Magasinett

Synsingar

Utskrift

Kunstnaren som usynlig mann

Skrive av Frode Grytten .

Popmusikk handlar om å vere synlig, om å bli lagt merke til, om å skilje seg ut. Popmusikaren David Sylvian har gått den motsette vegen. Hans musikalske karriere er eit unik forsøk på å gjøre seg sjølv usynlig. For så å forsvinne heilt.

Seksten år gammal danna David Sylvian popgruppa Japan. Den engelske kvartetten blei raskt populær. Dei stal rått og hemingslaust frå pophistorien, både musikalsk og visuelt. David Sylvian sjølv stod fram som blond, androgyn stjerne med ei stemme som kunne minne om veslebroren til Bryan Ferry.


Japan var på mange måtar den ultimate Popgruppa. Alt var rett. Dei var glamorøse, unge, utilnærmelige, musikalske, perfekt sminka og med ein nærmast overjordisk vakker frontfigur. Alt var galt. Japan var ytre galmour utan dybde. Japan var peroksyd-pop utan sjel. Japan var spel med masker og velutstyrte sminkeskrin.

Etter den enorme suksessen med singelen "Visions of China" og albumet "Tin Drum" i 1981, sa David Sylvian takk for seg. Han hadde komme til punktet der han ikkje bare var fysisk fanga, hordar av fans omringa heimen hans og tvang han til eit liv i isolasjon.

Han var også fange av eigen framtoning. Han ville skrive om seg sjølv, syngje om eigne erfaringar, men han hadde på dette tidspunktet slutta å vere ein person. Han var bare ein popfigur, ein teikneserieskapning. Han var blitt sin eigen rock’n’roll-replikant med raud leppestift og bleika hår.

Personlegdomsendring

Populærmusikken tilbyr artistane ein unik sjanse til å endre sin eigen person. David Bowie er den som mest medvite har gripe denne sjansen, gjennom ei rad med stilskifte har han leikt og lokka med ulike karakterar. Bryan Ferry har brukt popklisjeane til raffinert leik med bildet av seg sjølv som sofisitikert dandy.

Populærmusikken handlar om iscenesetjing av seg sjølv. Elvis visste det. Stones visste det. Velvet Underground visste det. Og pop er ikkje bare musikk, pop er kropp. Det siste tiåret har musikken mange gongar vore meir som eit lydspor til kroppen, artistar som Madonna og Prince har utforska like mange av kroppens hulrom som musikkens notar.

Popmusikk som merkevarer

På nittitalet er det visuelle i popmusikken blitt meir påtrengjande enn nokon gong. Grupper og artistar blir bygde opp på industrielt vis frå grunnen med marknadstilpassa klede, hår, solbriller, fargar, logo, meiningar, identitet, ideologi. Med grupper som Spice Girls og Aqua er popartistane blitt reine merkevarer. Popbransjen er konsumsamfunnets endelige triumf over kunsten.

Snuoperasjon

David Sylvian brukte spel med ytre effektar som skjold for å bli songar. Han seier at han elles ikkje ville ha hatt nerver til å reise seg og syngje. Det var ein dekkoperasjon som seinare blei til ein vits og eit stengsel. Sidan 1983 har han gått heilt motsette vegen: sjølvrådig og sta har han fjerna skjoldet og brukt sitt talent til å oppdage og utforske den verkelige David Sylvian.

— Det er vårt ansvar som skapande menneske, sa han til Melody Maker i 1991. — Det handlar ikkje bare om våre personlige historier, men også om ei sprituell side av oss sjølve. Eg trur denne sida er kopla til noko ein kan kalle det kollektivt umedvitne.

For Sylvian skal kunsten gå forbi det personlige. Han samanliknar det med å stå ved havet og ha ei kjensle av å vere knytt til noko, av å vere open, lengtande, glad og alt som hører menneskelivet til. Kunsten skal skape eit rom der ein kan stille spørsmål. Men eit slikt rom finst ikkje i den industrielle popmusikken.

Den nye David Sylvian

Dei trange rammene og den manglande fleksibiliteten skapte brotet med Japan og fødselen av den nye David Sylvian. Han står fram for første gong på singleplata "Forbidden Colours" (juni 1983). Her er han nettopp ærlig, open og søkande. Og sjølv om songen handlar om fordommar og uforstand (tittelsong til filmen "Merry Christmas, Mr Lawrence"), så er den også som ei ekko av Sylvians personlige søking; har han i det heile tatt ei eiga røyst?

Den musikalske og sprituelle leitinga held fram gjennom tre album på åttitalet. "Brilliant Trees" (1984), "Gone to Earth" (1986) og "Secrets of the Beehive" (1987) er tre gløymte meisterverk no på nittitalet. Tre album som strekk grensene for kva popmusikk kan vere. Tre album som skapar ein heilt ny lyd; ei skjør blanding av pop, jazz og lydmålande ambient.

