tida rundt i søken etter noko meir, og når ho til slutt finn det står heile livet hennar som ho kjenner det i ferd med å bli opprive.

Bokomslag«I'm afraid of death, but even more afraid of wasting my life.»

Brida

Paulo Cohelo sin romanfigur, Brida, er ei ung, irsk jente som søkjer etter den store visdommen. På sin veg møter ho fleire store vismenn som legg merke til at Brida har noko spesielt ved seg, utan at dei røper det for hovudpersonen sjølv. Ho startar å lære sine indre kvalitetar å kjenne gjennom sola og månen sin tradisjon, og det ho finn gjer at ho startar å stille spørsmål til det livet ho har laga for seg sjølv. Passar kjærasten hennar inn i dette nye livet? Er ho sterk nok til å lytte til si indre stemme?

Romanen Brida er ein av Coelho sine meir bortgøymde bøker, som har falt vekk mellom store bestseljarar som Alkymisten og Valkyriene. Trass i dette er tonen og forteljarmåten i Brida like filosoferande og god som i dei andre romanane. Lesaren blitt dratt inn i boka, og sit etterpå igjen med følelsen av at det er sjølve bodskapen som er viktigare enn historia.

Til å vera ei bok som ofte blir omtalt som ei av Coelho sine mindre bra bøker overraskar Brida positivt. Ho er lun og filosoferande, ho opnar for nye tankar hjå lesaren og ho viser til europeisk historie. Ei bok for ein person som likar å lese om kjærleik, mystikk, dei store spørsmåla og det å til slutt finne svar.