Magasinett

Utskrift

Erotikk, eksperiment og ekspresjonisme

Skrive av Atle Berge .

Edvard Munch, Skrik, 1893. Utsnitt. Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design. Pressefoto

Rolf Stenersen skreiv slik Edvard Munch måla.

I dag er han kjend som opphavet til Stenersenmuseet, men debutboka Godnatt da du frå 1931 viser at vi også bør hugse Rolf Stenersen som forfattar.

Tabu

Frå første avsnitt er det klart at dette er ei bok om seksuelle tabu: Opningsnovella «Drift» handlar om eit par som prøver å nyte ei varm sommarnatt med sex i naturen, men som stadig blir uroa av ein kikkar. Hovudårsaka til at novella gjer så sterkt inntrykk, er at det er forteljaren som er kikkaren – ein mann som er så innpåsliten at paret til slutt gir opp og lét han stå og sjå:

«Se den elendige stakkaren,» hveste han, «vi gir faen i ham.» Han tok sig heftig av henne. Motvillig gav hun efter, inntil hun med ett blev som besatt av lidenskap.

Jeg gikk like inn på dem – nu kunde han gripe mig og klemme ut øinene, men han presset sig bare tettere inn til henne, og de var som to stålfjærer uten øine og øre for noe utenom sine legemer.

Historier som dette fekk bokhandlarane vest i Oslo til å fjerne boka frå utstillingsvindaugo, og i etterordet fortel Espen Søbye at novellesamlinga var på nazistane si liste over bøker som «skader den nasjonale og sosiale fremgangen». I seg sjølv burde dette gjere Godnatt da du til eit tabuhistorisk dokument på linje med til dømes Sangen om den røde rubin. Ja, eigentleg er det eit mysterium at denne boka ikkje har fått meir merksemd i vår seksualiserte offentlegheit. Medan Mykle skreiv om tradisjonelle seksuelle opplevingar, gjekk Stenersen 30 år tidlegare mykje hardare til verks i åtaket på dobbeltmoralen: Godnatt da du er full av seksuelle fantasiar, og handlar blant anna om nekrofili og kvinner som utøver sexpress:

                 «Kyss brystene mine.»

                «Nei.»

                «Kyss brystene mine,» kom det igjen.

                «Nei.» – Jeg vilde ikke.

Der dagens tabloiddramaturgar nyttar sex som slapp underhaldning eller provokasjon for effekten si skuld, handsamar Stenersen temaa med seriøsitet og humor. Den uutalte haldninga i boka, er at seksuelle fantasiar er ein del av menneskelivet. Difor bør dei også vere ein del av litteraturen.

Rolf Stenersen  Godnatt da du  1931 (ny utg., Gyldendal, 2011)

Eksperiment

Godnatt da du er også verd å hugse for viljen til å eksperimentere. I staden for å skrive normalprosa uavhengig av kva teksten handlar om, tilpassar Stenersen alltid forma til innhaldet slik at dei utgjer ein felles bodskap. I teksten «Tre kvinner» vitsar forfattaren til dømes med mannleg seksualitet ved å la forteljaren gi tre damer karakterar i fag som «ynde og duft», «intelligens» og «i sengen». Dei to første kvinnene er typiske representantar for borgarskapet. Dei får strålande karakterar i dei fleste «faga», medan den tredje kjem jamt over dårleg ut i alle disiplinar. Teksten liknar meir eit skjema laga i eit excel-dokument enn ei novelle, men vert avslutta med ein klassisk, overraskande novellevri: Forteljaren konkluderer med at det må vere noko feil med skjemaet. Han likte nemleg ho med dei dårlege karakterane best, altså ho som kom til kort både i «intelligens» og «intellektuelle interesser», men hadde godt humør og var god i senga.

Ekspresjonistisk

Stenersenspråket er korthogd, alltid intenst, ofte insisterande. Samlinga er full av avsnitt som gir seg ut for å vere refleksjonar, men argumenta er sterkt farga av sinnstilstanden til den som framfører dei. Det eine kjensleladde argumentet slår ofte det neste ihel. Slik unngår Stenersen å skrive påstandsprosa – tekstar som gir seg ut for å vere skjønnlitteratur, men eigentleg er forfattaren sine fordekte meiningar. Skrivemåten minner lesaren om at vårt eige humør påverkar måten vi ser verda på – også i tilfelle der vi sjølv trur vi kjem med objektive påstandar. Her frå «Blad av en dagbok»:

Ennu har jeg ikke sett et eneste landskap hvis linjer og formasjoner er såpass harmoniske at de lar mig i fred. Jeg forstår ikke dikterne, de finner jo alle mulige landskapsformasjoner vakre og harmoniske. Det må mangle dem noe – eller de ser slett ikke, for hvordan i allverden kan de ha undgått å se alt dette rotet – planløsheten og hesligheten, ja ufyseligheten i ethvert landskap? Motbydeligst virker stupene og dalslyngen. Stupene gjør mig redd og svimmel, dalslyngen gir mig kvalme og hodepine, og kaoset i det hele får mig til å fortvile.

Avsnittet kan nyttast som vaksine mot folk som meiner at fjelltur «er sååå koselig», men det er også eit døme på det ekspresjonistiske ved novellesamlinga. Stenersen var nær venn med den ekspresjonistiske nybrotsmålaren Edvard Munch, og slik Munch blant anna nytta fargar og ujamne linjer til å få fram sinnstilstanden til den skrikande i «Skrik», nytta Stenersen naturskildringa til å seie noko om den indre uroa forteljaren i novella er plaga med. Debutboka til Rolf Stenersen er med andre ord også verd å hugse som eit av dei første, og eit av dei få, ekspresjonistiske verka i norsk litteratur.