Møtet mellom ulike musikarar

Som ein Miles Davis hentar han inn heilt forskjellige musikarar for å sjå kva som skjer i møtet mellom dei, han opnar opp for improvisert musikk innanfor popformatet. Og han brukar dei aller beste musikarane til sitt nye prosjekt: Jon Hassell, Mark Isham, Ryuichi Sakamoto, Robert Fripp, David Torn, Steve Jansen, Bill Nelson, Kenny Wheeler. Sylvian er lågmælt, atmosfærisk, improviserande og ukonvensjonell. Han har starta på den lange ferda mot gløymsle.

For mens popformatet sett sjølve verket heilt i bakgrunnen — det er artisten, idolet og imagen som tel, lukkast David Sylvian med å redusere seg til ei røyst frå høgttalaren. All dekoren er borte. Han blir til det han ønskjer å vere; rein musikk, pur musikk, destillert musikk. — Eit stykke musikk må reflektere dei indre kjenslene som får musikken fram i lyset i første omgong, sa han på den tida.

Kritikk

Han blei kritisert for å ikkje kommunisere, for ikkje å vere kommersiell nok. Han forsvarte seg med at han fann det vanskelig å putte inn notar i musikken dersom det ikkje var relevant at notane var der. Han ville strippe alt ned til basis og kvitte seg med det som fanst bare for å halde lyttaren fast. — Sjølv om det gjør det litt vanskeligare for folk å gå inn i musikken eller sjølv om det gjør det mindre underhaldane, føler eg at det er meir ærlig å halde så mykje som mulig i den rå forma, sa Sylvian.

Resultatet var som forventa. Popstjerna slokna. Store delar av publikum vendte han ryggen. David Sylvian forsvann som blå røyk. Hans musikk på åttitalet er sterkt undervurdert, eller meir presist: musikken hans er rett og slett ikkje vurdert.

Fram frå mørkret

Ut frå mørkret og inn i blitzlyset igjen kom Sylvian då Japan overraskande blei samla i 1991. Dei fire medlemmene hadde alle spelt på kvarandres plater, men Japan var historie. Og kompromisslause Sylvian ville at Japan framleis skulle vere historie. Til sterke protestar frå dei andre blei plata gitt ut under prosjektnamnet Rain Tree Crow, ei plate full av improvisasjonsmusikk, merkelige klangar og vakre songar.

David Sylvian var tilbake i rampelyset, og likte det heller dårlig. Hurlumheien rundt Rain Tree Crow gjorde han meir nedstemt enn oppstemt. For David Sylvian er ein musikalsk symjar. Folk ser kanskje stupet og plasket, men få følgjer symjaren under vatnet. Dei legg bare merke til han kvar gong han kjem opp for å puste. Men alt det viktige arbeidet skjer under overflata.

Mens så mykje av den andre popmusikken er skråsikker, høgrøysta og utvendig, er David Sylvian det motsette: han er famlande, forsiktig og spirituell. Sylvians musikk er lyden av ein mann som forsøkjer å gå på egg. Han har brote gjennom sin eigen image og sin eigen stjernestatus. Og ut kjem ein songar som stiller seg sjølv spørsmål om verdien av alt han gjør.

Sterk nok til å bli borte

Den logiske konsekvensen er å forsvinne heilt. Men han gjør det med eit brak i samarbeid med King Crimson-gitaristen Robert Fripp. Saman lagar dei to plater; "The First Day" (1993) og konsertplata "Damage" (1994). Det er uimotståelig tung musikk, vilter, nyskapande og horribel. Sylvian som endelig har funne si eiga røyst, forsvinn i eit hav av gitarar. Det er eit naturlig farvel. Røysta hans er sterk nok til å bli borte.

Sidan har det vore heilt stille. Laughter and forgetting. Latter og gløymsle. David Sylvian er musikaren som ikkje lenger er sikker nok på seg sjølv til å gå gjennom den torturen han meiner det er å gi ut ei plate, for det handlar om å granske seg sjølv djupt nok til å lage musikk som er personlig nok til at plata kan bære hans eige namn.

David Sylvian har lukkast med å bli usynlig. Usynlig og lydlaus. Å vere stille verkar då også å vere einaste løysinga i ei verd som ikkje lenger er i stand til å lytte.

utvalde plater/ David Sylvian

soloalbum

· "Brilliant Trees" (1984)

· "Gone to Earth" (1986)

· "Secrets of the Beehive" (1987)

prosjektalbum

· Sylvian/Czukay

"Plight and Premonition" (1988)

"Flux and Mutability" (1989)

· Rain Tree Crow

"Rain Tree Crow" (1991)

· Sylvian/Russell Mills

"Ember Glance" (1992)

· Sylvian/Fripp

"The First Day" (1993)

"Damage" (1994)

Arkiv, før 2006