Magasinett

Skrivekløe

Utskrift

Skrivekonkurranse: Min europeiske draum

Skrive av Redaksjonen .

Foto: Euseson/Wikipedia/CC-lisens

Bli med på skrivekonkurransen vår, og vinn flotte premiar!

 

EU har fått Nobels fredspris for å bidra å bidra til fred og forsoning, demokrati og menneskerettar i Europa. Men ikkje alle er samde i at EU fortener fredsprisen. Samtidig er Europa ramma av ei økonomisk krise med stor arbeidsløyse blant ungdom og sosial uro.

Framtida.no og Magasinett.no lyser i den samanhengen ut ein skrivekonkurranse der me spør om kva fred i Europa betyr for deg, og korleis du meiner Europa bør vera i framtida. Den amerikanske draumen er kjent for dei fleste. Men kva er den europeiske draumen for deg?

Tips til kva du kan skriva om:
Kva betyr fred i Europa for deg?
Kva synest du om at EU får Nobels fredspris?
Kva meiner du bør til for at EU eller Europa verkeleg skal fortena fredsprisen?
Korleis meiner du Noreg bør samarbeida med EU og EØS?
Korleis meiner du Europa bør koma seg ut av den økonomiske krisa?

Håpar du har lyst til å vera med å dela tankane dine med oss!

Sjanger: Artikkel, lesarbrev, kronikk, kåseri eller petit
Lengde: Maks 3500 teikn (inkl. mellomrom), men gjerne kortare!
Premie: 1. premie: 4.000 kroner. Bokpremiar til 5 utvalde.
Innleveringsfrist: 31. desember 2012

Her kan du senda inn teksten!

Ta kontakt med Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. om du har spørsmål!