Magasinett

Synsingar

Utskrift

Tragedien og rasismen

Skrive av Kristina Leganger Iversen .

Det finst spesifikke roller i ein kvar tragedie, og i norsk media blir desse stadig meir prega av etnisitet.

 

Det finst verdige, kvite offer vi liker å sørgje over og umoralske, mørke gjerningsmenn som hissar oss til debatt. Dei som ikkje passar inn i mønsteret, dei får vi knapt høyre om. Slik fôrar vi rasistane i oss.

Klikkjournalistikken

Nokre offer er meir interessante enn andre – det er ein ganske fæl ting å tenkje på, og å seie rett ut. Vi ser det kvar gong det har vore ein naturkatastrofe, når noko av det første reporteren eller programleiaren seier er om det har vore nordmenninvolvert. Er nokon av oss råka?
Samstundes er nokre gjerningsmenn meir interessante enn andre – det er ein ganske fæl ting å tenkje på, og å seie rett ut. Nokre gjerningsmenn fører til store diskusjonar om politikk, medan andre får oss til å riste trist på hovudet. Korleis kunne det skje, spør vi oss etter ein tragedie, men kva svaret blir, vel, det er dels avhengig av både kva tragedie det var og kva etnisitet gjerningsmannen hadde. Om ein norsk familiefar eller mor drep heile familien sin, diskuterer vi sjeldan norsk familiepolitikk, likestilling, den norske mannsrolla eller norsk æreskultur. Men om ein asylsøkjar eller x-generasjons innvandrar blir brotsmann (eller brotskvinne), då er det plutseleg heile den norske innvandrings- og asylpolitikken som skal diskuterast. Har vi for opne grenser? Har asylsøkjarar for stor fridom? Er innvandrarane nok integrert? Vi må tørre å ta debatten, seier politikarane, oftast frå høgresida. Media stiller viljug opp med sine pennar og mikrofonar.

Debatten er det næraste vi kjem eit legitimt bikkjeslagsmål her i landet. Folk er interessert. Det skaffar lesarar, sjåarar. Derfor slepper media dei mest provoserande påstandane til. Det generer klikk. Og plutseleg har vi aviser som sjølv seier det som det før berre var tvilsame politikarar som turte å seie.

Klikkklikkklikk. Vi klikkar på saker. Det er bilete og overskrift som fangar oss. Vi liker å lese om offer som er like oss, for dei har vi sympati for. Vi liker å lese om gjerningsmenn som er annleis, gjerningsmenn som vi kan gjere noko med, sende ut. Det blir ein debatt om vi skal vere snille eller strenge, om vi skal vere naive eller stille krav. Det heile botnar i redsle for dei som er annleis, for dei som kjem utanfrå. Kvifor skal dei kome hit? Kva rett har dei til å vere her, med oss?

Det er nokon som alltid sitt med bevisbyrda i samfunnet. Nokon som alltid må prove at dei er norske nok, ærlege nok, skikkelege nok, lovlydige nok, likestilte nok, ikkje for religiøse. At dei har rett til å vere her – rett til å kalle seg norske. Dei kan ha norsk pass, kan ha vore oppvaksen her, kan ha foreldre som er fødde her, men framleis er dei ikkje heilt som oss. Dei har eit rart namn, krøllete hår, mørke auge, mørk hud. Det er skummelt, tenkjer vi.

Rasistane i oss
Dei siste tidene har det blitt meir og meir synleg vi avisene: Redsla for dei andre, for korleis dei trugar oss. Det er fleire saker der dekninga til media har vore sterkt prega av det. Maria-saka kom først, der media gjekk bananas då dei trudde at ei blond jente var kidnappa av romfolk. Det viste seg kjapt å ikkje vere så enkelt. Sven Egil Omdal har på utmerka vis kritisert dekninga til norske aviser, og dei rasistiske mekanismane som han meiner låg bak dekninga. «Den ene mekanismen er en urgammel refleks som får oss til å tro det verste om rom-folket. Den andre er en følelse av at hvite barn fortjener bedre», skriv han i saka.

Det få aviser skreiv om var påstandene om at gresk politi i stor grad er infiltrert av dei greske fascistane i partiet Gyldne Dagry, og vert skulda for å drive med politisk motivert vald og trakassering. Det var ingen aviser som spurte kvifor politiet hadde ransaka leiren, eller kva rett dei har til å ta eit barn frå folk, fordi det ikkje liknar foreldra.
Problemet er at saka ikkje er unik. Det er ei mengde av desse sakene, der mørke folk vert framstilt som farlege, og lyse folk vert framstilt som offer. Sjølvsagt skjer det jo, at «mørke» folk utfører lovbrot og at «lyse» folk blir offer, men når media framstiller dette som tendens, at vi (les «vi lyse») er truga av dei (les «dei mørke») så er det skumle saker på gang. Særskilt om denne framstillinga kjem fordi det er den gode historia, fordi det er denne framstillinga som sel aviser.

