Magasinett

Synsingar

Utskrift

Jenter som flyg

Skrive av Kristin Fridtun .

Johanne Kolstad deltok i det første ordinære skirennet sitt i 1931. Foto: Anne Marie Aastad Bråten

I januar 1863 deltok 16-åringen Ingrid Olsdatter Vestby i eit hopprenn i Trysil. Ho er den fyrste skihoppande kvinna me kjenner til i heile verda. I over 150 år har jenter hoppa på ski, men dei har ikkje fått delta i OL, ikkje før no, i år 2014. Skihopping er skadeleg for livmora, sa mannen, og der stod saka fast – lenge.

 

Me spolar oss tilbake til 6. april 2011: Den internasjonale olympiske komité kunngjer at kvinnelege skihopparar får delta i dei 22. olympiske vinterleikane, i Sotsji i Russland, i februar 2014. Dette er forresten den einaste gongen eg nyttar omgrepet kvinnelege skihopparar i denne artikkelen, heretter heiter det (ski)hopparar og mannlege (ski)hopparar. Men tilbake til 6. april 2011: Utøvarane vert hoppande glade, sjølvsagt, dei ropar og ler og græt og veit ikkje kvar dei skal gjera av seg. Det som for nokre få år sidan var lite anna enn ein draum, eit fjernt mål som låg bakom høge murar av fordomar, fåkunne, vrangvilje, påstandar om at jentene ikkje er gode nok, at det ikkje er mange nok som er skikkeleg gode, at nivået er for ujamt, at det er farleg å sleppa dei utfor – dette målet var endeleg nådd, draumen vart røynd.

Kvifor tok det så uhorveleg lang tid? Hopparane sjølve legg gjerne skulda på gubbeveldet i dei ulike organisasjonane, forbunda, komiteane. Det er nok ikkje heilt gale, som me snart skal sjå. Men lat oss fyrst granska påstandane eg rekna opp ovanfor. Då ser me at nokre av dei er heilt borti natta, og nokre er til ein viss grad rimelege – men dei skurrar likevel.

For ja, nivået har vore ujamt, og lenge var det få som hoppa retteleg godt. Eg såg det sjølv, då eg var aktiv og deltok i internasjonale renn frå 2002 til 2005. Som regel var det sju-åtte jenter som hoppa steike langt og steike pent, men dei fleste landa mykje lengre opp i bakken (det gjorde eg), og nokre få dreiv med såkalla kråkehopp, altså flaksing og kaving og uryddig skiføring. Alle fekk hoppa begge omgangane, og det var ikkje spesielt vanskeleg å koma med på landslaget. Dersom du torde å hoppa i ein 90-metersbakke, kunne du vera med.

Men det er nokre år sidan no. På stutt tid har nivået vorte så mykje høgare at det mestsom er ein annan idrett. Og det er ikkje berre dei beste som hoppar betre, alle gjer det. Resultata er jamnare enn nokon gong, dessutan har fleire nasjonar kome til, og det er godt tilsig av unge, sterke hopparar. Éi tenkjeleg årsak til denne veldige framgangen er all (medie)merksemda som dei eldre hopparane – til dømes Anette Sagen – har sytt for. Di meir kjend idretten er, di større er sjansen for at nokon byrjar med han. Om unge jenter trur at berre gutar og menn får hoppa i store meisterskap og store bakkar, misser dei radt motivasjonen til å halda fram. Difor meinte ein del av hopparane at det var bakvendt å ikkje opna for OL-deltaking før nivået var høgare og jamnare. Dei hevda at dersom målet var å rekruttera nye og talentfulle hopparar, var OL-deltaking det beste middelet.

Johannes Kolstad. Foto: Anne Marie Aastad BråtenNo gjekk det vegen likevel, så just den striden skal liggja her. Lat oss heller gå til kjernen i saka, til det som skurrar. Det store problemet med argumentet «nivået er ikkje høgt nok / jamt nok» er at det sannsynlegvis har vore brukt til å dekkja over noko anna og langt verre, altså ein slags avleiingsmanøver som skulle få motstanden mot OL-deltaking til å verka mindre smaklaus og bakstreversk. For:

Ned gjennom tidene har det kome ei rad forklaringar og utgreiingar om kvifor kvinnfolk ikkje bør hoppa på ski. På slutten av 1800-talet heitte det at skihopping – og all annan skiidrett, sjølvsagt – var ukvinneleg, det var beint fram stygt å sjå på. Det er òg ei velkjend sak at skihopping er farleg for kvinner, for dei kan detta og slå seg, må vita! På 1930-talet ville Johanne Kolstad og Hilda «Nusse» Braskerud hoppa i Holmenkollen, men det vart ikkje noko av, fordi det kom til å øydeleggja inntrykket folk hadde av Holmenkollen: Bakken ville ikkje verka så stor og krevjande dersom to tenåringsjenter hoppa der, sa karane. Litt seinare vart medisinske årsaker dregne fram: Mektige herrar hevda at livmora er så sart at ho kan ta skade av denne idretten. Ja, godtfolk, dei meinte at kvinner kan bli sterile av å hoppa på ski.

