Magasinett

Utskrift

Korleis får Gerður Kristny meg til å lese krim?

Skrive av Mette Karlsvik .

Korleis gjer Gerður magi interessant, nestan truverdig?

Ikkje alle trivs på skulebenken. Nokre lærer best sitjande i ein djup lenestol i eit dunkelt bibliotek, med talglys på bordet eller ei leselampe over skuldera. Kirkegården er ein slik stol. Med det fiktive forteljargrepet og skjønnlitterære virkemidlar, formidlar Gerður Kristny ein bit av Reykjaviks historie.

Ikkje alle orkar å lese om alvorlege tema som alvorleg sjukdom. Men at folk blir dårlege, at sjølv foreldre kan bli dårlege, er noko som kan skje. Det kan vere dødstung lesnad, og nesten umuleg å komme seg gjennom. I Kirkegården er Gerður Kristny innom tema i passelege dosar. Ho lar sjukdomshistoria bli ein del av mysteriet, av gåta som heltinna oppklarar. Slik formidlar ho det umulege tema "død" på ein tilgjengeleg måte.

Og når "mysterium" er sagt: Ikkje alle er interessert i krimsjangeren, eller "dekkare", som ein seier i Sverige: Detektivforteljinga. Sjølv har eg lese krim som var dårleg fordi forfattaren var meir oppteken av å komponere eit plott som held, enn av språket. Gerður Kristny lar ikkje plottbygginga gå på bekostning av språkkvaliteten.

Men først litt om sjølve historia:
Kirkegården handlar om Eyja. Ho er fjorten år og flyttar til Reykjavik sentrum. Bare nokre steinkast frå rådhuset ligg ein stor kyrkjegard, og det store murhuset som Eyja og familien flyttar inn i. Vi følgjer Eyja gjennom tilsynelatande små hendingar i det nye livet; som å begynne i ein ny klasse, få nye venner, og det å få inn ein stor, gamal skinnstol til nyheimen. Innanfor læret ligg ein bunke brev frå 1819. Historikarfaren til Eyja sett seg i stolen og les breva. I 1819 blei verda ramma av spanskesjuka. Dei små hendingane blir større enn kva dei først såg ut til å vere:

Historia går på to plan. Det eit eine planet er den vesle historia, den om Eyja. Den andre historia ligg under, som ei gåve for dei som leitar litt ekstra. Det er verdshistoria. Den større historia handlar om redsle og sorg i eit heilt kontinent på 1800-talet. Ein har óg historiene om kva som skjer når eins nærmaste visnar hen. Jeg måtte stålsette meg til det ytterste for ikke å miste håpet igjen da jeg så pappa. Ansiktet hans var så blekt, hendene så magre og kroppen så urørlig. Slangene hveste og hvisket.

Det handlar om ein farleg stol. Han som søkk for djupt i stolen, blir sjuk. Det er samstundes historia om sjuka som først rammar spanskekongen Alfons 13: Spanskesjuka var ein influensaepidemi som liknar fugleinfluensa. Nokre hevdar at opp til 50-100 millionar døydde på verdsbasis. Det rette talet kan vere nærmare 40. Namnet "spanskesjuken" kjem av at den første offentlege sjuke i Europa var spanskekongen. Spania var nøytralt under krigen, og trong ikkje å skjule at ein ny og farleg sjukdom herja landet.

Kanskje lokkar stolhistoria ein barnelesar til samfunnshistoria. For dei som ikkje blir fanga av spøkelseshistoria, er kanskje historia om venninnegjengar, om klikkar og trekantforhold, porten inn til historie og sosiologi. Den djupe, mjuke lesestolen blir eit alternativ til skulebenken. Han blir det for Eyja, ei stund. Men han kan også vere det for lesarane av Kirkegården: Nokre vil kalle det eit meir behageleg og attråverdig behageleg alternativ. Men eit alternativ, det er det. Skulebenken passar ikkje for alle.

Det er kunnskap og lærdom å hente frå boka. Gerður Kristny brukar magi som verkemiddel. Denne lesaren legg fort frå seg bøker når ting blir magiske, overnaturlege, uforklarlege. Kirkegården er eit unntak. Eg bladde fort frå side til side, for å finne ut kva det var med spøkelsesstolen. Denne skrekkhistoria skil seg frå andre. Ho er sett på Island, landet kor 80 % av innbyggarane, i ei undersøking kor minst halvparten av folket ikkje avviser at alvar finst. Tala på kor mange som "ikkje nektar for det", og kor mange som faktisk trur på det, dei tala endrar seg etter kven som gjennomfører undersøkingane. Undersøkingar er gjort av både turistkontor og universitetet. På Island kan overtru vere vitskap. Det er alltid tradisjon, og nesten alltid forklart med presise omgrep. Hos Kristny er det også ein språkleg eleganse og poesi: Hol op med å savne ham. Hvis vi stadig i tankene dveler ved de døde, kan de ikke fortsette sin ferd, hører jeg henne si igjennom flakene av mørke som alltid hjemsøker mig i disse seansene.

Ein av vitskapane som ligg til grunn for denne boka, er komposisjon og disposisjon. Notering, matematikk, geometri er nokre av verktøya Gerður brukar i plottinga av Kirkegården. Komposisjonen blir ein ganske perfekt sirkel, kor alle liner og trådar blir samla til slutt. Nesten. Bare noko er att til å heimsøke lesaren etter at siste side er lese, og permane samla, breva lukka.