Magasinett

Utskrift

Rå slottsdramatikk

Skrive av Elin Moen Karlsen .

Frå Le Château du Moulin i Frankrike. FOTO: Gilles Messian/Flickr/CC-lisens

Dei seks ungdommane har sidan den første boka blitt til fire, men kor mange er igjen etter den tredje boka i firebokserien Dystopia?


Bok: Dystopia III Forfattar: Terje Torkildsen Forlag: Samlaget, 2011I beste Agathe Christie-stil blir folk funne drepne i slottet der Kristine, Victor, Deepika og Scott har redda seg inn i etter ei farefull og nesten dødeleg ferd frå Antwerpen. Ein storflaum har øydelagt både byar og infrastruktur i Belgia, og dei fire ungdommane må gå langt for å få hjelp. Deepika er døden nær etter den strabasiøse turen, medan dei andre får hendene fulle med gruvekkande hendingar i Chateau de Moulindam.

I andre etasje ligg kona til slottsherren og skal føde sitt første barn og hyla hennar fyller heile slottet med ujamne mellomrom. Personane elles på slottet er ein besynderleg gjeng. Ei sur og avvisande gamal kokke, ein stokkdøv gartnar, ein advokat som heiter Advocaat og den storrøykande kona hans, som har mistenkjeleg mørk røyst og store føter.

Viss ein legg til for tidleg fødsel, ein uventa graviditet, ei demning som brest, eit avskjerma slott, uvêr, mørke og ein mårhund på ville vegar, så er grobotnen for uhyggestemninga i boka lagt. Det blir etter kvart andre hyl enn hyla til slottsfrua som fyller gangane.

Heile handlinga i den tredje Dystopia-boka skjer meir eller mindre innanfor slottet sine fire veggar. Nå er ikkje boka så lang, men historia blir likevel trykkande og nærast klaustrofobisk. Som i dei tidlegare Dystopia-bøkene er også språket i Dystopia III rått og realistisk.

Sjølv om sjølve skrivemåten er truverdig, så er historia litt for drøy til at ho kan svelgjast. Når karakterane som er med også er så spesielle at dei nesten er som karikaturar å rekne, så verkar histroia endå mindre truverdig. Men god underhalding er det likevel.

Men kjem dei fire ungdommane seg vidare frå slottet og heim til Noreg? Det reknar eg med at du får svar på i den siste Dystopia- boka frå Terje Torkildsen, som kanskje kjem i år?

Les bokmeldingane av Dystopia og Dystopia II!