Magasinett

Utskrift

Drakeelden brenn vidare

Skrive av Elin Moen Karlsen .

Mann

Asbjørn Rydland si andre bok om drakeguten Koll er minst like spennande som den første. Lesaren blir tatt med på ei hesblesande reise frå første til siste side.

 

BokomslagReisa føregår både fysisk med Talea og Koll som reiser frå landsbyen Kervad til Vilkafjord, men ho føregår like mykje inne i ungguten Koll.

 

I den første boka om drakeguten klarte Koll å ta livet av den ettersøkte og lovlause Olvar Reveskinn. For det skal han få ein dusør av Kommandanten. Derfor reiser Koll og Talea til Vilkafjord.

Med funnet av drakehola har rikdom og velstand kome til landsbyen Kervad. Koll og Talea tar med seg nokre av rikdomane til Vilkafjord for å prøve å byte dei mot det landsbyen treng.

Koll har lært seg å høyre på drakerøysta som kviskrar til han, men han klarer ikkje heilt å temje krafta til draken som ligg og ulmar inne i han. Det er lenge sidan drakane døydde ut, men dei lever vidare i vindane. Koll sin drake høyrer til Nordavinden, og er både sterk og vanskeleg å tøyle. Det fører Koll opp i mange problem, men hjelper han også ut av problem.

I Vilkafjord er det urolege tilstandar, med ein blodig kamp om makt og pengar. Koll blir vikla inn i denne kampen, ein kamp på liv og død. Han får ein kaldblodig leigemordar etter seg og treff 13 år gamle Eilyn, som prøver å finne ut kven som stod bak drapet på bestefar hennar, ein viktig mann i Vilkafjord sitt råd.

Heile tida kjempar drakeelden inne i Koll om å ta kontrollen over ham og livet hans. Men Koll forstår at drakeelden kan brukast til det gode, ikkje bare det vonde. Men for å klare det, må han kjempe mot både seg sjølv, draken, vindane, leigemordaren, gatebarn og soldatar.

Eg håpar Rydland lar oss få høyre meir om drakeguten Koll, for gjennom dei to første bøkene klarer han å setje lesaren i ei stemning som ikkje slepp før lenge etter at den siste sida er lest. Ei eventyrleg stemning. Ei stemning der drakar kviskrar i vinden og der kampen mellom det vonde og det gode føregår med sverd i handa og eld i hjartet. Rett og slett god og overtydande underhaldning.