Magasinett

Utskrift

Tonen i livet

Skrive av Judith Sørhus Litlehamar .

Siv Østrem Peersen har skrive boka Ulvetone.

Musikken og pianonotar er livet til Alise Ask. Men i vaksenlivet er det ikkje berre lystige tonar.

«Ulvetone» er Siv Østrem Peersen si debutroman. Peersen er frå Førde i Sunnfjord, men busett i Askøy. Ho har mellom anna jobba som lærar i vidaregåande skule, no studerer ho litteraturvitskap i Bergen.

I «Ulvetone» møter me Alise, pianojenta med dei store draumane, pappas vesle pianojente. Det er store forventingar til kva musikken kan gjere med livet til ungjenta, målet og draumen er kanskje å bli den store konsertmusikaren, på den store scena og med det enorme publikumet? . Men når det kjære pianoet byter plass med eit enormt flygel som ho nesten er litt redd, og Grieghallen blir den nye konsertarenaen, ja då blir det litt i meste laget for Alise. Blir utfordringane i vaksenlivet litt for store? Og kva skjuler seg bak musikken? Bak tonane?

Bok: Ulvetone, Forfattar: Siv Østrem Peersen, Forlag: Samlaget, År: 2012Språket er poetisk og nesten litt musikalsk til tider, ofte kan ein nesten høyre pianotonane gjennom dei detaljrike skildringane og bileta. Me fylgjer ei sårbar jente som mange forventar mykje av, mange har bestemt seg for korleis framtida hennar vil bli. Men er ho samd i det sjølv? Vil ho klare å finne sin eigen klang, sitt eige liv? Som lærar på vidaregåande skule har nok Peersen gjort seg mange erfaringar med korleis ungdomslivet er, og kva press mange unge blir utsett for.

Handlinga utspeler seg i Bergen, og sjølv om gatenamna har fått nynorske namn så er geografien lett å kjenne seg igjen i. Og i dette vestlandsmiljøet, og midt i dette ungdomslivet rullar det opp både familieløyndommar og tragediar. Alt saman må Alise ta stilling til, og ikkje minst finne svar på.

Historia er kompleks, den byr på heile kjensleregisteret og viser til fulle at eit levd liv har så mange sider, og er vanskeleg å skilje i svart og kvitt, rett og gale. Boka er kategorisert som ei ungdomsroman, likevel vil mange vaksne lesarar ha stor glede av å lese den. Kanskje spesielt dei som arbeider med ungdom og utfordringane deira.

Alise kjenner aller best til musikken og til notane. I notatboka hennar står denne forklaringa på Ulvetone: uønskt tone eller resonans i strengeinstrument. Ein outsidertone.