Magasinett

Utskrift

Dei verste iblant oss

Skrive av Erlend Skjetne .

Illustrasjon frå boka Chap-books of the eighteenth century (1882) / Flickr.

Erlend Skjetne slår eit slag for valdtektsmenn og pedofile: – Dei er menneske, dei òg.

 

Det har vore mykje snakk om dei i året som har gått. Det toppa seg med Hemsedal-saka og no med Bergen-politiet si opprulling av ein slags norsk overgrepsliga.

Alle desse tekstane
«Vi hater ikke menn, vi hater voldtektsmenn,» skriv Tegnehanne i si Aftenposten-spalte. «Jeg vil at du skal føle deg som en totalt ubrukelig idiot hvis du så mye som tenker på å voldta,» seier komikar Trine Lise Olsen. «Vi trenger barnebøker om overgrep,» skriv ein litteraturkritikar. «La oss gjøre det jævlig vanskelig å være pedofil,» skriv ei mor.

Alle desse tekstane blir delt tallause gonger på verdsveven, og i kjølvatnet kjem gjerne eit nytt oppslag, som byrjar såleis: «Reaksjonene har vært overveldende etter at …»

Ja, i sanning: Les ein diverse kommentarfelt under lenker til slike «sterke» tekstar om overgrep, er det knapt grenser for kva primitive og hatske fråsegner tilsynelatande vanlege menneske slengjer ut av seg – og desse menneska er ikkje valdtektsmennene og dei pedofile, for å seia det slik.

Les vårt intervju med offeret i Hemsedal-saka: Endeleg kjenner Andrea (21) seg trygg i Oslo

Og så bortetter
Nokre tilfeldige døme: «Alle pedoer må henrettes, etter et par uker i gapestokk først. Dette er det værste avskummet som finnes!» «De må innlegges og kastreres samt lobotomeres. Det må opprettes en side slik at alle kan gå inn å se hvem disse psykopatene er.» «Heng opp bilde med navn av forbryterne, i deres bostedsområde, verre forbrytelser enn det de har utført, finnes ikke. Forfølg de til graven, å la de aldri få fred.» Og så bortetter.

I Hemsedal-saka vart ikkje berre bilete av dei frikjende frå rettssaka, men òg bilete av meddommarar som stemte for frikjenning, spreidde på internett.

«Vi må tørre å snakke om …»
Dette er ei typisk og tilforlateleg innleiing på ein eller annan velmeinande tekst om ei eller anna form for overgrep. At all denne snakkinga faktisk fører til ein reduksjon i talet på overgrep, tviler eg sterkt på, all den tid seksuelle overgrep ikkje er rasjonelle handlingar der ein på førehand har lese seg opp for å vurdere fordelar og ulemper. Så det er vel delvis av omsyn til offera, men sannsynlegvis mest for å tilfredsstille vår eigen taletrong, at vi driv og «snakkar» om dette.

Les også intervjuet med Monika (27): – Må snakke valdtekta i hjel

Det er no i og for seg ikkje så farleg. Det er «de overveldende reaksjonene» på all snakkinga som uroar meg: Bør vi verkeleg snakke meir om valdtektsmennene og dei pedofile og alle ugjerningane deira, når sjølve tanken på denne tematikken er nok til å vekkje slik ein mellomalderleg harme, ei veritabel lynsjestemning, i det eg har likt å tenkje på som eit sivilisert og rettssikkert land? Går ikkje vinninga då opp i spinninga, og vel så det?

Det gamle ordtaket som seier at det er verre at éin uskuldig blir dømt enn at ti skuldige går fri, bør framleis vera rettesnora i Noreg. Land med ein motsett praksis på dette feltet, er ikkje land vi har lyst til å bu i.

Les også om den fiktive rettssaka i Bergen tingrett: – Tre år er ikkje strengt for valdtekt

Alt skal opp i dagen
Men om vi no skal byrja fôre småungar med idear om seksuelle overgrep, og idealet skal vera at alt skal opp i dagen så det kan diskuterast av den store allmugen med versalar og tusen ropeteikn i sosiale medium, korleis skal vi til slutt kunne skilja det ikkje så alvorlege frå det veldig alvorlege, den skuldige frå den uskuldige, det sanne frå det usanne?

Kva er det eigentleg som skal bli så mykje betre av at vi skal snakke og snakke, snakke så mykje at vi alle snakkar i munnen på kvarandre, og til slutt ikkje kan anna enn å rope?

Nettopp difor bør eg no ta til vettet og teia.

Men eitt siste poeng må nemnast: Brotsverka ein einskilt forbrytar eller ein liten forbrytargjeng i Noreg greier å utføre, blir småtteri mot alt som skjer ute i verda.

Rundt 400.000 menneske har vorte drepne i den syriske borgarkrigen. Opp mot 500.000 har vorte drepne i Irak sidan den amerikanske invasjonen, og minst 100.000 i Afghanistan i same periode. Til sistnemnde land sender vi unge menneske attende, av di vi ikkje har plass til dei i Noreg. Samstundes held vi på det gode diplomatiske sambandet vårt med USA, denne stolte nasjonen der minst 10.000 menneske blir drepne av skytevåpen kvart år, og der fleire delstatar framleis har ansvaret for å drepe eigne innbyggjarar.

No har vi endeleg òg fått «normalisert» forholdet vårt til Kina, denne imperialistiske «folkerepublikken» som avrettar minst 2.000 menneske i året, og der brota på menneskerettane generelt er så mange og store at ein knapt kan forstå det.

Eg takkar Gud for at vi i Noreg har nokre stakkarslege seksualovergriparar å bruke vreiden og versalane våre på, så vi slepp å gruble over dei millionane som døyr av krigar og statleg terror, for ikkje å nemne fattigdom og svolt.      

Vel, no har eg verkeleg sagt altfor mykje. Men dei som framleis har litt ledig tid, kan lesa diktet «Iallfall» av Arnljot Eggen. Det oppsummerer i eit tydelegare språk det poenget eg ville fram til.

Les også denne teksten av Erlend Skjetne: Kven har rett til å døy?

Kristina Leganger Iversen reagerte på valdtektssak med dikt: «Kvifor tar de ikkje orda og vitnemåla på alvor?