Magasinett

Utskrift

Matematisk utrekna skråplan

Skrive av Mette Karlsvik .

Utfor er debutboka til Sunniva Relling Berg (f. 1988). Romanen er fortalt av Lea, som flyttar frå Byen til Ytsteøya når ho byrjar i niandeklasse. FOTO: Samlaget

Plottet er tett. Kriminelt smart. Kalkulerande, tilsynelatande. Demrande djupt. Mette Karlsvik melder Ufor av Sunniva Relling Berg.

 

 

Utfor er debutboka til Sunniva Relling Berg (f. 1988). Romanen er fortalt av Lea, som flyttar frå Byen til Ytsteøya når ho byrjar i niandeklasse.

Saman med foreldra forsøker ho å finne seg til rette i eit nytt hus på det høgste punktet av øya. Ho byrjar på ny skule, får seg nye venner, nye tankar om nye typar menneske: Ein gut med stort, svart hår, som spring og spring. Ein gut med lyse krøllar og briller, som er både grei og artig, men også kontrollerande. Den mystiske Mia med blåflekkane og arr, som stammar og som dekker seg til med håret sitt. Udefinerte forhold, uføreseielege folk. Truverdige karakterar, psykiske tilfelle til å kjenne seg att i; maktsjuke, uro, alt for få punkt av tryggleik og ro.

Utfor Sunniva Relling Berg Utgitt høsten 2011 på Det norske Samlaget 204 sider, 249 kroner Nominert til Brageprisen 2011 (då teikneserieromanen Fallteknikk vann)Relling Berg opnar opp eit vidt hav for lesaren å tenkje på, lage bilde over. Men ein blir ikkje forlaten til å drive rundt der ute. Med matematisk presisjon legg Relling Berg punkt mot punkt, frå øy til fastland, frå person til person, til eit plott som går opp. Plottet er tett. Kriminelt smart. Kalkulerande, tilsynelatande. Demrande djupt. Som skuggane under overhenga, eller tåka over havet, kjem alvoret inn over fastlandet, over lesaren: Ein har å gjere med ei tung, mørk historie. Ei sanning med inscestiøse djup. Botnen av Atlanterhavet er lyseblå i samanlikning med løyndomen til Ytsteøya:

Real
Hovudpersonen Lea er eigentleg frå ein halvstor, norsk vestlandsby (trur eg), og forflyttar seg bare på Vestlandet – til ei øy på kysten. Ho er skildra av ein forfattar på øya: "skuleflink, asosial, med stram hestehale og skakke briller". Denne skildringa er noko Lea finn – i eit upublisert bokmanus om Ytsteøya og folka som bur der. Manusutdraget er det mest objektive ein får vite om Lea. Elles er jo Lea forteljar i boka, og den som ser, reflekterar, fortel, og på mange måtar har definisjonsmakt, sett agendaen. Som forteljar av boka blir ein kjent med henne innanfrå, og ser at kan vere nesten manisk oppteken av realfag, som når Mads løftar henne, snurrar henne rundt, og så står tett inntil henne, pustar henne i panna. Lea seier: Men det er kult korleis kreftene verkar," sa eg og stira ut over havet. Eg hadde blitt gjennomvarm og ønskte ein vind kunne kjølne kinna mine. "Sånn som at dersom du hoppar uti vatnet, kjem heile jordkloden opp og tar deg imot. Newtons tredje lov."

Dette er bare ein av fleire sosiale settingar som Lea løyser med realfaglege betraktningar. På subtilt vis lar Relling Berg det skinne gjennom at det er meir til Lea enn det skuleflinke. Ein ser det kanskje best gjennom auga til Mads: Den litt eldre guten ser at ho er heit, at det skuleflinke ikkje er alt ved denne jenta, og prøver seg på henne. Relling Berg skriv sosialrealistisk ungdomskrim. Ho kombinerer krimsjangerens aktiverande puslespel med psykologiske portrett. Det er ei vilje til å skjønne – frå forteljaren og difor forfattaren si side. Men samstundes har vi her å gjere med ein forfattar som veit å halde forteljaren sin att, som veit kor mykje ho skal gi for at det framleis skal vere noko att for lesaren å finne sjølv.  

Frøken Detektiv i lusekofte. Slik førestiller eg meg heltinna i Utfor: både miljø, språk og stemning i boka er vestlandsk. Men samtidig er det noko nestan hollywoodsk over dramaturgien og plottinga. Hovudpersonen har mange klassiske protagonist-trekk. Som Nancy Drew er ho nysgjerrig, og med eit skarpt blikk bakfrå brillene sine. Ho ser teikn rundt seg, lagar samanhengar, forsøker å forstå.

Som Drew kjem Lea frå ein trygg og ressurssterk heim. Ho får både sykkel og heimelaga pizza, både kjøretur med mor til skulen, og til slutt mobiltelefon. Lea kan oppsøke farlegheita i periodar. Det mest dramatiske som skjer på heimeplanet, er at mora får stresshovudpine og legg seg før far og Lea. Heimen blir ei trygg base. Lea risikerar ikkje mest. Ho ramlar aldri heilt utfor. Ho tittar over kanten, så vidt, men har alltid eit feste. Kan alltid hente seg inn att. Slik sett kunne ho gått mykje lenger enn ho gjer, gått lenger inn i dei dysfunksjonelle familiane rundt seg, utforska dei skakkjørte venninnene sine meir også. Undervegs i Utfor, endrar dramaet seg. Det byrja dramatisk på handlingsplanet, med at Lea flyttar til Utøy. At dei nesten kjører på ein gut på vegen, og at Dramaet i Utfor snur seg innover, får mykje heime, og kan alltid komme attende dit for tryggleik etter å ha møtt røynda der ute. Mens det farlege som Drew møter er mystisk og på handlingsplanet dramatisk, møter Bergs eg ungar som ikkje har det like godt som seg sjølv. Mens Drew møter karikerte skurkar, skikkeleg slemme slemmingar, møter Lea motstandarane sine med forståing.

Og kor hentar Berg den psykologiskekunnskapen sin frå? Presentasjonen av Berg i smussomslaget er nøktern: Ho er frå Ålesund, busett i Bergen. Ein kan elles lære litt om Berg med å gå inn på www.trafo.no. Dette er ein kunstnettstad for ungdom, drive av Høgskulen i Agder. Berg har brukt nettstaden og dei ressursane som dei har, gjennom fleire år. Blant tenestene, er mulegheita for mentorhjelp. Utgitte forfattarar les tekstane til desse ungdommane, og gir tilbakemelding på tekstane. Ein slags alternativ skriveskule, eller eit supplement til norskundervisninga på skulen og til dei mindre regulerte og meir fri skrivenettstadane som elles finst på nett: at Trafo er ei god og viktig side, blir tydeleg når slike som Berg får gitt ut bøkene sine. Delar av det som til slutt blei Utfor har vore gjennom rundar med såkalla "mentorar" i Trafo-systemet. Det same gjeld ein annan av debutantane på Samlaget i år: Kristina Legangers Hjartemekanikk gjekk nokre rundar gjennom Trafosystemet både før og etter at det blei tatt opp av Samlaget. Sagt på ein annan måte: Er du sjølv ein som skriv, lagar musikk eller biletkunst: Sjekk ut www.trafo.no!

Gå samstundes inn på profilen til Sunniva Relling Berg, og finn meir lesestoff frå ein av dei ungdomsbokforfattarane å rekne med i åra som kjem.

LES FLEIRE MELDINGAR HER!