Magasinett

Skrivekløe

Utskrift

Vinnarnovella: Jakt

Skrive av Martine Alvestad .

(Vinnar av Magasinett sin skrivekonkurranse hausten 2008)

Det falske lyset frå datamaskinen gav ansiktet hennar ein unaturleg glød.  Klikkinga av neglene hennar som trefte tastaturet lagde ekko i det bortimot tomme rommet. Noko blinka i høgre hjørne av skjermen. Ho smilte, men det var eit kaldt smil. Det var dette ho hadde venta på – endelig var det hennar tur. Ho leste e-posten, og smilet blei bare breiare.
_ _ _

Jakta var i gong.
   

Hundane gjødde og sprang rundt i lykke, glade for å vere med i denne brutale leika. Jade justerte hagla, og traska vidare opp i fjellet. Pusten satt fast i brystet, og ho kjente smaken av blod i munnen. Mjølkesyra pumpa i leggene.

Jaktlaget var spreitt utover fjellsida, alle med det same årvakne uttrykket. Dei hadde aldri møtt kvarandre før, men dei var alle same typen. Ho møtte blikket til ein spesielt kraftig blond finnmarking, dei nikka kort, som ein profesjonell gamblar ville anerkjent ein verdig motstandar.

Jade stoppa opp, kjente på lufta. Ho smilte ikkje, men nikka fornøgd; vinden blåste i riktig retning. Ho plystra på hundane, kalde dei tilbake. ”Søk!” ropte ho, og dei skøyt vekk frå henne. Tråla fjellet, med snutene i bakken, leita etter dyra. Jade tok hagla av ryggen, begynte å sette inn skota, snart var dei verkelig i gong.

Dei løp oppover, kjempa mot fjellet, ignorerte smerta. Jade var ikkje lagsleiar, men ho haldt eit auge på bikkjene. Ho visste ikkje kven som var leiaren; hadde dei ein leiar? Bråstopp. Hundane sto rolig, med halen ståande rett ut.

Med handa oppi lufta stansa ho heile laget. Total tystnad, hundane hadde fått ferten av noko.

Stemninga blei forandra, alle jegerane krøkte seg saman, gjorde seg mindre, begynte å åle seg oppover. Jade kjente musklane spenne seg, følte adrenalinet begynne å gjøre sitt inntog. Hundane begynte å knurre. Jade hold pusten.

”KYAA!” Den brune skapningen spratt opp frå bak ein stein; hundane ulte og kasta seg etter dyret. Jade sikta, men tre skot braut gjennom tystnaden før ho fikk skote. Den hårlause, brune skapningen på to bein dukka, løp, smatt unna.  Jade banna.

Med sin brune hud gikk den i eit med terrenget og før dei visste ordet av det, kunne dei ikkje sjå den lenger.

”HAAALDT!” brølte ho, då fleire frå jaktlaget begynte å løpe etter. ”Ho går ikkje langt, ho spring til flokken.”

”Hann.”

”Kva?” Jade såg  hardt på ei middelaldrande dame med sølvkvitt hår.

”Det var ein hann,” sa ho. Meir sa ho ikkje.
 
Dei fortsette. 
Sola blei dekka over til slutt, og vatninnhaldet i lufta steig. Jade følte det kom til å bli regn.

---   

Jaktlaget var delt nå. Jade gikk med den gamle dama og     finnmarkingen. Dei sa ikkje et ord. Ho hadde hagla på ryggen igjen, dei hadde bare sett eit dyr sidan sist. Regnet øydela for hundane som tappert gikk og snuste i fjellet.  Jade var skuffa; ho hadde høyrt så mykje om Jakta, men så langt var det ikkje anna enn slit, regn og krangel. 

Dei traska vidare. Jade hadde ikkje hatt noen aning om at fjellet var så stort  Dei hadde gått i eit halvt døgn, og fortsatt ikkje sett snurten av sivilisasjon. Joda, mange restar frå før tredje verdskrig, men ingen nyare teikn. Håret hennar var klistra til panna, og rann ned i auga.

Jade stoppa då dama signaliserte haldt. Hundane knurra. Hun tok hagla fram igjen.

”Ver…tyst,” sa finnmarkingen, så begynte dei å gå sakte, veldig sakte framover.

Rørsle! Jade krøkte seg saman, begynte å sikte. Ein busk 24 meter framfor henne skalv. Ho peka. Dama plystra svakt, eit signal til hundane.

Dei angreip. Tre av dyra sprang opp, hylte, skreik, begynte å springe. Hundane var for raske. Jade var for rask. Eit skot, eit hyl, ein død kropp. Den eine hunden hadde eit tak rundt foten. Finnmarkingen gikk inn for å skyte.

”IKKJE  SKYT! IKKJE SKYYT!” Jade slapp hagla.  Aksenten var rar, men orda forståeleg. Dyret fortsatte å hyle mens hunden ikkje slapp taket i foten, finnmarkingen sto klar til å skyte, men trakk ikkje av. Jade svelgde. Han skulle til å skyte. ”Nei, vent!” sa ho, la handa på skuldra hans. ”Vent.”

”Dei snakkar?” spurte ho svakt, spørsmålet retta mot dama.

Dama nikka kort. ”Visste du ikkje det?” Ho sto med kikkert for å finne det siste dyret. ”Før krigen, blei disse beista rekna som menneskje.”

Jade såg på dyret, den mørke huda som omtrent gikk i eitt med mørket. Men auga…brune, djupe, varme auga lyste mot ho. Det var eit barn. Ho hadde drept eit barn. Herregud. Ho klarte ikkje stå lengre, hun kunne ikkje. Hun falt på knarne, klarte ikkje tenke.

”Disse dyra, disse fæle beista,” begynte dama og la vekk kikkerten. ”Blir kaldt  negra.”

Eit skot, eit hyl, eit dødt barn. Det var Jade som hylte.
-----
Jade rørte aldri ein datamaskin igjen.

-------------

 

Denne novella er skrive av Martine Alvestad (16) frå Sørvær. Den vann Magasinett si skrivetevling hausten 2008. Juryen seier dette om Jakt:

Ei kort, konsis og avslutta historie med eit rivande sluttpoeng. Dette er ei historie som sit godt og vekkjer lesaren si interesse. Språket flyt lett, med fin rytme og sus. Juryen gratulerer!