Magasinett

Utskrift

Inne i årstida

Skrive av Live K. Torvund .

Dame

Nett no er det sesong for Out of season av Beth Gibbons og Rustin Man.

 

CD-omslagDette albumet er den beste trøyst for oss som ikkje tykkjer det er heilt lett å forsona oss med at sola går tidlegare og tidlegare ned, at me må ta på fleire lag med klede før me går ut, at vinteren i Noreg faktisk er omlag fem månadar lang. For oss kan det verkeleg hjelpa å høyra på denne gode jazza folkplata, som bli boren fram av Beth Gibbons nydelege stemme. Ein blir mjuk i magen og varm i brystet av denne musikken. Fiolinbogen, trombonen og munnspelet stryk langs ryggraden. Det er musikk med kjærleik til det vakre ved haustlauvet, til vinden ved sjøen, men òg med vedmod i vissa om at det heile er så ugjennkalleleg forgjengeleg.

 

Songtekstane handlar om tid, og det er noko med desse overgangsårstidene mellom sumaren og vinteren som kan gjera tidstankane meir påtrengjande. Hausten der alt visner, lukkar seg. Trea trekk sevja ned i stammen, dyra går i hi. Det forgjengelege ved sumaren som var, ved blomane og ved oss sjølve står så tydeleg fram. Samstundes vitnar laukane eg har grove ned i molda om at det alt skal starta om att, at våren skal koma. Til trass for at me har tendensar til å tenkja oss tida som ei linje når me snakkar om både nyare og eldre historie, syner årstidene fram ei anna og meir sirkelforma tid som tek oss med på same runde rundt sola, med haust, vinter, vår og sumar, om att og om att. Likevel stemmer heller ikkje bilete av ein sirkel heilt med kva tida er, for det er jo ikkje den same våren me venter på og den sumaren som nett er over kjem aldri att. Filosofen Augustin skreiv at det er fyrst når nokon spør om kva tid er at me ikkje lengre kan svara. Songane på Out of season er med på utforska uvissa i etterkant av spørsmålet.

Out of season er nok vald som tittel, både fordi tida er eit gjennomgangstema på plata og fordi musikken på denne plata ikkje er særskild tidstypisk for det tidlege 00-talet. Paul Webb, som er det verkelege namnet på mannen bak aliaset Rustin Man, seier at mange av grunnarrangementa til songane er slik at dei kunne ha blitt spela på 1940-talet og høyrt ut omlag som på plata. Det kan hende, men ein kan også tenkja slik at det berre er Beth Gibbons og Paul Webb med bakgrunn frå kvart sitt band, Portishead og Talk Talk som kunne kome saman nett då dei gjorde for å laga desse ti songane.

Plata har likevel noko tidlaust med seg, fordi ho er blant dei som er gode nok til å bli med mange rundar rundt sola. Det er alt snart ti år sidan Out of season kom ut, og eg vil påstå at ho vil halda seg godt i mange tiår til. Denne plata går ikkje ut på dato, og til trass for tittelen er det nettopp ei bestemt årstid då det passar aller best å setja ho på. For å sitera ein av songane: Det er ei merkeleg tid på året, eg kan ikkje sjå nokre blomar på trea. I denne merkelege tida kan det hjelpa med tonar frå Beth Gibbons og Rustin Man. Kanskje kan dei fly ein tur ut av vindauget, henga litt der på den nakne greina før dei dett ned på graset, som frøkapslar og haustlauv.