Magasinett

Synsingar

Utskrift

Audmjuke

Skrive av Mette Karlsvik .

 

Illustrasjonsfoto: Sarebear:)/Flickr/CC BY 2.0-lisens

Fordi eg slepp å vere politikar, kan eg dumme meg ut utan at det kjem i avisa.

 

Torbjørn Røe Isaksen opnar døra til heimen sin på Porsgrunn, byr på sterk kaffi, og fortel om skulevegen på Stridsklev, om den rustne kniven som han redda kompisen sin frå, og då han fekk bestekompisen til å grine. Eg kalla teikninga til bestekompisen min stygg, seier Torbjørn då, ja, eg er på fornamn med Kunnskapsministeren, som framleis hugsar at han såra kompisen, som barn. Han slepp meg opp til loftet, der Donald-permar stikk fram frå under ei gardin, til stova, der stortingsproposisjonar ligg i bladkorga. Openheit, heilt til intervjuet er ferdig, eg sitt i bilen, og finn ein SMS frå oppdragsgjevar: Korleis gjekk det hos Isaksen?

Eg kjem i hug ein SMS frå Torbjørn. Den mest overraskande SMSen eg fekk hausten 2011. Stortingsrepresentanten hadde kjøpt ei bok som eg hadde skrive, til kona, og lurte på om eg ville signere den: Til fruen, frå forfattaren. Utruleg triveleg. Og det mest trivelege var å treffe T og signere. Forfattar sjølv, Torbjørn, og forfattarar sin ven. Var det slik i Noreg at vi røysta på einskilde politikarar, då kunne han ha fått røysta mi. Røysta frå ein sosialdemokrat, skulle han fått.

Jau, det gjekk kjempebra, tenkjer eg, startar bilen. Det var kjempetriveleg, tenkjer eg. Før eg skjønner kva oppdragsgjevaren meiner: Om eg gjorde ein god jobb som journalist? Om eg hadde journalistisk integritet, om eg var profesjonell, og kjem attende med objektive, etterprøvbare fakta? Føler meg dum. Det gjeld å vere skarp, no, til oppdragsgjevar. Skriv: Dette blir ei vanskeleg sak å lage. Isaksen er for hyggeleg, skriv eg: Han blir likt overalt, skriv eg. Og er skarp, har integritet, tenkjer eg, og synest det er godt sagt. Sender SMSen. Sender han feil. Sender han til Torbjørn Røe Isaksen.

Køyrer utfor stupet, ligg flat, på botnen, og gispar, og begynner å kjenne på alt. Mest av alt kjenner eg meg falsk. Og kanskje er eg det også. Faget mitt er kunst, det kunstige, gestalta. Ikkje politikk. Av alt som politikaren må vere god til, er det å kjenne seg sjølv viktig. Og vere dette. Vere truverdig, og meine det ein seier. Slik, her ligg eg, flat. Og skriv ein ny SMS til Røe Isaksen. Ber om tilgiving, seier at eg håpar at han kan fortsetje å prate med meg, at det ikkje skal bli stilt etter dette.

Det blir ikkje stilt. Berre minuttet seinare kjem melding frå Røe Isaksen. Ei vennleg melding. Ei som gir meg ork til å reise meg, køyre vidare. Eg raudnar, men eg held fram. Eg kan jo halde fram. Eg er jo ikkje politikar. Ingen andre enn Isaksen og eg treng å vite at eg har dumma meg ut. Likevel deler eg historia. Her er ein moral, som den at ein god journalist har få venner. Moralen er at den som prøver å få i pose og sekk, som vil vere både journalist og venn, kan miste både ekstrainntekta og vennen.

Så ja, korleis gjekk det hos Kunnskapsministeren? Eg lærte både dette og hint. At det gjeld å by på seg sjølv. Om det passar seg slik. Om å skjønne kva som passar seg. Og om ein ikkje skjønner situasjonen heilt, så er også det ein form for kunnskap.