No skulle me tru at slike påstandar høyrer fortida til. Men nei, så seint som i 2006 sa presidenten i Det internasjonale skiforbundet (FIS), ein godt vaksen kar med mykje makt og mynd, at skihopping er uheldig for kvinner «from a medical point of view». Den amerikanske storhopparen Lindsey Van kommenterte utsegna frå FIS-presidenten slik: «Orsak, men mine reproduktive organ ligg inni kroppen. Menn har organet utanpå. Så det er altså ikkje trygt for meg å hoppa, livmora mi kjem visst til å detta ut. Kva då med organet som er utanpå kroppen?»

Alle desse meir eller mindre kreative motargumenta peikar i éi retning: Mannfolka vil ikkje ha kvinnfolk i hoppbakken. Det er opplagt, men dei vågar ikkje seia det beint ut, så dei ror og ror, fløkjer det til for seg. Er det farleg for kvinner å hoppa? Skihopping er ikkje rekna som ein særskilt farleg idrett i dag, det var verre før. Til no er det berre menn som har dauda av skihopping, truleg fordi det berre er dei som har fått lov til å hoppa i dei store bakkane – skihopp er nemleg ikkje farleg for menn. Eller jo, det er just dét det er! Skihopp er ein vågeleg idrett som krev mot og råskap og kroppskontroll og mental styrke, det er ein idrett for skikkelege menn! Dersom ungjentene kjem og hevdar seg i bakken, er det ikkje noko stas lenger. Ja – der har me det: Jenter i bakken krenkjer manndomen. Men det er flautt å seia, så då kliner karane til med det eldgamle trikset som mannfolk har nytta med hell tidlegare: livmora, livmora, livmora. Ho er så sart og omskifteleg, stakkar, no må de gå heim og passa livmora dykkar, jenter.

Ah, det var godt med ei utblåsing! Men før nokon skuldar meg for å hata mannfolk: Det er ikkje mange menn som er fiendsleg innstilt til kvinner i hoppbakken, sjølv har eg ikkje møtt ein einaste ein. Dei gutane og karane eg trefte i bakken, hadde ingenting imot at eg var der. Gutehopparar, fedrar til gutehopparar, trenarar, bakkemannskap, rennarrangørar – dei tykte det var gjævt med jenter i bakken. Støtt kom dei med oppmuntrande ord og tok oss alvorleg. Dei skal ha stor takk!

Med andre ord er det ingenting i vegen med grasrota i hoppmiljøet. Det er dei som er komne høgt på strå som øydelegg moroa, dei som har maktstillingar i organisasjonar og styre og stell. Nokre av dei framstegsvenlege, andre tviheld i bremsen – ofte er dei tilårskomne menn som ikkje akkurat har forlese seg på feministisk teori. Det er no greitt nok, men litt mindre trongsyn hadde hjelpt mykje. Blant hopparane var «pampane i FIS» særskilt upopulære, det gjekk snautt ei treningssamling utan at dei vart kritiserte i sterke ordelag. Men litt ros skal pampane ha: Dei har omsider fått rauva i gir! 

No kan hopparane delta i VM og OL, og dei har fått ein skikkeleg verdscup der dei hoppar i skikkelege bakkar og attpåtil kjem på TV. Rett nok må dei halda seg til 90-metersbakkar, for 120-metersbakkar og skiflygingsbakkar er det berre mannlege hopparar som konkurrerer i. Men det kjem nok, hopparane har fleire gonger fått løyve til å tevla i Holmenkollen (K120). Skiflyging dryger det nok lenger med, men om ei stund kjem dei til å hoppa i «mammutbakkane» òg. Ingen skal seia at kvinnfolk ikkje kan hoppa langt: For drygt ti år sidan hoppa austerrikske Daniela Iraschko-Stolz 200 meter i skiflygingsbakken i Kulm.

Med andre ord: Det nyttar å slåst. Eg kan ikkje gjera anna enn å bøya meg i snøen og ovundra hopparane som har halde på år etter år, som ikkje har gjeve seg jamvel om dei har fått slag etter slag i trynet. Desse «veteranane», desse seige, urikkelege hopparane som har kjempa for sporten i over 15 år og brøytt veg for yngre jenter – det hadde vore gjævt om dei alle fekk vera med i OL. Ja, det skulle ha vore ein eigen veterankvote! Men det er uprofesjonelt å basera eit laguttak på «trufast tenest», i seriøs idrett er det resultata som tel. Dermed ser det ut til at Anette Sagen (29), som utan tvil er ei av dei som har gjort mest for sporten dei siste ti åra, ikkje kjem med: Ho har ikkje hoppa godt nok så langt i sesongen. Det er sårt, tykkjer eg, men dei strenge uttakskrava er ei fylgje av at idretten er vorten seriøs og skikkeleg. Og det var jo det dei ville, hopparane. Men når det er sagt: Dei OL-klare utøvarane Line Jahr (30) og Helena Olsson Smeby (30) er òg gamle ringrevar som kan klinka til og flyga langt.

Måtte den beste vinna!