Magasinett

Utskrift

EG

Skrive av Mette Karlsvik .

Fotomontasje av foto frå Samlaget.

Inn i elden er eit mysteriekammer. Det har rom for meg og mine tankar og fantasiar.

Eg vel meg Carl Jung og psykoanalysen som ramme for å forstå Bassos siste bok. Det er nemleg individet det handlar om i denne boka. Er det difor Aina Basso for første gong skriv ein roman i "eg"-form? Og er det difor ho skriv frå to "eg", to som til slutt møtar kvarandre; først i ein draum, så i røynda?

Elen er ein av to hovudpersonar i Bassos bok. Men av Dorothe og Elen, er det Elen eg blir engasjert av. Det er som om eg har møtt henne før. Ho er den jenta eg ville vere venn med då eg var jente. Den rare jenta, ho med rom i hovudet. Med plutseleg stille, som plutseleg forsvann inn i seg sjølv og inn i noko eige. Ho er veldig framand, og samstundes fullstendig truverdig, fullstendig til å skjønne. I alle fall i byrjinga av boka. Mot slutten blir ho ein framand for meg. Då reddar ho liv bare med å utseie formular. Då er det at Aina Basso viser enno ei ny side ved forfattarskapen sin; til å skrive om det okkulte. Eller er det ikkje så mystisk som det først ser ut til?

Helen er hovudpersonen i den første, store avhandlinga til Carl Jung. Ho var Jungs kusine og pasient. Ho hadde heksesøvn. Det var legens nemning på hallusinasjonane hennar. Då såg ho seg sjølv i tidlegare liv. I kvart liv var ho gift med ein ny mann. Kvar mann var adeleg. Ein av dei sterkaste hallusinasjonane hennar, var frå 1300-talet, i Sør-Frankrike. Helen var då gjenfødd som adelskvinna de Valour som blir brent på bålet, anklaga for å vere heks.

Heksebrenning er gjennomgangstema i Inn i elden, og det som knyt Dorothe og Elen saman. Vi følgjer Dorothe frå København til Finnmark, og Elen gjennom livet med mora, kloke-Marja. Som Helens inkarnasjonar, har kloke-Marja òg mange menn. Men det er ikkje trolldom som gjer at menn kjem til "mor": Heilt sidan ho var ung, hadde mor gitt varme og trøyst til dei som hadde trunge det, og dei som trong det mest, var karfolka.

Det er Elen som tenkjer dette om mor si. Kloke-Elen, som eg kallar henne i mitt stille sinn, har eit levande sjeleliv, eit undermedvit som aldri kvilar. Særleg ikkje mens Elen søv. Elen har syn og framsyn, anar ting, og drømmar både i vaken og sovande tilstand. Ho koplar hendingar saman. Medvit møter undermedvit då. Elens dårlege samvit kjem fram som "den vonde sjølv": Han seig inn som ei skodde og skapte seg om til ein hovudlaus mann då han var innanfor døra./ Eg kunne ikkje røre meg. Eg låg i senga, og lemmane var lamma, andletet stivna, det einaste eg kunne røre, var augekulene. og auga såg og øyra høyrte. Elen er ved sine fulle fem, eller sju sansar når dette skjer. Dette er bilde i hovudet på henne, kjensler i kroppen på henne. Men seinare i boka skal det skje noko som er mindre forklarleg: Elen stoppar ei valdsam bløding med å seie fram formular (s. 179). At ord kan stoppe bløding og kan redde to liv, går frå psykologisk forståeleg, til det esoteriske. Med denne boka går historikaren Basso vekk frå den tidlegare stilen sin. Han har vore ein stil av sober men litterær historieforteljing. For første gong skriv Basso ein heil roman i eg-form. Og det er to eg i denne boka. Elen og Dorothe møter kvarandre i drømme før dei møter kvarandre i medvitet.

Bassoprosjektet

Inn i elden er Aina Bassos tredje historiske roman for ungdom, er siste skot på greina av Bassos sympatiske kvinnehistoriske prosjekt. Den første boka hennar, Ingen må vite er om Ingeborg på fjorten, om overgrep, og om å bli gravid i så ung alder, utanfor ekteskap. På den tida og plassen dette skjer, i Noreg på slutten av 1700-talet, er dette blodskam. Basso er på Ingeborgs side. Sjølv om ho skriv i tredjeperson, utanfrå, klarar ho å seie noko om korleis jenta erfarar det heile. Også andreboka Fange 57 Taterpige er ei ung kvinnes utanforskap. Også her skildrar Basso opplevinga – utan å gå inn i hovudet til kvinna. Denne boka er ikkje bare eit sympatisk portrett av ei jente, men av ein heil kultur. Sigøynarane blir her skildra som eit varmt og musikalsk folk, som "taterpigen" saknar når ho bur hos den borgarlege prosten. I tredjeboka si har Basso klatra opp på sine tidlegare verk. Ho har med seg det beste frå dei to første; det historisk-dokumentariske grunnlaget, blikket for sterke historier, og evna til å lage dramaturgi. Her, som i tidlegare bøker, har Basso ei hovudline av spenning. Innanfor denne har ho mindre spenningsbobler. Som i tidlegare bøker, her handlar det om forholdet mellom meir intuitive kulturar, og borgarskapen. Det handlar om den samiske og intuitive jenta som møter danskfødde lensmannskona Dorothe. Det handlar også om det å føde ungar utanfor ekteskap; om ein eigne kjensler rundt dette - mot forventningane frå samfunnet. Nokre av tema liknar i Bassos prosjekt. Haldninga, den av sympati med dei unge kvinnene, går òg att. Men no har Basso dikta opp karakterane sine. Det har ho ikkje alltid gjort før. Det dokumentariske og historiske stoffet er no i form av meir generelle fakta, og utdrag frå rettssaker. No går Basso inn i tankane til personane sin; formidlar også kjensler og indre oppleving. Ein blir kjent med Dorothe og Elen gjennom måten dei opplever hendingane sine. Ein får sjå korleis dei blir nesten sagaaktig rapporterande i sterke hendingar, som frå Dorothes brudeferd:

Mor har sagt at eg skal kle av meg, legge meg inntil han og late han ta hand om resten. Eg står på golvet i den vakre brudedrakta mi, utan epleblomstrar i håret, for det er vinter og greinene er nakne. Eg er åleine i eit sovekammer med ein mann eg ikkje kjenner, som eg har lova å elske og ære resten av mitt jordiske liv, og eg klarar ikkje røre ein finger.

