Magasinett

Utskrift

Just art

Skrive av Mette Karlsvik .

Frå omslaget av boka

Mette Karlsvik om Just kids av Patti Smith.

Just kids
Patti Smith (til nynorsk ved Brit Bildøen)
Samlaget, 2012 (Erindringar)

 

Adresseavisen kåra Just kids til årets beste sakprosabok. Dette er den hittil siste nemninga av Patti Smith i norske papiraviser. Den første kom i VG i 1978, som ein artikkel kalt Patti første punk-jente, og nemner at Smith er i ferd med å etablere seg som den første jenta innen punk-verden. Medan Smiths debutalbum Easter og låta Because the night klatra på topplistene i USA, fortalde VG om Smiths særskilde liv; om bornet utanfor ekteskap, flyttinga til New York, om barnedraumen om å bli misjonær. Livet hennar hadde berre såvidt begynt. Just kids tar på mange måtar over der VG sluttar. I VG er det ikkje eit ord om Robert Mappelthorne - sjølv om the night belongs to lovers. "Because the night" var låta Smith valde til å spele under opninga av ein utstilling med Mappelthornes bilde. Det var tjue år etter at han gjekk bort, og bare månadar før utgivinga av erindringsboka Just kids.

Attende til sekstitalet og New York

Patti er nitten, føder ein son, og sett han bort til eit rikt par i heimbyen. Ho flyttar til New York, og møter ein sjokolademjølkdrikkande, syretrippar i nettingsinglet, smykke og tronge bukser. Robert Mappelthorne er ein katolsk eks-altergut. Dei blir venner, elskarar, leikekameratar;

fortel kvarandre løyndomar frå livet dei levde før, og deler stoltheiter og skam, og framtida: Saman flyttar dei frå narkoreir og billege motell, via tilfeldige rom, til eit paradoksalt stabilt tilvere på bohemhotellet Chelsea Hotell. Kven er de har de pengar er de tvillingar kvifor har du eit band kring handleddet? spør ein av dei første vennene Smith får der; kameleonmannen, mystikaren og eksentrikaren Harry Smith.

Eksentrisk kledde er også Patti og Robert når dei går bytur ein føremiddag. Eit meir borgarleg ektepar stoppar. Sjå, dei er ekte kunstnarar, seier kvinna til mannen sin. Men mannen smiler overberande, seier They are just kids.

Om lag så nøkternt skildrar Smith sjølv denne scena i boka. Ho kommenterar ikkje scena heller. For meg blir scena eit bilde på kva kunst er. Ein kan seie at det opne barnesinnet er rein poesi. Men det er også noko ope og poetisk over den sobre prosaen i boka. Eg synest at Smith bruker eit, til seg å vere, metaforfritt og nøkternt språk. Poeten presenterar lesaren bare for fakta. Ho sett scenene, og forklarar ikkje det metaforiske potensialet i dei.

Kulturredaktør i Dagsavisen, Mode Steinkjer skreiv i fjor om ein annan kvinneleg postrockar. Etter PJ Harveys konsert i Oslo, skreiv han om den aktuelle platas kontrast mellom sangens lyse og vakre ferniss, og tekstenes svarte metaforer og politiske piskesnert. Patti Smith er òg ein plass der - i musikk og i Just kids. Allereie på søttitalet blir ho kjent som mørk og melankolsk. Boka hennar har mørke historiene og lysande klåre politiske standpunkt. Snerta er presise, språket rett på sak. Heller enn litterære konstruksjonar som drar merksemd til seg sjølv, vel Smith rekvisittar med omhu. Romanforfattarar som Kjell Askildsen og Jon Fosse gjer dette naturleg. Jon Fosse har gjort ein heil dramatisk tradisjon av dette. I sakprosaen blir det ikkje kalla grep, men er det vanlege. Sakprosaen skal ofte vere eintydig og effektiv. Det formidlar "positive sanningar", altså vitskapeleg beviste fakta. Men sjølvbiografien er ein noko annleis sakprosa. Smith kan skrive om lag kva som helst, og det er sant for henne. Då blir det òg sant om henne. Ho kan velje kva vekt ho legg på ting. Når ho ikkje følgjer ei historie til slutten, opnar ho historia. Eit døme er historia frå byturen. Ho sluttar med replikken Just kids. Andre dømer på dette er når Patti har med Robert sin heim til foreldra for julebesøk. Kjærasten tar LSD for å roe seg, og forelskar seg i ei blå porselensku. Han står og stryk og stryk på den vesle nipsfiguren, mens kjærasten hans og foreldra hennar går rundt, er bare ei handsrekning unna.

Bra nok til å vere "årets beste sakprosabok"? Eg har ikkje lese alt anna av sakprosabøker i 2012. Just kids likte eg nest best av alle 2012-bøker, uansett sjanger. Eg er fenga av grunnhaldninga av kjærleik og vennskap, truskap til gode verdiar og av solidariteten mellom Patti og Robert. Patti støttar Robert tross i at han finn andre, i at han kjem attende til henne, at han smittar henne med kjønnssjukdommar. Patti skildrar kjønnssjukdommane frå Robert som noko utanfor han. Kjønnssjukdommane tilhøyrer berre dei som smitta Robert.

Det finst dei som meiner at Patti sentimentaliserar. Eg er ikkje einig. Patti skildrar Roberts sjukdom direkte, rått og brutalt. For meg ligg dei poetiske kvalitetane i effektiviteten i skildringa, og i detaljrikdomen i skildringane. Så sterkt blir det at eg er nær ved å gi boka opp på halvvegen, når Robert blir for sjuk. Og kanskje les eg lemfeldig og enkelt når det blir for vanskeleg. Mest tilstades er eg på Chelsea Hotel, i den tida når dei sjølv er mest kreative og skapande, når dei henger ut med Neil Young, Janis Joplin, folka frå Jeffersson Airplane, osv. Eg liker også når Robert og Patti utforskar kvar sine verder. Då skriv dei brev nesten dagleg.

Robert legg ved teikningar og måleri. Patti gir han ei lenke med sølvskallar. Robert blir meir ekstrem og eksperimenterande. Han forelskar seg i Terry, blir i lag med Terry, men ligg òg med andre menn. Robert blir avmagra, og legg seg. Patti legg seg med han, trass i lusa som kravlar på puta, kjønnssjukdommane som florerar. Patti er Roberts beste venn. Dei er ikkje like. Men dei liknar med at dei er særeigne. Som norske Steinar Opstad har skrive: Også dei tradisjonslause har ein tradisjon. Patti og Robert er på kvar sine ender av ei skala, og er like langt frå midta, begge to. Dei pendlar heile tida mellom ulike posisjonar. Dei fer frå kvarandre og kjem attende til kvarandre. Kva er dette for slags kjærleik? Eit svar er: Just kids.