Magasinett

Utskrift

Konfirmasjon – ein beinhard konkurranse

Skrive av Karen Helset .

Det kan vera kjempedyrt med konfirmasjon – ein av fire tenåringsforeldre er bekymra for prislappen, viste ei undersøking frå Sparebanken1 i 2015. Foto: Colourbox.com

«Vinnaren er den som stiller til fotografering i den vakraste bunaden, sit att med mest pengar og dei finaste gåvene når dagen er over.»

 

Rundt om i det norske land sit det i desse tider tusenvis av spente eller letta femtenåringar som i år feirar ein av dei største dagane i ungdomsåra: konfirmasjonsdagen. Kall det gjerne ei stadfesting av dåpen eller ein overgang frå barn til vaksen. Kall det eventuelt ein beinhard konkurranse der vinnaren er den som stiller til fotografering i den vakraste bunaden, sit att med mest pengar og dei finaste gåvene når dagen er over.

Dei aller fleste stiller til startstreken i håp om å kome best mogleg ut av det. Løypa før målstreken er full av varme klemmar, helsingar, lange bibelvers og konvoluttar som er alt for godt limte att. For enkelte er dette viktigare enn sjølve resultatet av løpet, men for ein veldig stor del av landets femtenåringar, er summen på kalkulatoren ein indikator på kor langt oppe på resultatlista ein hamnar, denne eine gongen ein har høve til å delta i Konkurranse Konfirmasjon.

I utgangspunktet bar konfirmasjonen preg av alvor, stadfesting og overgang. Tidlegare var konfirmasjonen obligatorisk og konfirmanten måtte opp til ei munnleg høyring halden av presten. I dag er det eit individuelt val å konfirmerast eller ikkje, og om ein vil ha seremonien i kyrkja. For ein del ungdommar er tru vanskeleg å ta stilling til, og mange vert konfirmert med tradisjon som grunnlag.

Feirast skal det uansett - og det er nettopp denne feiringa som er arenaen for Konkurranse Konfirmasjon.

Det er viktig å sende ut gjennomtenkte invitasjonar i god tid til aktuelle slektningar. Lokalet bør helst vere fint og stilfullt pynta. Originale, heimelaga bordkort som folk hugsar og tek med seg heim, er viktig. Talane må røre folk, biletframsyninga må vere morosam og dei eigendikta songane må rime godt. Maten må vere av beste sort, gjerne også alle sortar, slik at ein kan ete seg stappmett før alle har moglegheit til å ete ei halv kake kvar, dersom ein skulle ønske det. Litt is, karamell- og sjokoladepudding på toppen av kakelasset, treng ein òg. Dessutan må ein berekne nok mat til å kunne invitere til eit stort resteselskap dagen etter, slik at ein er sikra å sanke fleire folk enn naboen. For å forevige dagen, er det viktig at det vert teke bilete av god kvalitet. Enkelte leiger inn ein fotograf for anledninga, medan andre nøyer seg med eige kamera. Konfirmanten må sjølvsagt sjå anstendig ut. Hettegenser og dongeribukse vert bytt ut med ein eksklusiv bunad, vakker kjole eller ein konfirmasjonsdress som vert for liten i løpet av eit år eller to.

Det er ikkje reint få ting som skal klaffe for å gjere sitt livs løp nettopp denne dagen!

Til slutt har vi det som for mange er viktigare enn både konfirmasjonsseremonien og feiringa etterpå: gåvene. Pengesetlar i tjukke bunkar, ein høg stabel med kort og helst nokre gåver i tillegg. Alt saman fint oppstilt på eit gåvebord, nesten som ei peishylle full av trofé.

Mai månad vert farga i gull, sølv og bronse. Pulsen stig i takt med opna konvoluttar og talet på kalkulatoren. Etter ei stund må ofte tolmod og høflegheit vike for adrenalin og konkurranseinstinkt. I innspurten riv ein opp konvoluttane, ein etter ein. Til slutt sit ein med eit sluttresultat, ein sum knapt ein einaste ungdom greier å halde hemmeleg for resten av konkurrentane. Det er av offentleg interesse – ein snakkis. «Kor mykje fekk du i går?»

Så spørst det kven det er som skrik og heiar mest på tribuna? Er det foreldre som ønsker å sjå sitt barn vinne over resten, er det alle nordmenn eller jamaldringar? Kanskje er det ikkje konfirmantane som konkurrerer i det heile teke, men generasjonen over?

Kom, mai, du skjønne milde, gjer skogen atter grøn.