Magasinett

Utskrift

Falle mot himmelen

Skrive av Mette Karlsvik .

Bokomslag

Sjeldan har det vore så fint å falle, som med Inga Husby Sætres Fallteknikk. Sjeldan har noko så skakt og skeivt kjentest så rett.

Omslag fallteknikkInga Husby Sætre (f. 1978) vaks opp i Gudbrandsdalen og flytta til Volda etter vidaregåande. Der utdanna seg ho seg til animatør, og ved Kunst- og Håndverksskolen i Oslo til illustratør. Sjølv blei eg hekta på Sætre på byrjinga av 2000-talet, då teikneserien Møkkajentene, blei fast stripe i avisa Morgenbladet.  Møkkajentene handla om eit par jenter. Rare jenter utanfor allfarveg, på alle måtar. Dei var heilt utypiske, og for meg vanlege. Og dei hang ute i lag. Dei hang utanfor alt.

No har Inga laga den første teikneserieromanen sin. Og ikkje bare det; ho vann Brageprisen 2011 for han. Miljøet liknar Møkkajente-universet. Stemninga også. Det er enkelt, eksistensielt og kler samtala. Stundom er ho om pålegg og kviser, stundom om liv, død, kjærleik, graviditet. Tankar om dei store tinga. Tankar om ingen ting. Og plutseleg skjer det aller største. Rakel er gravid. Samtala om det etterpå er talande for stilen i boka:

Første rute:

Sjølvsentrert venninne: Du er sikkert deppa fordi du er forkjøla. Det blir jeg alltid.

Rakel: Eh...

Andre rute:

Sjølvsentrert venninne smiler litt dumt og naivt.

Rakel har eit alvorleg uttrykk i andletet.

Neste side:

Dei snakkar om pålegg.

Stille.

Dei snakkar meir om pålegg.

Sida etterpå:

Rakel: Det ble sånn strek.

Venninna: Strek?

Rakel: Jeg tok en test!

Venninna: Test?

Rakel: Man tar en test og så blir det strek.

Rakel: Har du ikke sett sånne tekster?

Stille.

Venninna: Men i helvete!?

De står med ryggen mot kjøkkenbenken. På komfyren står en emaljert kasserolle med ornamentert bord. Ein slik som ein arvar etter mormor.

Dialogen er knapp, men realistisk. Det er ikkje ulikt dramatikar Jon Fosse. Som han, er teksten jordnær, direkte og fri for metaforar. Det er ikkje kunstig. Folk seier kva folk plar seie. Men stor kunst blir det på grunn av musikaliteten i interaksjonen, rytma i rutene og balansa mellom det å seie for lite, og å seie så mykje, mykje meir enn det som står på sidene.

Det er ikkje replikkar i kvar rute. Ikkje-verbal kommunikasjon er ikkje bare gjennom andletsuttrykk. Sjølv streken til Sætre snakkar. Stundom stø, stundom skjør, skjelven. Ikkje noko er tilfeldig her. Er eg lesar nok til å få med meg det heile? Forlaget Cappelen Damm gir ein liten peikepinn på kva ein skal vere observant på. Dei nemner Jefferey Brown som ei inspirasjonskjelde. Eg kjenner att blandinga av verbal og ikkjeverbal kommunikasjon. Og den skeive dialogen med som tar slike som meg på kornet. Møkkajentene og - gutane. Her er døme på ei Brownsk bokside, kor det blir prata på annankvar side.

Første rute:

Ho: Eg elskar deg.

Andre rute:

Alvorlege andletsuttrykk

Tredje rute:

Ho: Eg sa, eg elskar deg.

Fjerde rute:

Stille.

Femte rute:

Han: Eg høyrde deg, det verka bare ikkje oppriktig.

Han: Eg elskar deg.

Sjette rute:

Dei smiler.

Sjuande rute:

Han: Og eg skal gjere unemnelege ting med deg.

Stille. Dei smiler meir.

Brown er ein internasjonalt anarkjent teikneserieteiknar. Personleg set eg Sætre over han. Ho er meir subtil, kjenslene meir uttrykte i strek enn i storleik på auger og smil. Språket er naivistisk type Erlend Loe, minimalistisk type Kjell Askildsen og ungdomskulefeminint som forfattar Ingvild Rishøi (1978). Til slutt ei oppmoing om å lese, og la seg inspirere. Og viss ein har sjansen: Jobbe med nokon, og våge å vise det ein driv med til ein ven:

Rishøi og Sætre deler kontorfellesskap, og har saman laga prosjekt for Den kulturelle skulesekken. Eit kunstnarkollektiv i miniformat, som får heilt konkrete resultat: Ein gjenklang i språkdrakt, stemning, endåtil i innhaldet: Det handlar om to veninner, og om det å bu i kollektiv. Her er eit samband mellom form og tema.

Sokrates og Platon er eit par av filosofar/kunstnarar som hadde fruktbare møte. Samtalane deira er skrive ned av Sokrates sjølv. Av meir moderne - og større kunstnarkollektiv, kan ein nemne Elephant Six-kollektivet frå Athens i Georgia. Dette blei grunnlagt av Jeff Mangum, ein musikar og biletkunstnar som danna bandet Neutral Milk Hotel. Bandet bar Elephant Six-konseptet, og gjorde det til eit plateselskap, som dreiv i musikk, biletkunst, litteratur.

Animal Collective er eit døme på eit anna amerikansk kunstkollektiv som det støtt og stadig kjem produksjonar frå. I Bergen er poesimiljøet nært og samansveisa, og ser ut til å bidra til eit oppkome av kreativitet og skaparvilje. At det blir særskilte og individuelle produksjonar frå forfattarar, høyrer disiplinen til.

Musikarar jobbar tettare. Og Inga H. Sætre er ein heilt unik kunstnar i norsk samanheng. Det må vere godt over ti år sidan ho fann den streken og stilen som ho i dag har profesjonalisert og finpussa. Og som ho no har som verktøy for å lage heile teikneserieromanar. Ein umiskjenneleg sætresque strek. Samstundes er det heile tida nye ting å finne, nytt å kjenne på og bli van til. Sætre nyskapar seg sjølv. Men så høyrer ho også på artistar som Björk, PJ Harvey, som framleis lagar nye ting på tross av at dei har drive på lenge.

Ho lyttar også til Alf Prøysen; mannen som lagar ting så enkle og kvardagslege at «vi nesten tror det er barneviser» (Sætre til www.flammeforlag.no). Ikkje heilt ulikt den litterære stilen i Sætres teikneseriar, altså. Fram til ho kom med bok var det alltid «for vaksne», og publisert i Morgenbladet. Men så snart det blei bok, blei det også eit krav om at publikasjonen skulle få ein merkelapp. Var det biletbok blei det automatisk plassert i kategorien «barn eller ungdom». Var det roman, kunne det stå både her og der. Ein kan seie at det er akkurat litt for lite tekst til å bli lese som ein roman åleine. Men ein kan også seie at det er akkurat nok tekst til å bli lese som ei diktsamling, eller eit stykke lyrisk kortprosa. Eller dramatikk i visuell form. Denne boka kunne ha vore så mykje for mange. Heldigvis for dykk som unge er, har ho blitt øyremerka «for ungdom».