Magasinett

Skrivekløe

Utskrift

Konkurransen godt i gong

Skrive av Elin Moen Karlsen .

sms-dikt
Me i Magasinett har allereie fått inn fleire sms-dikt i konkurransen vår, men me vil gjerne ha endå fleire.

Så hald fram med å sende inn dikt. Du kan skrive både på bokmål eller nynorsk, eller dialekt om du vil det.

Alle dikta me får tilsendt blir publiserte på våre nettsider – magasinett.no. Mellom desse trekkjer me ut ein vinnar som får ein ipod og fem andre blir plukka ut til å få ei trøstepremie.

Sms-diktet du sender oss skal vere på maks 150 teikn. Send det til 90 41 55 50. I ei ny melding fortel du oss kven du er med namn, alder og adresse. Viss du ikkje vil stå fram med fullt namn, skriv du eit kallenamn. Me set veldig stor pris på at ikkje alle er anonyme.

NB! Denne gongen har me bestemt oss for å gi deg eit stikkord til diktet, korleis du vel å bruke dette stikkordet er heilt opp til deg. Stikkordet er ”skumring”. Me gler oss til å lesa ditt bidrag!

Frist for innsending av sms-diktet er 17. Desember.