Magasinett

Utskrift

Den vakraste kjærleiken er den som varer evig

Skrive av Linda Watten .

Illustrasjonsfoto: Colourbox

Den evige kjærleiken er ikkje berre i bøkene. Historiene som varmar hjarta ditt er ikkje berre dei som er oppdikta.

 

Den vakraste kjærleiken er den som varer evig. Den som overlever eld og vatn, sjukdom og nedturar. Som består når alt er på det verste, og som kjem seg over alle hinder og tunge dagar. Den som blømer og lagar liv når alt er trygt og godt. Den som spirer sjølv etter mange år, og som ikkje døyr ut, fordi den bærer med seg så mange gode minner, gode dagar, og gode følelsar. Litt på tross av, mest på grunn av. Ja, den vakraste kjærleiken er den som varer evig.

Dette var orda mine talen eg heldt i min bestefar si gravferd. Ein månad tidlegare hadde eg sete der i kyrkja, med handa mi i bestefar si. Me hadde teke farvel med bestemor, sårt og uventa. No hadde bestemor rukke ut handa si, og bestefar hadde teke i mot. Eit liv utan kvarandre var ikkje eit liv for dei.

Evig kjærleik. Den vakraste. Den kjærleiken du aldri gløymer. Den som har slått rot, spirt, grodd, og som ikkje – aldri – slepp taket. Den som stadig vender attende til deg, minner deg på kvifor den er der, og står i blåsten på godt og vondt. Den kan vera smertefull fordi den er utfordrande, men vedunderleg fordi den er så ekte. Evig kjærleik.

Litt som Noah og Ali i The Notebook. Favorittboka og favorittfilmen min. Historia om dei to kranglebøttene som fell hardt og brutalt for kvarandre. Ung kjærleik som ikkje skulle bety noko slo rot, og blei verande. Ein kjærleik utanom det vanlege, og ein kjærleik som bestemde seg for at den skulle vare livet ut, koste kva det koste ville. 


Dei starta kvart sitt liv, utan kvarandre, men då skjebna førde dei saman att mange år seinare, var det med tvil og samstundes tryggheit dei valde å bli verande hjå kvarandre. Dei visste det kom til å bli tøft, hardt, vonde og gode dagar, men dei visste at det var slik det skulle vera. Dei to. 


Då demensen sette ein stoppar for kjærleiken deira mange år seinare, sørga Noah for at Ali aldri gløymde heilt kven ho var, og kven ho høyrde til hjå. Til og med når denne vonde sjukdomen råka, sette ein stoppar for kjærleiken, og hindra dei i å føle, så vann den evige kjærleiken. Den evige kjærleiken fekk Ali til å hugse Noah, nokre få gonger, i nokre få minutt. Minna om dei to, og kjenslene som berre dei to hadde saman, fekk ho tilbake til det som var trygt og godt. Den evige kjærleiken.

Noah og Ali er ei historie om evig kjærleik. Om sjukdom som sette ein stoppar, men om den evige kjærleiken som likevel viste seg som det den er. Evig kjærleik er den vakraste. 


Men dette er ein oppdikta historie seier du. Ein historie i ei bok.

Ja, svarar eg. Men dei vakre historiaene finst ikkje berre i bøkene. Den evige kjærleiken er ikkje berre i bøkene. Historiene som varmar hjarta ditt er ikkje berre dei som er oppdikta. 


Historia om bestemor som ikkje kunne leve eit liv utan bestefar, og strakk ut handa si til han, er ein av dei. Ei heilt ekte kjærleikshistorie. Ei historie om to menneske som ikkje greidde leve utan kvarandre. Ei historie om den evige kjærleiken. 


Og det finst fleire. Mange historier der ute er unike, og fortener å forteljast. Dei fortener å forteljast så andre kan bli varme om hjarta, og aldri miste trua på at ekte, og evig kjærleik eksisterer. Historia eg skal fortelje no er ein av dei. Ei historie eg opplevde på jobb som pleieassistent på omsorgssenter, ein vakker sommardag i juli.

