Magasinett

Skrivekløe

Utskrift

Vi har ein vinnar!

Skrive av Toyni Tobekk .

16-år gamle Martine Alvestad frå Sørvær vann skrivekonkurranse med novella "Jakt".

- Eg vart inspirert til å skrive novella Jakt etter å ha lese om rasismens historie, fortel Alvestad. Nett denne historia vart til som ein skulestil, men ho skriv mykje utanom skulen og. - Eg deltok på ein forfattarleir i sommar, og der skreiv eg ei historie som kjem ut i ei bok i desember.

Ein av hundre
Historia Jakt er den første Alvestad har skrive for nett og det er også første gong ho deltek på denne typen skrivekonkurranse.

Alvestad deltok i konkurransen saman med 99 andre ungdommar frå heile landet. Det er rekordstor deltaking på ein skrivekonkurranse på Magasinett.

Juryen for skrivekonkurransen var forfattarane Linn T. Sunne og Lars Mæhle. Dei meiner historia til Martine Alvestad er ei historie som sit godt og vekkjer lesaren si interesse.

Les vinnarnovella og juryen si grunngjeving her.



 

2. plass i konkurransen gjekk til til Solveig L. Haldorsen sm hadde skrive novella Hopp Harry, Hopp, og på 3. plass kom Marthe Vee med novella Smellet.

I tillegg  har juryen gitt heiderleg omtale til:

Anna P. Hjelmevoll for Vegkrysset og Oda Solhaug Kokslien og Den reddende Engel.