Magasinett

Utskrift

Leksikon om liksom

Skrive av Mette Karlsvik .

Foto: Maria Bergren

Boka som snur tida, som gjer at du går attende til bokhylla, tar Leksikon om lengsel fram att. Les ho enno ein gong.

Leksikon om lengsel
Tiden Forlag, 2013
245 sider

Blåtysdag. Nordvestleg vind, litt regn. Det nye vêret kjem frå høgre. Vi visste at det ville komme. Sommaren har vore fin over mykje av landet. Det kunne ikkje vare. Limbo er over no. Hausten har byrja. Landet skal fryse til. Og eg, eg gjer noko som eg elles aldri tar meg tid til. Eg koseles. "Comfort reading", ja, eg kan ikkje hugse å ha sett eit norsk ord for det. Det å lese noko igjen, for gjenkjennings skuld. Ikkje fordi eg ikkje orkar den heilt nye boka. Eg treng berre ikkje dei brutalt glorete, kontrastfylte nye inntrykka no. Eg går heller til ei bok som eg ikkje vart heilt ferdig med då eg las ho i sommar. Ei som det framleis er meir å hente i. Ei som blir litt betre når eg les ho ein gong til. Leksikon for Lengsel. Frå A til Å, frå H til V. skriv Hilde Østby eit leksikon om kjærleiken. Eit leksikon som ikkje må vere sant. Der kva som gjeld, er truverdet i forteljarstemma. Det er så nære denne boka kjem det politiske. Ho er ei verdshistorie per kjærleiksanekdote. Frå historisk og moderne tid, men mange kopla saman, som hjarte, som rom i eit hus det er godt å vere i.

Siden de begge var utpreget romantiske anlagt, forskanset de seg i hver sin ende av det store huset og gjennom alle rommene trakk de en tynn metalltråd koblet til en rekke batterier som de brukte for å kommunisere med hverandre på det eneste språket som var meningsfullt for dem, nemlig kjærlighetens språk: morse.

Under "I" for "Isfjell" lar Østby morse redde Titanic frå å støyte mot eit isfjell, reddar heltens store kjærleik frå å hamne i det iskalde havet. Og med det ønskjer eg denne boka velkommen - ei bok i ei demokratisk form. Ei som mange har råd til, og vil lese og kan forstå. Ei bok om lengselen som alle har, men som mange har glømt eller undertrykt. Ei bok som kan vekke lengsel i eit daudt, norsk berg. Ei bok som praktiserer det ho teoretiserer om. Landet blir aldri meir det same når eg opnar boka. Skuldrane mine ramlar ned. Skuldrer ramlar ned over heile landet. Tida stoppar. Tida snur. Alle går til valurnene. Dei står i kø for å røyste ved valet. Arm i arm, står dei, utan å skvette til sjølv om hud rører borti hud. Hudkontakt kjennest som godt, ikkje klamt.

Og denne boka, la oss kalle ho LoL, blir omsett til engelsk og kinesisk, til Mars og Jupiter, og indre og ytre rom. Resonansen frå lengta frå alle lesande snur tog som var på veg til Auswich, vekker Jesus, vekker vakta på Tsjernobylkraftverket, og lar han sjå endringa i trykk i reaktor 2, og hindrar eksplosjonen, destruksjon, daud.

Då filosofen Thales føreså ei solformørking, vart han upopulær. Tusen år seinare lar ein serieteiknar Donald Duck føresjå ei solformørking. Så populær blir Donald då blant kannibalane, at han blir redda opp frå den svarte gryta, og overlever. I det lange løpet, lærer Thales av sin skjebne, og tar neste gong det grepet som skal gjere han til den første definerte filosof, og som gjer filosofi som lære og filosofiyrket anerkjent.