Pasienten min kvilte på senga etter middag, og eg skulle inn for å hente han. Han var dement, og hugsa ikkje stort frå dag til dag. Det var vanskeleg for han å forstå kven han var, kven dei rundt han var, kor han var, og kva fortiden hadde bestått av. Denne ettermiddagen var stressande, og eg skulle skunde meg med å få han ut til kaffitid. 

Han gløtta på auga, såg på meg, og smilte.

Kaffi? Ja, det ville han ha.

"Kom då!" sa eg og gav han handa mi.

Han tok ho ikkje.

I staden for sette han seg på sengekanten.

God tid, det hadde han i dag. 

Vanlegvis pleidde han komme med ein gong eg gav han handa.

Litt oppgitt prøvde eg meg ein gong til. "Kjem du?" eg snudde ryggen min til, og forventa at han kom etter då han reiste seg opp.

Eg gjekk mot døra, men han gjekk ikkje etter. Eg snudde meg.

I staden for å kome, gjekk han bort til veggen der det hang eit bilete. Han såg på det, før han tok det ned, snudde seg mot meg og sa "kjenner du ho?"

Eg stoppa opp. Smilte. Ein klump i halsen kom tydeleg fram. "Nei," svarde eg.

"Nei... ho er vel for gammal til at du kan kjenne ho" sa han, og sette seg på sengekanten.

Han heldt biletet opp føre seg, og såg lenge på det.

"Det er kona mi."

Eg såg på han. Klumpen i halsen min blei brått større. 


"Men ho er død no". Han såg på biletet igjen, smilte hjarteleg, og såg på meg med store auge.

"Var ho ikkje pen?"

Han smilte inderleg og varmt, og eg blei sjølv heilt varm om hjarta der eg stod.

"Jo, ho var veldig pen" svarde eg, og smilte varmt tilbake til han.

Han såg lenge på ho. Stirra, som om han sugde til seg alle tankane og minna om ho. 


Der var me, eg og han. Der og då eksisterte me på ein julidag i 2016, men han var heilt tilbake til kvardagen med kona si, mange år tidlegare. Han som ikkje hugsa kva dag eller klokkeslett det var, hugsa kona si, og kjærleiken han opplevde med ho. Akkurat der og då, i det vesle rommet hans på omsorgssenteret. 


Han løfta biletet mot hjarta. Så lo han, høgt og hjarteleg. Heile overkroppen rista, i det han lo og knuga biletet mot brystet.

"Og ho var så SNILL! Og god!"

Han gliste. Smilte og lo ut i rommet.nAugo glitra i det minna om kjærleiken strøyma over han. 


Han smilte til noko eg ikkje kunne sjå. Han smilte som om han smilte til ho. Som om ho var i rommet saman med han. Og det trur eg ho var også. Denne dagen, i dette augneblinken, var kjærleiken i rommet større enn nokon sinne.

"Så bra" sa eg, og snufsa. Klumpen i halsen var faretrugande stor no. 


"Ho var altså så snill! Ho var heilt..." Han fullførte ikkje setninga, men såg ut i rommet igjen. Smilte. Smilte til minna.

"Heng bildet opp att på veggen, er du snill" sa han til slutt, reiste seg, og gjekk ut av rommet for å drikka kaffien han straks skulle bli servert.

Bak han stod eg att. Ute av stand til å prate. Ute av stand til å seie eit ord. Der var den. Rett framfor meg. Så ekte. Så verkeleg. Så varm. Så vakker. Og så sann. Den ekte kjærleiken.

Den vakraste kjærleiken. Den som overlever eld og vatn, sjukdom og nedturar. Vonde dagar, og gode dagar. Som ikkje let noko form for hinder koma i vegen, fordi den er for god til å gjeve slepp på.

 Som består, sjølv når alt anna ikkje går. Som er der litt på tross av, men mest på grunn av. Den kjærleiken. Den vakraste.

Den evige kjærleiken.