Velkommen til skrivekonkurranse om stemmeretten!
Skriv om kva du meiner stemmeretten bør brukast til! Over 10.000 kroner i premiar.
Magasinett, Framtida.no og Nasjonalt Garborgsenter inviterer til skrivekonkurranse for ungdom.
Me premierer førsteplassen med 5000 kroner, 2. plass med 3000 kroner og 3. plass med 2000 kroner. Alle som er med i skrivekonkurransen kan bli trekt ut som vinnarar av bokpremiar.
Representantar frå Framtida.no, Magasinett og Nasjonalt Garborgsenter vil sitja i juryen. Kåringa vil finna stad på ein debatt på Nasjonalt Garborgsenter 3. september.
Tips til kva du kan skrive om:
• kvifor er det viktig å bruka stemmeretten?
• bør 16-åringar ha stemmerett?
• får du makt gjennom å nytte stemmeretten?
• korleis kan ein påverke gjennom ungdomsråd eller medlemsskap i parti og organisasjonar?
• kva med dei som ikkje blir høyrde?
• korleis skal ein ta vare på interessene til dei som enno ikkje er fødd? - korleis har du makt over eige liv?
• er ungdom mindre eller meir engasjert enn andre aldersgrupper?
• kva for likestillingssak vil du at me skal feire om 100 år?
… eller noko du sjølv kjem på, så lenge det går inn under temaet “stemmerett”
Sjanger: Artikkel, lesarbrev, kronikk, kåseri eller petit
Lengde: Maks 3500 teikn (inkl. mellomrom), men gjerne kortare!
Premie: 1. plass: 5000 kroner, 2. plass med 3000 kroner og 3. plass med 2000 kroner. Alle som er med i skrivekonkurransen kan bli trekt ut som vinnarar av bokpremiar.
Aldersgrense: under 22 år
Innleveringsfrist: 1. september 2013
Teksten din kan du sende inn her på Framtida.origo.no!
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.