Magasinett

Utskrift

Vaksenlivet, katten og eg

Skrive av Vilde Amalie Tolo .

Illustrasjonsfoto: Veronika Homchis/Unsplash 

Kva vil eg? Det er val, og det er valalternativ, og det er fleire val, og det er heile tida. Det slit meg litt ut.

 

Det var ein gong medan eg gjekk på barneskulen at vi fekk oss katt. Perfekt. Eg likte katten. Eg bryr meg om han no òg, altså. Eg gjer eigentleg ikkje det. Jo, eg gjer det. Det er fint å dulle med katten, klappe og kose, stryke og klø. Og katten synes det er kjempefint. Han synes det vel eigentleg ikkje. Jo, han synst det.

Katten sit på tunet når eg kjem. Eg snakkar litt med katten. Hallo, ta meg med inn. Han har sete der lenge, venta på meg. Vi går inn, men katten vil ikkje vere inne. Han går ut, men vel ute vil han inn igjen. Eller vil han? Kva vil han eigentleg? Eg veit ikkje. Eg trur ikkje han veit det heller. Det er snakk om motstridande meiningar. Katten veit ikkje. Eg veit ikkje heller.

Det er vel gjerne slik det er å bli vaksen. Ein vil, men ein vil ikkje. Ein skal stå aleine, men ein skal ikkje. Ein skal klare, men ein skal ikkje likevel. Mamma, kan du hjelpe meg med dette? Ja, det kan ho. Men nei, ikkje hjelp meg. Eg vil ha hjelp. Eg vil det eigentleg ikkje. Jo, eg vil. Kva skal eg gjere? Eg veit verken kva, korleis eller kvifor. Kanskje mamma veit det. Ho kan hjelpe. Nei, ikkje hjelp meg. Eller jo. Men det hjelper ikkje. Eg ville jo ikkje ha hjelp uansett. Men likevel.

Det er ikkje lett, verken for henne eller meg. Kanskje heller ikkje for katten. Kanskje er det historia om fleire liv enn berre mitt, mamma og katten sitt. Eg vil klare meg sjølv, men eg vil ikkje. Eg vil stå på eigne bein, men eg vil ikkje. Eg vil gjere sjølv, men eg vil ikkje. Eg vil tenkje sjølv, men eg vil ikkje.

Kva vil eg? Det er val, og det er valalternativ, og det er fleire val, og det er heile tida. Det slit meg litt ut. Kanskje slit det katten ut òg. Eller kanskje har han berre akseptert det.