Magasinett

Utskrift

Forteljingar som forandrar verda

Skrive av Anita Svendheim .

Tigerens Kone er forfatta av 26 år gamle Téa Obreht. FOTO: Schibsted

I debutromanen Tigerens Kone skildrar Téa Obreht kvardagens magi i eit krigsramma Jugoslavia på ambisiøst og vakkert vis.

Tittel: Tigerens Kone
Forfattar:
Téa Obreht (omsett av Marius Middelthon)
Forlag:
Schibsted (2012)
Språk:
Bokmål
Tal på sider: 333

 

”Bestefar nevner aldri tigerens kone ved navn. Han holder armen rundt meg, og jeg har føttene på rekkverket, og så kan han si: ”Jeg kjente engang en pike som var så glad i tigre at hun nesten ble en selv.” Fordi jeg er liten, og fordi min kjærlighet for tigre kommer direkte fra ham, tror jeg at det er meg han snakker om, og at han tilbyr meg et eventyr jeg kan leve meg inn i – og det gjør jeg, i årevis. (Side 8)” – Téa Obreht i Tigerens Kone

Téa Obreht sine noveller har gjort ho fortent til ein plass på the New Yorker si liste over dei 20 beste amerikanske forfattarane under 40 år. Berre 26 år gammal tek ho nå verda med storm med sin debutroman Tigerens Kone. Ein debut som har gjort ho til den yngste vinnaren nokon sinne av Orange-prisen for beste engelske roman skriven av kvinner.

I boka møter ein den unge legen, Natalia, som har blitt sendt til ein barneheim i Jugoslavia med medisin til menneske som har lidd under krigen.  Plutseleg får ho beskjed om at bestefaren hennar har døydd på sin veg til å fortelje ho noko.  I sorg legg Natalia ut på ei reise for å finne spor etter bestefaren i den litle landsbyen der han døyde - ei reise som skal visa seg å vera fylt av barneforteljingar, eventyr og overtru. Historier som til slutt skal vise seg å vera nøkkelen til svara på hennar spørsmål rundt bestefaren.

Med ein eventyraktig lettheit blir dei alvorlege konsekvensane i eit samfunn etter årevis med grufull krig sildra. Det unike og poetiske språket romanen byr på dreg oss inn i ei verd av underutdanna folk, frårivne familiar og eit tilvære som er fylt av redsle for djevelen sjølv sin nevø. Eit tilvære som skapar både magiske historier og hemmelegheiter som legg seg som ein eim i lufta.

Obreht introduserer oss for ein annleis roman der ho ikkje er redd for å dra handlinga inn i ei absurd verd. Historia utspinner seg i krysspunktet mellom forteljingar som har gått på folkemunne i generasjonar, omdiskutert mytologi, fortid og nåtid. Her møter me mellom anna både ein mann som ikkje kan døy og tigerens kone, i tillegg til ein penn som ikkje er redd for å setje ord på dei minste detaljar. Ein roman som fort kunne glidd utover sine rammer, men som på ein vakker måte samlar seg inn rundt Natalia og bestefaren sitt liv.

Dette er ein glitrande roman som eg kan anbefala på det sterkaste for den erfarne lesaren, då historier om tigrar og stumme menn vil vera med deg i lang tid etter at du har lagt frå deg boka. Likevel kan Obreht sin debutroman vera på grensa til det for ambisiøse og surrealistiske for den mindre leselysne.