Magasinett

Utskrift

Kriminelt godt

Skrive av Anita Svendheim .

Frå bokomslag

Tenåringen James Adams er ein topptrena agent på oppdrag for ein hemmeleg organisasjon. Alt han så langt har lært blir sett på prøve i hans forsøk på å kome til botn i saka.

BokomslagCherub er ein hemmeleg organisasjon der alle agentane er under 17 år gamle. Til tross for at dei ser ut som heilt vanlege ungdommar, er dei trena i å spionere på terroristar og internasjonale narkotikasmuglarar. Dei blir sendt på oppdrag som dei vaksne ikkje kan ta på seg – nettopp på grunn av at kriminelle ikkje mistenkjer born for å vera spionar.

Drapet er den fjerde boka som er omsett til norsk, av dei totalt tolv bøkene i serien. Her blir James Adams sendt ut på noko som verkar som eit rutineoppdrag: Han skal gå «undercover», bli kjend med borna til ein kriminell og infiltrere heimen slik at han kan få informasjon rundt saka. Alt forandrar seg når Adams oppdagar at den einaste som kanskje kan hjelpe han med å kome til botn i saka er ein 18 år gammal gut  - ein gut som blei drepen for eit år sidan.

Det er ikkje berre førenamnet Adams har til felles med James Bond: Han drep i det godes teneste, han har eit vanskeleg forhold til kvinner og har eit problem med temperamentet sitt. Med enkelt språk som er rett på sak tek forfattaren, Robert Muchamore, opp tema som mange andre forfattarar kvir seg for å dytte pennen sin borti. Han snakkar om rasisme, angst, vanskelege forhold og vald med ærlege skildringar. Som ein kontrast til alvoret klarar Muchamore å gje plass til  små humoristiske innslag gjennom heile boka.

MannRobert Muchamore har sjølv uttalt at han ynskja å skriva den serien han sjølv alltid leitte etter når han var tretten år gammal, noko som kjem tydelig fram når ein les boka. Til tider kan boka by på klisjear, enkle plot og overdrivne kampscenar, men det er fantastisk flott at gutane også nå får sine eigne «chick flicks!».