Magasinett

Synsingar

Utskrift

Det hende i dei dagar, og slik er det framleis

Skrive av Marianne Granheim Trøyflat .

Palestinsk demonstrant framfor israelske soldatar ved Ni´lin. Foto: Wikipedia

Palestinarane er eit folk det er lett å vise solidaritet med. Sjølv når dei må bu i telt i eigen hage sit dei klar med kaffikanna og ledige stolar rundt bålet. 

 

Dette var oppsummeringa mi etter å ha vore på Vestbreidda i 2009. Det er fire år sidan no. Stundom blir eg flau når eg les ting eg har skrive for lenge sidan, og tenkjer at her var eg jammen ein veslevaksen betrevitar. Når det gjeld Palestina-saka, liknar ting faretrugande mykje på det eg ville sagt i dag.

Eg hugsar godt turen. Eg var med ein delegasjon frå Fellesutvalet for Palestina, på vegner av Senterungdomen. Etterpå skreiv eg om det i Senterungdomen sitt medlemsblad, Desentralist. Vi hadde mellom anna eit opphald i Ni´lin, og eg gjorde mine observasjonar:

Utanom å be, har innbyggjarane i landsbyen Ni´lin har brukt store delar av fredagen på å demonstrere. Som alle andre fredagar siste året. Opptøya såg ut til å vera ferdige for dagen, men så går det rykte om at israelske soldatar er på tur inn mot landsbyen. Eit fredsælt hjarte frå Noreg dunkar litt ekstra ved tanken på å gå verdas femte største militærmakt i møte. Men kringsett av fiendar, er det berre å gå inn i si tilmålte tid.

Vidare skreiv eg dette om Ni´lin:

Ni´lin ligg like ved den israelske delingsmuren. Landskapet er kupert og steinete utan særleg innslag av trevekst, og ein fire-fem meter høg betongmur føyer seg alt anna enn naturleg inn. Muren går også langt inn på det palestinske territoriet og Israel bryt dermed internasjonal rett. I tillegg har israelske busetjingar bite seg fast i mellom steinrøysene, faretruande nært muren. Dei utvidar seg år for år.

Palestinarane i Ni´lin er ikkje armerte. Men dei har evne til å samle mannskap og mobilisere raskt, og det er i seg sjølv eit mektig våpen. Nokre kastar stein. Det vart skote med skarp frå israelsk side denne dagen, og ein palestinar måtte fraktast vekk på båre med skade i foten. Bortsett frå det, gjekk det bra.

Det er heilt vilt at eg var med på dette. Kva verre er, tilstanden har ikkje vorte betre. Eg titta innom nettsidene til det kjempande folket i Ni´lin og rapportane var lite oppløftande. Israelske soldatar stormar stadig gater og hus i landsbyen (kan ikkje hugse det var slik da eg var der) og vilkårlege arrestasjonar skjer rett som det er. Mykje vart dokumentert med kamera, noko som førte til at butikkar med datautstyr var særleg utsette for innbrot. 

29.november var den årlege internasjonale solidaritetsdagen for det palestinske folket. I 1947 på denne dagen vedtok generalforsamlinga i FN å opprette staten Palestina. Men beskjeden er den same frå overalt. Israel held fram med okkupasjon og ulovlege busetjingar, stikk i strid med all internasjonal rett.  

Frå Jerusalem meldte eg følgjande i 2009:

Gruppa vår var innom eit telt i Aust-Jerusalem der gamle damer på åtti år sat rundt eit bål og hevda dei ikkje hadde andre stader å gå. Dei var nett kasta ut av huset dei hadde levd i sidan 1956. Når ein over fleire dagar har reist rundt i okkupert Palestina og møtt menneske på menneske, lagnad på lagnad og mur på mur, byrjar ting å flyte litt saman. Ein lurer på om ein ikkje må ta det heile med ei lita klype salt, og heller minne seg sjølv på at ein trass i alt er for gammal til å tru på eventyr. Men monster og dragar lever i beste velgåande. Eit par veker etter at vi kom heim, fekk vi sjå bilete av dei same menneska i Dagbladet. Etter ein dom frå israelsk Høgsterett hadde familien fått den endelege marsjordren, og israelske busetjarar var på full fart inn i huset.

Det er ikkje godt å vite kva ein skal gjera med slikt. Kan ein gjera noko som helst? Utanriksminister Børge Brende var nyleg i Israel. Da norske journalistar spurde om han hadde teke opp dei ulovleg busetjingane med israelske styresmakter, svara han svært unnvikande. Det ser altså ut til at vi kan gløyme regjeringa for ei stund.

Men ein skal ikkje gi opp fordi om ein ikkje har makta på si side. Og det er verkeleg noko vi kan lære av palestinarane, så er det det. Måten dei driv frigjeringsarbeid på, trur eg er nøkkelen til å forstå kvifor så mange nordmenn har brukt så mykje tid på nettopp denne konflikten. For å avslutte med mine eigne velvalte ord etter den utrulege reisa for fire år sidan:  

Situasjonen er rimeleg håplaus, men palestinarane ein enorm ståpåvilje. Og dei er svært opne, gjestfrie og ivrige etter å fortelja historia si til alle som vil høyre. Dei trur oppriktig at denne kampen kan kjempast med menneskeleg fornuft, folkestyre og evne til solidaritet. Dei er utruleg medvitne på den politiske situasjonen, og har inga interesse av å tigge, sjølv om det står aldri så dårleg til. Palestinarane er i det heile eit folk det er svært lett å stille seg på sida med, og trass eit fastlåst konfliktbilete kjennes det svært viktig å og riktig å stå på for saka deira. Det kunne like gjerne vore oss sjølve.