Magasinett

Utskrift

Livet rekonstruert

Skrive av Mette Karlsvik .

Foto: Niklas Lello / Aschehoug

"Anna. En fabel om klodens klima og miljø" er eit klimatidsbilde malt på eit lerret av ei kjærleikshistorie. Forteljinga er rørande vanleg, og bilda av jorda, konstruerte. Det siste er det skremmande ved boka.

 

Anna. En fabel om klodens klima og miljø
Jostein Gaarder
Aschehoug, 2013
160 sider


Kjære lesar,

eg har ikkje lyst til å deprimere deg. Men.

Kjære lesar,

eg skulle ønske at eg kom med godt nytt. Men.

Sanninga er at eg og dei andre i generasjonen over dokker,

at foreldra mine og foreldra deira

har brukt det nest mest dyrebare på kloden. Vi har brent det opp, har fyrt motorar i bilar og fly, først og fremst.

 

Tilgje oss for å vere så tilbakeståande og enkle.

Tilgje oss for å prøve å smitte dokk med transport – og forbruksvanane våre.

Vi klarar jo ikkje å smitte dokker, gjer vi?

Kjem de til å gjere dei same feila som oss?

Om også lite bærekraftig livsstil er arveleg, er eit tema for Anna. En fabel om klodens klima og miljø. Ein tematisk roman, ein som Gaarder hevdar å ha skrive med saka for auget. Gaarder snakka dei litterære kvalitetane ved romanen så mykje ned, før eg las han, at eg vart positivt overraska. Svært positivt overraska!

Nett no er Anna den perfekte ungdomsboka. Den som eg vil at du skal lese. 

Anna (...)er romanen om femten-sekstenårige klimaforkjemparar. Teksten er todelt. Ein har eit meir faglitterært, essayistisk spor. Rundt dette, er forteljinga dytta. Lune scener frå kanefart under skinnfell, kontrastert av ein våtare form for kulde, i andre scener.

Ei kjærleikshistorie gjer det tunge stoffet lettare å bære. Kjærleikshistoria mellom Anna og Jonas er eit verkemiddel for å formidle sakstoffet. Forteljing er eit grep. Gaarder har godt grep om forteljinga. Han vel ei kjærleiksforteljing som ramme, og gjer det medvite. Det må vere ei kjærleikshistorie som ramme fordi det handlar om å gi kloden vidare. Det handlar om kva ein gir vidare til dei som kjem etter, og korleis. Det handlar om dei som kjem etter, og om dei som har vore. Og om kva spor den einskilde set att etter seg. I boka Anna får ein vite noko konkret og vitskapeleg om spora som vi sett etter oss no. Hovudpersonen Anna set spor att i meg. Ho viser meg at engasjement hjelper. Engasjementet hennar gjer noko med ho. Det ho les om dagen påverkar drømmane hennar. At ho er så engasjert gjer Jonas engasjert i henne. Dei blir kjærastar gjennom dette som dei engasjerer seg i saman. Og det som dei saman gjer, det blir viktig for fleire. 

Gaarder har hevda, i media, at han har vore medvite didaktisk og pedagogisk. Jau då, det er greitt det. Det er ikkje ei stor synd, heller ikkje kunstnarisk. Også det eit grep, kan ein vel seie, for å bygge opp ei forteljing. Den som lærer, den skil ut endorfinar. Det som får ein til å skilje ut endorfinar, det får ein til å ville lese vidare. Og ikkje minst gjer pedagogikken språket lunt. Den som fortel, tar seg tid til å forklare. Språket blir enkelt og greitt. Enkelt språk er godt språk. 

Det er så mange måtar å lære på. Å lese teori er ein ting. Ein annan måte er å sjå førebilde, og herme dei. I boka Anna har ein begge delar. Teorien er der. Men førebildet, Anna, er også der. Eg tilrår boka, og trur at unge tenåringar har mest utbytte av ho.

Romanen har vore kritisert for det usannsynlege og urealistiske. Anna (...) er jo ikkje nokon realistisk roman. Tvert om. Ho peikar på fiksjonen, og gjer lesaren medviten fiksjonen. Fiksjonen kan bli alt ein har å kjenne artsmangfald på, i framtida. Difor skal romanen vere urealistisk, synest eg. Men eg synest at Gaarder kan ta eit steg vidare i måten han kombinerer sakprosa og skjønnlitteratur. Her har han ikkje utvikla seg svært mykje på dei 22 åra som har gått sia Sofies Verden kom ut. No, som då, var det to spor. Forteljinga, og sakprosaen. "Sofie" las essays og foredrag. No og då tok ho pausar, stilte spørsmål, eller erfarte noko meir. "Anna" les "Jonas'" lange essay om klima. Ho tar pausar, stiller han spørsmål. No, som då, framstår det noko lettvint. Gaarder kunne integrert det essayistiske stoffet betre i fiksjonen. Det kunne ha endra realismen i romanen. I kva retning, det kan eg berre drømme om. Og skal eg tru Anna, er det mykje å lære – om seg sjølv – frå draumane sine.