Framsider til å bli mørkeredde av

Måndag 28. oktober hadde til Aftenposten denne framsida, der dei hadde bilete av 14 unge menn. Auga deira var sladda, det gjekk ikkje å sjå kven dei var, men det var lett å sjå på ansikta deira kvar dei var frå. Overskrifta lød: «14 unge ranere fra 2002 er dømt 57 ganger siden».

Eg såg avisa på ein kiosk, og blei så sjokkert at eg måtte ta bilete av henne. Då snakka ein mann til meg, det var tydeleg at framsida òg hadde fanga hans merksemd.
– Det er sjokkerande, sa han.
– Ja, sa eg, og tenkte at her var ei meiningsfelle.
– Det er så ein bli mørkredd, svarte han, og eg såg på han med rynka augnebryn.

Mørkredd. Kva meinte han? At han blei redd for mørke folk, fordi det ifølgje Aftenposten er dei som ranar? Mørkredd fordi rana flest skjer om natta? Eller var det heile ein kommentar på korleis Aftenposten så openbert spreidde rasistiske stereotypar?
Eg prøvde seinare å lese i saka kven desse unge mennene var. Eg tenkte at kanskje avisa hadde intervjua dei, laga ei skikkeleg sak om kven dei var, og kvifor nett dei hadde blitt ranarar. Men det hadde dei ikkje. Dei presenterte dei med alder og opplysingar om kvar dei eller familien deira var frå, i tillegg til å skrive om brotsverka dei var dømde for. Nokre var fødde her, andre var asylsøkjarar. Berre ein av dei fjorten mennene hadde dei intervjua. Han hadde ikkje gjort noko gale på fleire år.

Oss og dei. Saka i Aftenposten gjorde ikkje forsøk på å skape noko bilete av kven desse menneska var, kva liv dei hadde hatt, kvifor dei hadde enda opp som unge ranarar. Det avisa gjorde var å syne fram 14 unge valdsmenn som var «utanlandske». Dei fora rasistane blant oss.

Nokre valdsmenn sel. Nokre ofre gjer det same.

Offeret ingen fekk høyre om

Blant dei siste og verste tragediane er bussdrapa i Årdal, der gjerningsmannen var ein asylsøkjar med avslag, som snart skulle sendast ut. Eg vil ikkje skrive om han, men eg vil skrive om dekninga av offera for tragedien. For igjen blei det synleg at nokre ofre er meir interessante enn andre.
Etter den forferdelege tragedien i Årdal som kosta tre menneskeliv dekka Bergens Tidende minnestunda til eitt av offera. På framsida sjette november ruvar overskrifta «Margaret var kjempeblid, pliktoppfyllende og alltid fornøyd. Vi er alle sterkt preget av det som har skjedd», eit sitat frå ein tidlegare lærar, medan resten av framsida er dominert av biletet av det unge drapsofferet Margaret Molland Sanden. Minnestunda hennar er òg dekka med ei heil side seinare i avisa, der journalistane intervjuar fleire av hennar vener og kjente. I saka skriv dei òg eit par setningar om bussjåføren Arve Kvernhaug, om enn langt mindre enn Molland Sanden. Dei har snakka med arbeidskollegaer, som fortel om Kvernhaug og minnestunda dei har for han.

Om det siste offeret for tragedien var det skrive kun fire korte setningar i avisa. Ei setning i saka:

«Også svenske Brahim Khouya, bosatt i Göteborg, mistet livet i tragedien,»
I faktaboksa ved sidan av sto det tre setningar til:

«Brahim Khouya (53) bosatt i Göteborg, svensk statsborgar. Khouya var pleiemedhjelper og var i Sogn og Fjordane i forbindelse med arbeid. Han var opprinnelig fra Marokko og skilt.»
Det var ingen som hadde ringt hans familie, eller hans arbeidsplass. Om det har blitt haldt noka minnestund for han, står det ingenting om. Kanskje tenkte dei i BT at han ikkje var eit interessant nok offer for oss.
Alle dødsfall er tragiske

BT bruker ikkje plass på Khouya. Men i svenske Kungälvs-posten har dei skrive om han, for Khouya hadde budd i Ytterby. I avisa intervjuar dei både ein tidlegare utleigar og sjefen hans her i Noreg. Alle skildrar han som ein positiv, snill og utadvendt person. Han var nett ferdig med eit to månadar langt vikariat i Årdal då han sette seg på bussen.
Kungälvs-posten har òg med den siste oppdateringa Khouya har frå Facebook. «Har oförglömliga minnen härifrån», skreiv Khouya om tida si i Framtidsfylket.
Det kan minne oss på ein viktig ting: Eit kvart liv er ukrenkeleg, eit kvar liv er ei samling uforgløymelege, uvurderlege opplevingar. Eit kvart tapt liv er ein tragedie.

Det burde ikkje finnest oss og dei i tragediane. Berre sorg, ei stor, samlande sorg.

I staden for skaper vi eit gap mellom oss og dei, som blir stadig større. I ettertid av tragedien kunne fleire fortelje til Dagbladet at andre asylsøkjarar opplevde å bli hetsa i bygda.

Som om det var deira ansvar. Som om det er deira feil.
Det er ganske tragisk det òg, i grunnen.