Korleis det går vidare med dei rundt 29 sjebnane som Østby byrjar diktarutgåva av, er grunnlag for eit leksikon på like mange band. Frå A til Å. Eg ville ha lese dei alle i hop. Kontrafaktisitet og ei fruktbar blanding av sak og skjønn, er noko av det som eg fell for:

Østby trekk det meste i tvil. Kjelder, til dømes: Skriftlege kjelder, frå antikken av. Østby skriv om vedtekne historier, historikkar, skriftlege kjelder. Fenomena objektivitet og sanning blir tematisert i innleiinga. Der seier Østby det berre som det er, at jau, det er klart det er Hilde Østby som utgjer "redaksjonen" for dette leksikonet. Men, skriv ho, la oss for objektivitetens skyld kalle henne for Liv Heløy. Og denne Heløy, boy, can she write. Ho kan tenkje, og har empati, ei fin kjensle for kjensler og behov. Forordet er godt tjuna at du kan stemme lyra di etter det. Først eit avsnitt som lokkar lesaren inn. Affekt, kanskje patos. Så eit avsnitt av logos, logikk, og så ethos, eit moralsk innspel. Før det blir runda av. Alltid lenge nok i kvar stemning, til å kjenne på tilfredsstillinga. Aldri lenge nok til å gå lei. Ei endelaus rekke av passe gode bitar, denne boka, ei makelaus bok, og ikkje berre det; eit debutverk.

Hilde Østby (f. 1975) er utdanna idéhistorikar, og jobba lenge som journalist. No er ho informasjonsansvarleg for Norsk Faglitterær Forfatterforening, og bur i Oslo. Ho er venninne av redaksjonen for denne meldinga. Denne meldinga kan difor ikkje sjåast på som ei objektiv melding som så, men ganske enkelt ei affektert, ektekjent og entusiastisk tilråding. Eventuelt ei udemokratisk og totalitær ordregiving: Lån eller kjøp denne boka, og lær, gjennom latter og gråt, forskjellen på skjønnlitteratur og sakprosa. Og ver budd på å måtte gruble litt. Som ein spegel i ein spegel, ei gåte i ei gåte. Som den form for litteratur som er kos - på den intellektuelt stimulerande måten. Frå ein reaksjonssekretær, Østby, som nyttar ytringsfridom til å skape eit unikt verk. Eit verk som er eksperimentell i forma, og avansert i språket; eit verk som FrParar ville kalla elitistisk, ikkje folkeleg. Og det kan vere blandinga av det låge (som i dette verket får funksjonen av å vere det affekterte, autentiske) språket, og det oppheva, nesten arkaiske:

"Perfetutum", begynte det. "Culus!", som kan oversettes omtrent slik: "Fuck you, fuck you, fuck you, jævla idioter og anusåpninger fuck you" sto det (og jeg parafraserer innholdet i teksten her, da det er vanskelig å oversette hennes merkelige versjon av latin, inspirert av den romerske poeten Catullus).

Østby skriv både øvst og lågast, og blande det liksom ludderaktige (igjen -  emosjonelle, ikkje vulgære) med det sofistikerte, gjerne i same setning, er ein karakteristikk ved Østbys språk, og er gjort på ein måte eg før har sett hos Jon Fosse, Pedro Carmona-Alvarez, Bob Dylan. Paradoksalt nok gir dette mindre merksemd til språket, meir til tema. Språket må ta skritt attover, og finne seg i å vere underordna

liksom underlagt "redaksjonens" affektar. Forma, stilen er berre eit instrument i hendene på affektar.

Slik gjer LoL seg uangripeleg for kritikk. Det same gjer nokre poeng som går att i fleire kapittel, som ein hang til å masturbere seg sjuk eller til daude. Men også dette rettferdiggjer redaksjonen av boka. Men sia eg har innrømt at eg er venn med bokas redaksjon, må eg finne noko å kritisere. Som er dei siste to avsnitta i bokas føreord. Der bed forfattaren om orsaking for sitt eige verk. Eg synest det er å overforklare prosjektet.