Magasinett

Utskrift

Heller verbal, enn gal

Skrive av Live K. Torvund .

Kvinne

Poesisamlinga Bye, Bye lever vidare sjølv om forfattaren er død.

BokomslagDet hender at ein må sørga over og sakna folk ein aldri har møtt. Eg stod på Narvesen ein kveld i midten av juli og hadde nett kjøpt Klassekampen. Eg bladde gjennom avisa litt på måfå medan dei eg var med betalte for snus og sjokolade. Brått såg eg ei overskrift som fekk meg til å mista heile avisa rett i bakken. «Sissel Solbjørg Bjugn er død» stod det. Rett ut med store bokstavar.

Eg kjente ikkje Sissel, aldri hadde eg helst på ho eller eingong sett ho i levande live, men likevel fekk eg tårer i augo og kjente ei oppgitt sorg breia seg i kroppen. No var ho borte, ho som hadde skrive fleire slike bøker som eg aldri sluttar å lesa, ho som tulla med både ord og bilete, men aldri mista alvoret av synet. Sjølv om ho ikkje var ei veninne eg kunna ringa å spørja korleis det gjekk, visste eg alltid at ho var der ein stad på kloden. Kanskje skriv ho på noko heilt nytt, kunne eg tenkja, kanskje vil det koma ei ny bok. No kan eg ikkje tenkja det lengre, det vil aldri skje.

«Eg sjonglerar og bjunglerar med alle ord», skriv Sissel Solbjørg Bjugn i poesisamlinga Bye, bye. Betre enn det kan ein vanskeleg skildra hennar skriving. Den grå og raude vesle boka har ein romfarar på framsida og inni er det mellom anna eit rompoem, men også eit kjærleiksdikt,  eit kriminaldikt og ein gjennomgang av lomma si historie. Det er ei merkeleg bok, kanskje ei heilt sprø bok, men også ei klok bok og ei bok om både sex og fødsel ute i verdsrommet, om ein forfattar som mest angrar seg når kriminaldiktet tek ei litt for forferdeleg vending, om å identifisera seg meir med babyar enn himalayaekspidisjonar. Sissel skriv så fint, og ho skriv på både nynorsk og bokmål når det må til:

«For sølv og gull jeg synger ei.

Eg vil sitte i den nordnorske blåsten

og dikte til eg også får ein lort i posten.

Å, nokre gongar er det berrre sånn at ein ikkje vil seia så mykje om boka, at ein berre vil sitera alt, lesa høgt heile kjærleiksdiktet Heltinnetrinnet, gå arm i arm ute i gatene og halvvegs rope, halvvegs synge:

Villvenninner gir kvarandre såper.

Villvenninner har enno gamle kåper.

Villvenninner veit ingenting

med dei håper.»

Bøkene lever, for slik er det og slik blir det, at bøkene har lengre liv enn forfattarane. Me kan halda fram med å lesa Bye, bye, dei andre poesisamlingane og alle dei fine barnebøkene hennar. Slik treng me ikkje seia heilt farvel til Sissel Solbjørg Bjugn, men me kan helsa ho med ei linje frå  hennar siste poesisamling, Depp frå 1999:

«R.I.P., R.I.P., R.I.P., sa

høna på haugen. Kvil i fred.»