Er demokratiet i fare?

Eg veit at dette er eit emne eg har tatt opp ved fleire anledningar på bloggen, men eg meiner at dette er eit viktig tema som eg personleg aldri vert heilt ferdig med – kanskje mest fordi eg ikkje heilt har kome fram til eit konkret svar. Ungdom og politikk – kva er eigentleg hovudproblemet der? Har ungdommen blitt for bortskjemt, eller har det seg slik at politikken har blitt for keisam og lik?

Eg las nettopp ei sak på aftenposten.no, skriven for nesten eit år sidan der ein diskuterte om ungdommen no til dags er bortskjemte eller ikkje. Det er fleire personar i Noreg, anten vedkommande er småbarnsmor, arbeidslaus eller pensjonsist som føler at mange av dei i den yngre generasjonen har det slik at dei får alt dei peikar på, er uhøflege og veit ikkje kva manerar eller normar er for noko. Politiførstebetjent Berit Michelet meinar at ungdommen er overstimulert og manglar respekt, mens kunnskapsminister Kristin Halvorsen uttalte at oljeformua er ei sovepute for mange i dagens ungdomsgenerasjon.
Barneombud Reidar Hjermann meiner noko anna. Han seier at det finnst frekke og uhøflege menneske i alle aldersgrupper. Han påstår at beskyldningane mot norsk ungdom som bortskjemte og uhøflege er sterkt overdreven.

“- Ungdom er ikke mer bortskjemt enn voksne. Men som nordmenn er vi bortskjemte fordi vi lever i et rikt demokrati. Jeg opplever uhøflige frekkaser i alle aldre. Men det får meg ikke til å generalisere og si at alle mennesker er uhøflige, kravstore og late.”

Det tjuande århundret blei til slutt demokratiets århundre, sjølv om det satt langt inne. Stein Ringen, professor i sosiologi og sosialpolitikk ved Universitetet i Oxford meinar at demokratiet er i fare fordi det står åleine i verda utan truverdige alternativ til konkurranse. Demokratiet er i fare fordi me vert frista til å ta det for gitt, til å konsentrera oss om meir underhaldane saker enn politikk – slik som å tjena og bruka penger for å feira at me er så vellykka. Ringen meinar at me må byrja å mobilisera demokratiet sitt forsvar, for å finna nye arbeidsmåtar for at det kan bli utvikla og forbedra. I det tjuande århundre har det skjedd meir enn sytti gonger at demokratiet har kollapsa og tvungen til side av autoritære regimer. Vidare forset han med at demokratiet alltid er i fare fordi det alltid er i fare. Det er for fristande for oss borgarar å gløyma at demokratiet forutset at me, kvart enkelt av oss, sterkt ynsker å leve i demokratisk fridom og derfor må gi demokratiet den oppslutninga som det treng. Er det slik det har blitt? Har me blitt for vandt med å få alt servert på sølvfat i bytte mot til sølvmyntar til at me ikkje kan kjempa for demokratiet?

Me skal snart ha kommuneval i Noreg. Ved førre kommuneval hadde Noreg den lågaste valdeltakinga nokon sinne. Dette er ein internasjonal tendens med lågare oppslutning ved val. Borgarane i demokratia er skeptiske og nølande til å vera med å påverka politisk og ikkje minst demokratiet sjølv. Ved Europavala delktok knapt enn ein tredjedel av velgjarane. Synkande valdeltaking er eit tilbakeskritt for demokratiet. Men kva er eigentleg problemet? Mange gir kommentarar i retning av at problemet ligg i demokratiet meir enn hjå veljarane. Når færre veljarar går til valurnene, vert det for enkelt å påstå at folk har blitt egoistiske og likegyldige. Kvar er syndebukken? Noko heng sjølvsagt saman med globalisering, for auka økonomisk makt glir ut av nasjonalstaten og inn i overnasjonale arenaer vil då nasjonale val utgjera ein mindre del av makta i samfunnet. Då synker jo sjølvsagt stemmeseddelen sin kjøpekraft og då vert det heile ein forståelig reaksjon at veljarane vil leggja mindre vekt på å bruka stemmeseddelen.

Så er det der det ligg? Kan me ikkje skylda på at ungdommen ikkje stemmer fordi dei er bortskjemte – fordi heile befolkninga er det? Har nasjonalstaten Noreg blitt til eit land ser innbyggjarane er sjølverklærte prinsar og prinsesser?

Britt Mari Engeskar

Leave a comment

Your comment