Magasinett

Skrivekløe

Utskrift

Guten som aldri las bøker

Skrive av Marit Lund Bjørnsen .

Det var ein gong ein gut som aldri las bøker. Han kunne springe, snekre, skrive og spele både ishockey og fotball, men lese, det gadd og ville han ikkje.
  ”Andreas, kunne du ikkje bare prøve å lese ei bok. Kanskje du tykkjer om det og vil lese meir”, maste foreldra på han.
  ”Nei! Å lese ser keisamt ut. Det kan da ikkje vere noko morosamt og sitje slik i ro og bla i ei bok og kikke ned på nokre små teikn, som skal fortelje ei historie. Det er mykje artigare å spele fotball!”
Som du sikkert skjøner, var Andreas ein aktiv gut som ikkje likte å sitje i ro, så det å skulle lese, kom ikkje på tale.

Så ein dag skulle han spele fotballkamp. Andreas hadde fått ballen og var på vei mot mål, då ein frå det andre laget plutseleg kom i mot han. Guten gikk rett på Andreas og takla så hardt at beinet hans vridde seg. Andreas skreik og fall i bakken.

Etter fotballkampen greidde ikkje Andreas å gå på foten. Han og foreldra drog på legevakta og legen slo fast at Andreas hadde fått ein kraftig brest og at han måtte halde seg heime frå skolen  i ca. ei uke.
  ”Søren”, tenkte Andreas. ”Kva i verda skal eg finne på når eg må vere heime så lenge?”

På måndagen var Andreas allereie ferdig med leksane for heile veka. Tysdagen gjekk utan at noko skjedde, men på onsdagen kom mormor på besøk, og det var jo ei trøst. Om ettermiddagen kom ho inn og sette seg hos han.
  ”Eg høyrer du kjeder deg Andreas, kvifor gjer du det?” -
  ”Sjølvsagt kjeder eg meg”, svarte Andreas i ein frekk tone. ”Ikkje kan eg gå på skolen og ikkje får eg spele fotball. Det er ingenting å gjere!”
  ”Eg skjønar deg godt”, svarte mormor, ”men no skal eg fortelje deg ei historie:
Då eg var ung jente, hoppa eg ned frå stabbursloftet heime, og brakk foten. Legen sa eg måtte halde senga i heile to månader før eg kunne gå ut og det var ikkje mykje artig må du tru. Men så ein dag kom far min heim med ei bok til meg og sida eg ikkje hadde noko å gjere, begynte eg å lese i ho.
  Boka var så spennande at i løpet av dagen hadde eg lese ho ut. Eg hadde aldri trudd at å lese kunne vere så artig, men så fann eg altså ut at det var det. Det enda med at far min måtte ned på biblioteket i byen og låne fleire bøker til meg”, avslutta mormor.
  ”Så du trur at viss eg les ei bok, vil eg få lyst til å lese meir?”, sa Andreas
  ”Det skader ikkje å prøve”, svarte mormor, la ei bok på dyna og gjekk ut av rommet hans.

  ”Stakkars mormor. Ho trur sikkert at alt er likedan som i gamle dagar da ho var lita. Bare fordi om ho likte å lese, betyr jo ikkje det at eg gjer det, men eg kan jo prøve då, for hennar skuld”.
Andreas slo opp boka på første side og begynte å lese. Han las og las og då mora kom heim frå arbeidet ville han nesten ikkje ha middagen ho hadde med, så oppslukt av boka var han.
  ”Kva har skjedd med guten?”, kviskra mora forundra til mormor.
  ”Eg trur han har oppdaga, kva det er å lese”, smilte mormor, og ho fekk rett.

I vekene som følgde nærmast sprang Andreas til biblioteket etter skolen og lånte seg ei ny bok. Fotballen fortsette han med, men han hadde også funne seg ein heilt ny hobby no.
Det å lese blei kvardagskost for Andreas, og i løpet av veka  las han mellom 5 og  10 bøker,  som enda i ca 500 bøker i året.
Og er han ikkje daud, nei då les han nok enno

27. november 2006


Dette eventyret har me fått av Marit Lund Bjørnsen på 15 år.