Magasinett

Utskrift

Når ein intellektuell har det vanskeleg

Skrive av Astrid Underlid .

Illustrasjonsfoto: Jordan Sanchez/Unsplashed

Ein kan bli skikkeleg, skikkeleg smart av å ha det vanskeleg som intellektuell.

 

Eg har hatt det litt kjipt i det siste. Litt er kanskje litt å underdrive, men det gjeld å halde seg diskré…. Den nynorske verda er ikkje så stor når alt kjem til alt, og Sogn og Fjordane er endå mindre! Før vi rotar oss bort og kjem inn på bygdesladder, vil eg halde fram med å seie at det i det siste har skjedd mykje både inni meg og rundt meg som har vore tøft å handtere. Igjen, hemmeleg «attitude» på bygda må til! Meir får de nok ikkje vite, dessverre. Det er ikkje SEogHØR du les no, nei! For dette er ikkje eit typisk oppslag der å-kjendis Astrid Underlid opnar seg opp og fortel om «då alt var svart, og alt håp var ute» ti år etter at problema løyste seg, med no livslang suksess og millionar i lomma.

Dette er eit innlegg som handlar om kor rart ein intellektuell person handterer det å ha det vanskeleg. Eg klarar ikkje alltid stå opp, å dusje eller å lage mat. Eg klarar ikkje alltid å skifte frå pysjen før det er for seint, ta meg ein tur i frisk luft eller gå på matbutikken om eg no plutseleg har fått skyhøge ambisjonar om at det igjen vil føre til at eg kan klare å lage mat når eg til slutt kjem tilbake frå utflukta.

Men å skrolle gjennom fjesboka og bruke ein time eller tre på å lese viktige innlegg om #BlackLivesMatter, #NeitilNorgeiSyria #WelcomeRefugees, #Thin/White/Male/StraightPrivilege, det går som det berre susar skal eg fortelje deg! Så dei stakkars nære vennane mine blir jo heilt forvirra: det eine sekundet kjem ein (eller) fem linkar til artiklar eg vil prakke på dei, det neste sekundet kjem ein gråtande smiley og triste ord.

Det er sant det dei seier om at å ta alvorspraten over tekst, det er veldig kompliserte saker. Særleg med ein intellektuell, som gøymer seg bak lidenskapen for verda. Herregud, så lett det er å gøyme seg bak lidenskapen for verda, for så å plutseleg kollapse når ein innser at ein verken kan fikse verda eller sine eigne problem når ein held på på denne måten.

Men ein kan bli skikkeleg, skikkeleg smart av å ha det vanskeleg som intellektuell. Ikkje for å skryte, men denne veka har eg nesten vorte flytande i fransk. Eg hadde kanskje eit godt grunnlag, men sidan fransk barnetv om ein lykkeleg familie har blitt mi største avkopling frå dei kompliserte tankane mine, kan eg fått sett nokså mykje i løpet av ein dag, og ei påfølgjande vakenatt. Så det var altså dette som skulle til for at eg endeleg vart flytande i fransk! Eg har jo jobba mot det i årevis og voilà, j’ai réussi!

Det tar kanskje litt lengre tid før eg vert lykkeleg igjen, men hei, no kan eg snart bli ein rik student som tar vikartimar i fransk! Overklassestudent kallast det! Om ein klarar å kapre jobbane ein eigentleg skal få etter å ha fullført eit anna studie enn det studiet ein faktisk held på med, ja då får ein direkte innpass i overklassen. Aldri så gale at det ikkje er godt for noko, eller kva? (Synd vi ikkje lærte i ex.phil kva filosof som kom med dette flotte ordtaket!)