Inn i elden av Aina Basso  Det norske Samlaget (2012)  220 siderNår det brenn mest for hovudpersonane tar Basso tar fram eit nøkternt språk. Det gjeld både i overførd tyding, som i det over, og konkret, når Elen opplever ei heksebrenning: Ho skreik og hylte så eg måtte huke meg ned og knipe hendene hardt over øyra. Det suste så raudt i meg, så vilt og sterkt og skremmande./ Eg blei sitjande slik medan tida forsvann for meg og ei stor stille overtok. Eg såg ei dør, eg opne henne og kom inn i eit mørkt rom. Den vanlege verda blei borte, og alt som var rundt meg, forsvann. Stilla var verken god eller vond, verken varm eller kald, på nokon betre måte kan ho ikkje forklarast.

Når hendingane blir for store for jentene, går dei inn i sine indre rom. Basso går med dei inn i desse romma. Med å velje eg-forteljaren kan ho gjere det. Det er skjønnlitteraturens styrke framfor historievitskapen. Trolldom, drømmar, visjonar, hallusinasjonar og andre tankebilete og kjensler har tradisjonelt vore lite skildra med eit vitskapsspråk. Då Carl Jung forsøkte å skrive vitskapeleg om tema, fekk han altså ein merkelapp han mislikte; okkultist. Grunnen til at han blei kalla okkult, var at han forsøkte å komme til kjernen av "eg": Kva er "eg"? Korleis bli eit individ? Jung meiner at individet blir til når det medvitne får møte undermedvitet.

Essayet On The Psychology & Pathology of So-Called Occult Phenomena er den vitskapelege teksten om hallusinasjonane til kusina og pasienten Helen: Denne ekstatiske søvnen kjennest, for pasienten, som tortur. Den såkalla "heksesøvnen" er kjent historisk gjennom nedteikningar frå rettssaker mot hekser som skal ha drive trolldom. (min omsetjing frå engelsk til nynorsk).

Slik fann Jung til slutt eit vitskapeleg språk for Helens tilstand. Endåtil ei patologisk forklaring fann han: Helens sjukdom er dette sjølvdestruktive: Det er noko øydeleggande i måten ho manar fram så mange ulike "eg": Ho vil løyse opp "eget" sitt innanfrå.

Det okkulte hos Jung gitt ei ramme av forståing. Men at Elen stoppar bløding med hjelp av formular: Kan vi og skal vi forstå det? Ein har godt av å bryne seg mot "det uforståelege". Men denne lesaren sett størst pris på språkleg mystisisme. På innhaldsplanet leiter eg straks etter meining og forklaring, og går tilbake til psykoanalysen:

Ei av dei mestseljande bøkene frå franske, kvinnelege forfattarar, var Marie Cardinals Gjennom ordene (1975). Den sjølvbiografiske romanen skildrar sju år med psykoanalyse. Snakk stoppar blødingar: Frå Cardinal var gravid for første gong, fekk ho regelmessige og sterke blødingar frå underlivet. Det var etter endelause undersøkingar frå medisinske doktorar, etter fleire dagar då ho låg kraftlaus og blodig på baderomsgolvet, at ho til slutt prøvde noko nytt, og samstundes veldig gamalt: Old School psykoanalyse i tradisjon etter Jung og Freud. Cardinal snakkar om forholdet til mora, snakkar om barndom og ungdom, snakkar heilt til ho kjem til knuten inni seg, han som er så stram at det gir henne fysiske problem. Når dette blir klart for henne, losnar det også i kroppen på henne. Etter sju år med snakk stoppar blødingane. Er det snakket som stoppar Dorothes blødingar også? Forløyser Elens ordstraum Dorothe? Var ho forknytt, gjort borgarleg av livet med lensmannen sin? Blir Elen ein grunnleggande urkraft, som sett Dorothe i kontakt med forholdet til sin eigen mor? Dorothe får jo eit brev frå mor si, som ho skildrar slik: Jau. Eg blir nedstemt av brevet til mor. Det er sjølve tonen hennar som får humøret mitt til å søkke, sjølve mor. (s. 193). Sjølve mor. Terra, jorda, elden, døden, drømmen. Det er mange lag i denne boka, mykje å jobbe med og tenkje på.

Syn, framsyn, ettersyn og trolldom: Kva er bevisst, kva er underbevisst, og kor møter det eine det andre? Det er eit spørsmål som berørar tema i boka. Men det smeltar tema og form saman. Det smeltar saman i "eg", som altså er dette nye med Basso i denne boka. Ho gjer det ikkje for å vise fram kva ho kan. Ho gjer det for å vise tema.

Eit mysterium står framleis att: Kvifor blir Bassos bøker kalla ungdomsbøker?  Dette er litteratur som fangar noko grunnleggande menneskeleg. Sanne ting, men også fæle ting. Barnelitteratur er det ikkje. Han har rom for ungdom og vaksne. For dei som har eit forhold til sitt "eg".