Magasinett

Utskrift

Fann NASA opp teflonpanna? Hatløy skreiv Kjøkkendikt.

Skrive av Mette Karlsvik .

Frå omslaget til

Bli ein lyrikklesar, og begynn på kjøkkenet! Kjøkkendikt begynner i det nærmaste, og peiker ut til det ytre rom.

 

Å lese lyrikk er å trene språkmuskelen. Ei ofte sitert samanlikning, kan ho ha begynt hos Kjartan Fløgstad? Poesien er litteraturens Formula 1. Dikt er for språket kva NASA har vore for kokkekunsten og nattesøvnen: Eit prøverom av naudsyn og eksistensialisme. I dette rommet skal dei ha forska fram superløysingar for romrakettar: For at dei skal kunne steike enkelt, utan feitt, fann dei opp teflonen. For å ligge i ro og sove godt om natta, fann dei opp tempurmadrassen. Kjartan Hatløy finn eit nytt språk for det som er aller mest kjent og vant, frukoststunda, kjøkkenbordet, morgonsola, det nysteikte brødet. Etter Hatløy er ikkje morgonstund lenger gull i munn, men den tida av døgnet då sola skjær over bordet, rett over det nysteike brødet som ligg der.

Kjøkkendikt  Kjartan Hatløy  Oktober Forlag 2012  64 sider

Kunstnaren har til felles med andre forskarar at dei fordjupar seg i eit smalt felt over lang tid. Ulikt mange forskarar, vel kunstnaren heilt fritt, og med kjærleik, kva han skal fordjupe seg i. Språkforskaren Hatløy krinsar seg inn i sett felt, sitt område, og klarar, på tross av eller på grunn av fysiske grensar for tema og plass, å bli meir original og nyskapande for kvar bok. Om språkforskarar som Hatløy seier andre forskarar, altså dei som forskar på litteraturen: Du blir ein betre språkbrukar av å lese lyrikk. Kom klisjeane i forkjøpet med å bli ein lyrikklesar. Slik kan du sjølv fange opp smarte språkvendingar - før dei blir fanga opp av andre – og blir til faste seiemåtar. Kven veit. Om hundre år kan vendingar som Hatløy skriv i Kjøkkendikt bli ein del av daglegspråket: Som at havets overflate er havhud, at kjøleskapet brummar, at regnskyer er svarte luftsskip, at ved ikkje har auger eller kvistar, men teikn på vekstsmerter, at teposen er velluktande – men berre som eit tørt lauv, og at kasserollen er eit "lite ferskvatn".

 

Hatløy gjer tallerkenen til ei kveite i oppvasken, og drar vinden inn i kjøkkenet – som drag av solstråler. Slik utvider han kjøkkenrommet, og tar inn tomta, fjorden, universets manglande ende. Han gjer eplet til operasongarar med djup bass i registeret. Sjølv er Hatløy ein klok gubbe frå Sunnfjord. Han debuterte som forfattar i 1996, og har sia då gitt ut ti bøker. Berre ei av dei er prosa – men av den kortare typen, nemleg noveller. Han var nominert til Brageprisen for denne boka som eg skriv om no. Men han skulle ha vore nominert for boka som kom året før, Fjord. Det er underteikna sin påstand. Eg stend for det eg der skriv. Underforstått: Det er kanskje ei smakssak. Sjølv liker eg bøker der veldig mykje av tolkinga er opp til meg, og der det er få føringar, mindre styring i teksten. Men likevel eit tydeleg prosjekt, og ein slags kode å knekke. Kjøkkendikt sin kode er "det": Der andre diktarar skriv inn det lyriske "eg", skriv Hatløy det mystiske "det". Formgjevaren har understreka kvart "det" med å leggje ein grå tone over ordet. Denne grå tråden går gjennom boka, og trekk diktsamlinga mot komposisjonar som har dramatiske spenningskurver. Det fekk denne lesaren til å bla fortare enn ho vanlegvis gjer i diktsamlingar. Eg venta på noko, på det – som blir metafysisk og mystisk, sjølve krafta, som fer gjennom rommet, og som fer ut av det. Han fer gjennom radioapparatet til Tyskland, og ut i rommet, opp mot romrakettane. Og forhåpentlegvis heilt til deg. Dette er ei tilråding. Når du no skal bli ein av dei kule ungdommane, ein av dei som har ei lyrikksamling under armen, då skal du begynne med Kjøkkendikt. Når du er ferdig med den, då skal du avansere til Fjord. Er det forstått?