Magasinett

Utskrift

Film i bokform

Skrive av Anita Svendheim .

Frå filmen Hugo Cabret. FOTO: Filmweb

Filmatiseringa av Brian Selznick sin kritikarroste roman Oppfinnelsen av Hugo Cabret hadde kinopremiere i Noreg denne månaden. Boka viser seg å vera ei lita filmoppleving i seg sjølv.

 

 

“Jeg liker å tenke at hele verden er en maskin. Du skjønner, maskiner har ingen overflødige deler. De har nøyaktig det antallet de trenger. Så jeg tenker at hvis hele verden er en stor maskin, må det være en grunn til at jeg er her. (side 378)”

- Brian Selznick i Oppfinnelsen av Hugo Cabret

Brian Selznick debuterte med The Houdini Box i 1991, og har sidan slått seg opp som ein prisvinnande, amerikansk forfattar.  Dette er eit omdøme han igjen viste seg fortent til med romanen Oppfinnelsen av Hugo Cabret, som gjorde at han vann den prestisjefylde Caldecott-prisen.

Tittel: Oppfinnelsen av Hugo Cabret Forfattar: Brian Selznick (oversatt av Johann Grip) Forlag: Cappelen Damm Språk: Bokmål Tal på sider: 533I boka møter ein Hugo Cabret som lever bak veggane på ein jernbanestasjon i Paris saman med sin alkoholiserte onkel. Ein dag forsvinn onkelen og Hugo tar på seg oppgåva med passe på at alle klokkene på stasjonen går som dei skal slik at ingen skal oppdage at han bur åleine. Ein dag blir hans hemmelege liv satt i fare då han møter ei jente som elskar eventyr og ein bitter, gammal mann som eig ein leiketøysbod. Saman hamnar dei inn i eit mysterium om gamle filmar, ein hjarteforma nøkkel, gøymde teikningar og ein mekanisk mann med eit bodskap frå Hugos daude far.

Selznick har klart å bryte den gamle romanforma på elegant vis med å blande setningar og strek, der dei 286 sidene med originalteikningar spelar ei like viktig rolle som det skrivne ord. Med fantastiske blyantteikningar og smertefrie overgangar mellom strek og bokstav dreg forfattaren oss inn i Hugos liv. Det mest beundringsverdige med romanen er likevel at Selznick har klart å skape eit nostalgisk preg på historia trass i hans særeigne romanformat. Med Paris på 30-talet, stumfilmar, manuelle urverk og referansar til verkelege personar som rammer skaper han ei heilt spesiell historie.

Eg meiner at Biran Selznick har klart å fange noko i Oppfinnelsen av Hugo Cabret som eg ofte saknar i nyare bøker. Han har klart å formidle den magiske opplevinga ein ofte søkjer når ein fordjupar seg i ei bok, utan å måtte ta i bruk anna magi enn den verkelege verda. Ein treng ikkje ha eit sikksakk arr i panna eller ha superkrefter som Batman for å vera heltemodig. Alt ein treng for å skape ei magisk barnebok, som er like mykje eigna for store som små, er ei jente som er utruleg glad i hemmelegheiter og ein gut med eit håp om å høyre frå faren sin.