Magasinett

Utskrift

Med lommelerke gjennom kunsthistoria

Skrive av Live K. Torvund .

Teikneserie-omslag

Teikneserien Kanon av Steffen Kverneland og Lars Fiske gir oss eit oppslukande møte med kunstnarane Edvard Munch og Kurt Schwitters.

 

 

OmslagI haust kom det fjerde nummeret i Steffen Kvernelands og Lars Fiskes serie Kanon ut. Dette er ein biografisk teikneserie om kunstnarane Edvard Munch og Kurt Schwitters. Samstundes handlar serien også om Kverneland og Fiske sjølv, deira forhold til Munch og Schwitters og deira syn på kunst og kunstnarliv.

I fyrste nummer av Kanon let Kverneland og Fiske den svenske forfattaren August Strindberg, som levde samtidig med Munch, presentera dei medan dei sjølv vandrar rundt på Munch-museet:

Var och en, som besökt en utställning och närmare givit akt på publiken, kan därvid icke ha undgått att lägga märke till vissa människor, som i ett eller annat avseende bete sig besynnerligt. När två sådana personer mötas, blir deras beteende nästan hemsk; de fatta varandra under armen och rusa från den ena salen till den andra, luta sina huvuden tillsaman, gestikulera och samtala ivrig. Dessa herrar äro konstkännare.

Det er lett å gå med på at Kverneland og Fiske kan vera eit par slike strindbergske kunstkjennarar. Dei er verkeleg litt av eit oppsyn der dei med tomme cognacglas og full lommelerke gjer seg klare for å fortelja oss om livet og kunsten til dei to utvalde kunstnarane.

Kunsteriske livshistorier

Edvard Munch (1863-1944) kjenner me jo alle som målaren av Skrik, og mange har også sett og høyrt om andre kjente måleri som Madonna, Solen og Pikene på broen. Han pryder sjølve tusenlappen, og er å rekna blant dei aller største norske kunstnarane, og sannsynlegvis den norske kunstnaren som er mest kjent i utlandet. Likevel er det ikkje slik at me alle kjenner til livshistoria hans eller korleis kunsten hans blei til, og dette er det verkeleg verdt å ta ein kikk inn i.

Tyskaren Kurt Schwitters (1887-1948) er nok meir ukjent for dei fleste, men han har også tilknytning til Noreg sidan han budde her ein periode etter at han flykta frå Tyskland då Hitler kom til makta. Han utvikla sin eigen kunstform; MERZ, som blant anna gir seg utrykk i kolasj-aktige byggverk. Han er også kjent som forfattar, mellom anna av lydpoesi-verket Ursonaten (lenkje: http://www.youtube.com/watch?v=6X7E2i0KMqM&feature=related).

Desse to svært ulike kunstnarene har det til felles at dei levde på same tid, og at dei gjorde sitt for å utfordra denne tidas kunstsyn. Kverneland og Fiske fortel historia deira med sitat frå samtidige kjelder, det vil seia, det er dette som utgjer mesteparten av teksten i serien. Teikningane er sjølvsagt like forteljande, og her gir dei to teikneseriekunstnarane oss sin eigen vri på historieforteljinga.

Kverneland teiknar delane om Munch, med sin ekspresjonistiske stil, og makter verkeleg å integrera Munchs kunst i serien, gjennom sine versjoner av hans måleri. Fiske tek det same grepet, og med sine rette linjer minner hans teikningar om Schwitters estetikk. Samstundes er dette fyrst og fremst Kvernelands og Fiskes eigne særprega teikneuttryk, som me kjenner att frå det andre store fellesarbeidet deira, Olaf G, og frå teikneseriar dei har laga kvar for seg.

Bohem-liv, fyll og fanteri

Kanon er ein serie full av bohem-liv, av fyll og fanteri, av kjærleikshistorier og skandale, og ikkje minst er han stappfull av kunst. Framstillingane av personar og hendingar førar ofte til høglytt latter. Eit fint grep som trekk hendingane frå fortida inn i vår samtid er at Kverneland og Fiske i serien oppsøker stadar som på ulike måter har vore viktige for Munch og Schwitters, både i Noreg og utlandet. Dei dokumenterer utfluktene med både foto og teikningar, og kjem her til orde med eigne tankar rundt kunstnarane dei skriv om.

Det nyaste nummeret, Kanon 4, har dobbelt så mange sider som dei tre føregåande og er ei merkeleg blanding der Kverneland og Fiske på eine sida blir meir personlege. Kverneland fortel til dømes om korleis arbeidet med å laga den siste delen av historia om Munch har vore:

Det har vært ganske tungt å laga denna Munch-bolken. Skrapt vekk skorper på gamle sår, liksom. Familien te Munch daua jo som fluer rundt han, og det gjorde min o’. Det e’  bara meg igjen nå, så det e’ klart eg identifisere meg litt. Av og te e’ det nesten som å laga ein slags stedfortredande sjølvbiografi.

Fiske gir ei svært sterk skildring av si fyrste oppleving av dødsangst som born, og det heile er akkompangert av sjølvportretta på innsida av permane, der dei har plassert seg sjølv som døde i kister. Både Munchs og Schwitters livshistorier sluttar i dette nummeret, der alle liv slutter, med døden, og sjølve Døden er difor også eit tydeleg gjennomgangstema i Kanon 4.

Døden som tema

Samstundes  som Fiske og Kverneland altså blir meir personlege i handsaminga av dette temaet er det som at dei for å halda det heile litt på avstand nærast kastar rundt seg med digresjonar om musikarar og andre kunstnarar, dei gir oss også fleire skisser av historier som ikkje har blitt med i tidlegare verk. Alle desse har på ulike vis med døden å gjera, og dei er alle interessante, underhaldande og gode.

Dei blir likevel nettopp digersjonar, og  kanskje ville Kanon 4 blitt endå betre om det hadde hatt ein tilsvarande storleik som dei tre andre Kanon-utgjevingane. Det er nok stoff til eit solid hefte om ein konsentrerar seg om det som direkte omhandlar dei fire hovudpersonane; Munch, Schwitters, Kverneland og Fiske. Samstundes vekkjer utvidinga av persongalleriet von om at dette vellykka samarbeidet kan fortsetja sjølv om det no ser ut til at dei biografiske forteljingane om Munch og Schwitters er avslutta.

Fiske og Kverneland er to av våre aller dyktigaste teikneseriekunstnarar, og kvaliteten på teikning og tekst i alle fire nummer av Kanon er imponerande og oppslukande. Kanon står dessutan som både ei utfordring av og eit tilskot til biografisjangeren, teikneserieformatet og kunsthistoria, og er i tillegg ustyrteleg morosam. Godt gjort!

Det er på sin plass å senda ein takk til forlaget No Comprendo Press som har gitt ut serien, og på utmerka vis har sørga for at kvaliteten på utgjevingane står i forhold til kvaliteten på innhaldet.