Magasinett

Utskrift

Eit brev til ei dame i Paris

Skrive av Inger Zivana Milubjørn Torvund .

Julio Cortázar i 1967.

Inger Zivana Milubjørn Torvund melder Sermonier av Julio Cortázar.

Boktittel: Sermonier
Forfattar: Julio Cortázar
Omsetjar: Kjell Risvik
Forlag: Gyldendal
År for utgjeving: I serien "20 århundre", 1994
Sidetal: 222

Eit brev til ei dame i Paris. Ein ung mann skriv til ho om korleis det er å hoste opp ein kanin frå sin eigen hals i ein lånt leilegheit, korleis det er når det berre vert fleire av dei og dei byrjar tyggje og bråke i skåpet der dei er omhyggjeleg gøymt. Dette er ei av forteljingane til Julio Cortazar, ein argentinsk forfattar av noveller, romanar og essay. Novellene, som eg nemner her, er forteljingar som rører seg mellom den verkelege verda, og ei anna side- ei side der kva som helst verkar kunne skje. Sjangeren heiter magisk realisme, der forteljingane føregår i den verkelege verda, men det dukkar opp magiske og overnaturlege element som gjev det heile eit mystisk preg.

I novellesamlinga "Sermonier" som er utgitt på norsk, finn ein blant anna ei forunderleg forteljing kalla "Slutt på leken", der tre små systrer bruker dagane på å leike ved jernbaneskinnene bak huset deira. Dei leiker to slags leiker, statue og eigenskapar.  Eigenskap er ein mimeleik og når dei leiker statue kler dei seg ut. Heile tida vert det hinta til at ei av jentene ikkje er som dei andre, ho har ei funksjonshemming som gjer at ho haltar og ikkje kan snu på hovudet, dette gjer at ho vert spesielt behandla av heile familien og bestemmer mest når dei leiker. Men dei leiker ikkje berre for kvarandre, dei stiller seg framfor togskinnene slik at passasjerane i toget er tilskodarar. Ein dag får dei auge på ein gut i eit av vindauga, som sender små lappar ned til der dei står som fortel om kor mykje han likar dei. Men han føretrekk ho som er litt annleis, og slik tittelen antyder får dette følgjer for heile leiken.

Ein kan også få høyre om ei anna, lita jente som har ferie frå skulen og gler seg til å besøke ein ven, vekke frå det ho elles er vant med. Mora hans som er så nydeleg, faren som berre sit på kontoret og studerer, og så onkelen som ingen heilt likar. Det bur også ein anna skapning i huset, ein tiger som går kor han vil. Ungane leiker og aner berre at huset er tynga av forholdet til dei vaksne, som alle prøver å unngå tigeren medan dei lever sine eigne liv. Historia er fortalt frå eit barns synspunkt og fortel så fint om korleis ein kjenner på stemningar mellom andre sjølv om ein ikkje er heilt stor nok til å skjøne. Og om dette andre, denne tigeren, som ein aldri ser, som kan vere kva som helst, men som truar med å ete dei alle opp.

Novellene dreg ein inn i desse stemningane og forfører ein, gjer ein overbevist om det som finst der, og ein vert sakte men sikkert ført mot ein uventa slutt. Vakre bilete openbarer seg medan ein les, og trass at novellene eg her har skrive om verkar uskyldige nok, fortel dei så bra om djupe sår, sterke sanningar og forhold mellom menneske med ei kjensle av noko ukjent, noko gøymt, som får forteljingane til å sitje i ein lenge etterpå.